12,5 millionar til forsking på nye klimaløysingar
Betre utnytting av restråstoff frå lakseproduksjon, digitalt berekraftsbarometer til forvalting av bygg og klimabudsjett for lokale og regionale klimamål. Dette er noko av forskinga som no får støtte frå Regionalt forskingsfond Vestland.
Til saman gir fondet støtte til fem nye prosjekt i regi av bedrifter, kommunar og forskingsorganisasjonar i Vestland. Forskinga skal få fram nye løysingar på klimautfordringar og det grøne skiftet. Fondet set også i gong fem nye forprosjekt på viktige tema for næringslivet i Vestland.
Regionalt forskingsfond Vestland (RFF Vestland) inviterte i haust bedrifter, kommunar og forskingsorganisasjonar i fylket til å søkje om støtte til fleirårige forskingsprosjekt.
- Vi er svært nøgde med søknadane som har kome inn og ikkje minst dei prosjekta som no får pengar til å sette i gong, seier Jon Askeland, styreleiar for forskingsfondet og fylkesordførar i Vestland.
Betre utnytting av restråstoff frå oppdrettslaks
Eit av prosjekta som får støtte, er Biomega AS som har bioraffineri på Sotra i Øygarden kommune. Selskapet får 2,1 millionar kroner i støtte til eit prosjekt for å nytte større del av restråstoff frå produksjon av oppdrettslaks til matkonsum i staden for til dyrefôr. Biomega AS hentar fersk råstoff frå fleire leverandørar i Vestland til sin produksjon av lakseolje og lakseprotein. Prosjektet handlar om å identifisere beste metode for å ivareta kjøling av råstoff, konservering av råstoff og bruk av rett antioksidant til råstoffet.
Selskapet skal samarbeide med to råstoffleverandørar og forskingsinstituttet NOFIMA.
- Biomega AS har lenge vore ein drivar innan sitt fagområde og nyttar forsking som verktøy i sitt utviklingsarbeid. Det er gledeleg at fondet kan finansiere meir forsking som kan bidra til auka berekraft i lakseproduksjonen og sirkulærøkonomien i fylket vårt, seier Askeland.
Digitalt berekraftsbarometer til forvalting av bygg
Eigedomsteknologiklynga Proptech Innovation jobbar for auka innovasjon og verdiskaping innanfor bygg-, anlegg- og eigedomsbransjen. Dei får 1,5 millionar i støtte til eit forskingsprosjekt som skal vidareutvikle eit digitalt berekraftsbarometer for eksisterande bygg. Berekraftig forvaltning av bygg kan bli mykje betre gjennom bruk av mellom anna sensorikk, automatisering av klimastyring og brukarorienterte grep. Forskingsprosjektet skal resultere i modellar for analyse av bygg og anbefaling om kva tiltak som kan gi best effekt. Proptech-klynga har 83 medlem og samarbeider i prosjektet med forskarar frå NORCE.
- Eg blir glad når ein av våre nyare bedriftsklynger tek aktivt tak i dei store utfordringane som ikkje kan løysast av ei bedrift åleine, og samstundes søkjer ny kunnskap gjennom samarbeid med forskarar. Meir berekraftig byggforvalting vil gje viktige bidrag til å redusere klimaavtrykket i urbane miljø, seier Askeland.
Skal utvikle verktøy for klimatilpassing av bygg og infrastruktur
Osterøy kommune tek leiarskap i eit prosjekt som får 3 millionar i støtte. Kommunane treng verktøy for å kartlegge kor sårbare dei er for klimaendringar og ekstremvêr. Prosjektet skal utvikle indikatorar for klimatilpassing av bygg og infrastruktur i kommunar. Indikatorane skal mellom anna seie noko om økonomisk kost-nytte av ulike klimatiltak. Ambisjonen er at kommunane skal få verktøy til å kartlegge sårbarheit, og utvikle mål, strategiar og handlingsplanar.
Fitjar, Kinn, Kvam, Luster, Lærdal, Sogndal, Voss og Trondheim kommune deltek i prosjektet, saman med Vestland fylkeskommune. Sintef og Vestlandsforsking er forskingspartnarar.
- Forskinga kan legge til rette for at kommunane i større grad kan løyse regionale og lokale utfordringar med klimatilpassing. Verktøya som vert utvikla i prosjektet, vil tilpassast vestnorske utfordringar, men dei vil også vere relevante for alle kommunar, seier Askeland.
Klimabudsjett 2.0
Vestlandsforsking og Universitetet i Bergen får 3 millionar. Prosjektet skal utvikle eit nytt verktøy for klimabudsjettering. Dette skal hjelpe kommunane til å sette lokale og regionale klimamål i tråd med dei internasjonale klimaforpliktingane. Vestland fylkeskommune og Sogndal kommune er med i prosjektet. Forskarane vil jobbe tett med lokale aktørar som folkevalde, kommuneadministrasjon, innbyggarar og næringsliv for å finne fram til tiltak retta mot forbruk og produksjon. Målet er at verktøya som vert utvikla i prosjektet skal vere opent tilgjengelege, og at fleire fylke og kommunar i Noreg kan ta det i bruk.
- Gjennom prosjektet kan vi i Vestland bygge opp viktig kompetanse og styrke kommunane sitt leiarskap i naudsynt klimaomstilling og tilpassing. Vi har mykje vêr i fylket vårt. Prosjektet vil kunne gi ny kunnskap som andre kommunar i Noreg vil ha svært god nytte av, seier Askeland.
Universitet og høgskular kan få sentral rolle i berekraftig næringsutvikling
Universitet og høgskuler spelar allereie i dag ei viktig rolle for næringsutvikling i fylket. Høgskulen på Vestlandet får nær 3 millionar for å finne ut korleis universitet og høgskular kan spele ei sterkare rolle i utviklinga av smart og berekraftig næringsutvikling i Vestland. Dette skal skje gjennom utdanning, forsking og innovasjonsaktivtetar. Sentralt i prosjektet er utvikling av strategiar for smart spesialisering, som skal styrke samarbeid mellom forsking, industri og næringsliv, Vestland fylkeskommune og andre i eit breitt partnarskap.
- Det er særs positivt å få fram meir kunnskap om universitets- og høgskulesektoren si rolle i arbeidet med berekraftig næringsutvikling. Meir samarbeid må til om vi skal nå dei felles måla våre om grønt skifte, null utslepp og ei berekraftig utvikling i fylket, seier Askeland.
Midlar til fem forprosjekt
RFF Vestland har og lyst ut 9 mill. kroner til forprosjekt, som bedrifter, kommunar og forskingsorganisasjonar kan søkje på. Forprosjekta skal medverke til å utvikle eit større forskings- og utviklingsprosjekt, som på sikt kan bidra til innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv eller kommunal sektor i Vestland. Det er framleis mogleg å søkje.
Desse forprosjekta får 500.00 kr. kvar i støtte:
- Mineral quantification with advanced imaging and processing (ARCTIC MINERAL RESOURCES AS)
- Qualification of process for direct electrochemical removal of ammonia in Recirculated Aquaculture Systems (RAS) (ALLIANSE INNOVASJON AS)
- TiO2-CNF: A nanocomposite for fast-charging Li-ion batteries (TioTech AS)
- Rask innfrysing av fisk, med lavt energiforbruk, vha innovative kuldemaskiner med høy ytelse ved ultralave temperaturer (ENERIN AS)
- Optimalisering av Kvalitet hos kveite (Sogn Aqua AS)
Sjå meir informasjon om forprosjekta på RFF Vestland sine nettsider