Startskot for Ytre Steinsund bru
Fylkestinget stadfesta 16. desember at arbeidet med prosjektet Ytre Steinsund bru i Solund kan starte opp i 2021, finansiert med ferjeavløysingsmidlar.
Finansieringa kom på plass då kommunal- og moderniseringsdepartementet fastsette årleg beløp med ferjeavløysingsmidlar og utbetalingsperiode for prosjektet i november 2020.
Etterlengta prosjekt
– Det er ekstra kjekt å kunne gje startskot for dette prosjektet når ein veit kor etterlengta det har vore, seier fylkesordførar Jon Askeland. – Ytre Steinsund bru er eit stort veg- og bruprosjekt i Vestland fylke, og viktig for øyfolket i vår vestlegaste kommune.
Med bru over Ytre Steinsund på fylkesveg 606 får innbyggarane eit fast og døgnope samband til kommunesenteret Hardbakke i Solund kommune. Brua erstattar ferjesambandet Daløy-Haldorsneset. I dag er innbyggarane avhengige av to ferjer for å nå fastlandet.
Med klarsignal for oppstart frå fylkestinget i Vestland, kan prosjektet lysast ut på anbod neste år. Først med bygging av ny fylkesveg før arbeidet med brua tek til.
Må kontrollreknast
Det var i 2017 at Sogn og Fjordane fylkeskommune søkte om ferjeavløysingsmidlar for prosjektet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet fastsette i november 2020 årleg beløp med ferjeavløysingsmidlar på 21 446 000 kroner (2020-kroner) til prosjektet, over ein utbetalingsperiode på 22 år.
Samstundes med at anbodsarbeidet no tek til våren 2021 skal det gjerast ei ekstern kvalitetssikring av dei totale kostnadane. Dette må gjerast for å sikre at prosjektet kan realiserast innanfor kostnadsramma på 775 millionar kroner, som er grunnlaget for dei tildelte ferjeavløysingsmidlane. Om kvalitetskontrollen syner dette, kan fylkesutvalet godkjenne byggestart i prosjektet.
Etter planen skal prosjektet delast i to, ei kontrakt for vegsamband og ei kontrakt på brubygginga. Samla sett reknar ein med tre til fire års byggetid, og prosjektet kan vere ferdig i 2024.