– Vestland har alt batterifabrikken treng

– Vi har areal, vatn og vasskraft, og menneske med kunnskap og evne til å løfte i lag. Denne fabrikken skal vil ha hos oss, seier fylkesordførar Jon Askeland. Dei tre industrigigantane Hydro, Equinor og Panasonic skal bygge ein batterifabrikk i Noreg med 2000 arbeidsplassar.

STORSATSING: Vestland kan få ein batterifabrikk på 200 000 kvadratmeter og med 2000 tilsette.
STORSATSING: Vestland kan få ein batterifabrikk på 200 000 kvadratmeter og med 2000 tilsette.

Frå Vestland har 12 kommunar levert tilbod. Fylkeskommunen har bistått med prospekt for nettopp å vise kor godt Vestland fylke egnar seg for fabrikken.

Dei tre selskapa har danna eit konsortium som skal bygge og drifte den enorme batterifabrikken som i startfasen har behov for eit areal på heile 400 mål, med høve for utviding til 1000 mål. Konsortiet har lyst ut planane og bede om at aktuelle aktørar frå hele Noreg melder interesse innan 28. januar. 

Beste vertskap 

– I lag med dyktige kommunar har vi hatt eit spennande samarbeid og laga eit prospekt som viser kva vi kan tilby. Vi vil vise kvifor Vestland fylke er det beste vertskapet for battericelleproduksjon i verdsklasse. Vestland er det største kraft- og eksportfylket i landet med lang industrihistorie. Vi er ein regional utviklingsaktør med krevjande framtidsmål. Vi skal bli eit nullutsleppsfylke, og vi skal utvikle den leiande verdiskapingsregionen i landet, seier Askeland.  

God på store industriløft 

Fylkesordføraren viser til at Vestland er svært god på kraftkrevjande industrireising, metallurgisk produksjon for verdsmarknaden og samspel om store industriløft i oljesektoren.  

– Dette skal vi utvikle vidare gjennom samarbeid med våre framifrå kunnskapsmiljø, eit mangfaldig og ambisiøst næringsliv og politikarar med kunnskap og kultur for å ta avgjersler som sikrar gode løysingar for oss alle. Vi skal bli episenteret for det grøne skiftet, seier fylkesordførar Jon Askeland.  

12 interesserte kommunar 

Dei 12 kommunane i Vestland som har meldt interesse for batterifabrikken er: Alver/Austrheim, Askøy, Bjørnafjorden, Bremanger, Gulen/Masfjorden, Kinn, Kvinnherad, Sunnfjord, Voss og Øygarden. I nokre av kommunane er det private grunneigarar som søkjer saman med kommunen.

Hydro, Equinor og Panasonic har stilt tre hovudkrav for plassering av batterifabrikken:

Plass: 

Industritomta må vera på 400 mål med høve til å utvida til 1000 mål. Bygningane blir på rundt 200.000 kvadratmeter med ein høgde på 20 meter.  

Kraft:

100 MW i første fase, med høve til dobling.

Folk:

Driftsbemanning på om lag 2000 personar direkte tilsette i første fase, for det meste faglærte operatørar og personell med høgskule/universitetsutdanning.  

Andre krav er behov for mykje kjølevatn, gode vegar og nærleik til flyplass.  

Tre kandidatar til finale

– I arbeidet med å lage prospektet har vi tatt rolla vår som regional utviklingsaktør for å vise kvifor batterifabrikken skal bli lagt til fylket. Vi har hatt eit interessant og spanande samarbeid med kommunane, men det er kommunane sjølv som utarbeider sine tilbod. Bidraget vårt supplerer tilboda dei leverer. No kryssar vi fingrane for at det går vegen for Vestland, og at vi får batterifabrikken til fylket, seier fylkesordførar Jon Askeland, som er imponert over kvaliteten på tilboda frå dei aktuelle kommunane i fylket.

Byggeklar i 2023

Hydro, Equinor og Panasonic skal no utføre eit forstudium. Det skal munne ut i tre aktuelle kandidatar som går til finale. Planen er at tomta skal vere byggeklar i 2023, med produksjonsstart i 2025.