Vestland må få ein større del av midlane i NTP
Vestland fylke har store og svært ulike utfordringar innan samferdsle, og får for liten del av midlane i NTP. Dette var fylkesutvalet einige om då dei i dag drøfta fylket sine prioriteringar til Nasjonal transportplan 2022-2033.
Fylkestinget i Vestland skal gje endeleg innspel til prioriteringane i Nasjonal transportplan 2022-2033 (NTP) 12. mai i år.
Store uløyste utfordringar
Fylkespolitikarane hadde ein brei og grundig diskusjon både om prioriteringane på konkrete prosjekt og tiltak i fylket, samt langsiktige satsingar mot 2033.
– Vi må kunne sikre trygge, effektive og miljøvenlege samferdsleløysingar i det mangfaldige fylket vårt, og vi ser ei skeivfordeling i NTP i høve Vestland sine behov, seier fylkesordførar og leiar i fylkesutvalet Jon Askeland. – Sentrale deler av landet får dekka svært mykje av kollektivtransporten sin av staten gjennom satsing på jernbane, og nye prosjekt gjennom Nye vegar AS. Vestland fylke får inga slike prosjekt, og i Bergensområdet må det meste av kollektivtrafikken finansierast av fylkeskommunen.
– Utfordringane er svært store, vi har t.d. mange fylkesvegar med rasfare, og vi meiner at liv og helse må prioriterast først. Eit trygt transportnett bidreg til utvikling i heile fylket, seier Askeland.
E39 og Stadt skipstunnel
Fylkesutvalet løfta og fram enkeltprosjekt som E16 Vossebana, og Stadt skipstunnel som må sjåast på som så viktig at det reknast som bunden prosjekt, i likskap med andre prosjekt som er under oppstart.
Det vart ein engasjert debatt rundt E39 gjennom fylket. Fylkesutvalet meiner at strekningane mellom fjordkryssingane på E39 må prioriterast, samt fleire ferjeavgangar.
– E39 må prioriterast som hovudferdselsåre for å binde saman og utvikle fylket. På sikt vil vi at strekninga skal bli ferjefri, men no hastar det med å få trygge vegar med gul midtstripe, seier Askeland.
Fylkesutvalet løfta også fram kortbanenettet med fly i fylket, og ynskjer at Vestland skal vere pilotfylke for elektrifisering innan luftfarten.
Brei involvering
Innspel og synspunkt frå heile fylket har vore viktig i fylkeskommunen sitt arbeidet med innspelet til NTP. Saka var på høyring i dei to fylka Sogn og Fjordane og Hordaland våren 2019. Kommunar, næringsliv, interesseorganisasjonar og andre har komme med sine innspel til prioriteringane i ei rekke dialogmøte kring om i fylket vinteren 2020, og engasjementet har vore stort.
– Involveringa og høyringsfråsegnene viser tydeleg det omfattande og uløyste behovet innbyggarane opplever innan samferdsle, seier Askeland.
Saka vidare til fylkestinget
Partia og fylkespolitikarane vil no fortsette diskusjonane fram mot ei endeleg høyringsfråsegn i fylkestinget 12. mai.
Fylkesutvalet vedtok med 10 mot 7 stemmer eit framlegg frå samarbeidspartia Sp, A, Sv, V, KrF, og MDG i saka, som går vidare til handsaming i fylkestinget. H og Frp hadde eit eige framlegg, medan FNB primært støtta fylkesrådmannen si innstilling.
Framlegga viste semje om mykje, men også skarpe skiljer. Debatten viste likevel vilje til å arbeida vidare med breiare forlik.
– Vi er samde om at langt meir av samferdslemidlane må gå til Vestland fylke, for vi har store utfordringar å løysa, og vi er eksportfylke nr 1. Samferdsle er viktig for å styrkje arbeidsplassar og busetnad i heile fylket, seier fylkesordførar Jon Askeland, som ser fram til debatten og den endelege avgjerda i fylkestinget 12. mai.
Fylkestinget handsamar saka i møte 12. mai.
Sjå framlegget frå samarbeidspartia, Sp, MDG, A, V, SV og KrF