Stad Kystbygg skal byggje 35 dagsturhytter
Eit ungt firma på Stadlandet har vunne anbodskonkurransen om bygging av 35 dagsturhytter i tidlegare Hordaland. Dei første hyttene skal stå ferdige i september i år.
Dagsturhyttene vart straks ein stor suksess då Sogn og Fjordane fylkeskommune starta prosjektet med ei hytte i kvar kommune. Over 300 000 personar har så langt besøkt dei 26 hyttene, og no skal Hordalands-delen av fylket få 35 tilsvarande hytter.
Jamn anbodskonkurranse
– Anbodskonkurransen var jamn heilt fram til målstreken. Vi har evaluert både tilbydd kompetanse, framdriftsplan, logistikkløysing og pris, og vi er sikre på at Stad Kystbygg AS vil levere både god kvalitet og god framdrift på denne kontrakten til ein verdi på over 30 millionar kroner. No går det fort framover, og det vert ei sann glede å vidareføre suksessen i heile Vestland, seier prosjektleiar og initiativtakar til hytteprosjektet, Atle Skrede i Vestland fylkeskommune.
To firma deltok i anbodskonkurransen, og Stad Kystbygg i Nordfjord og Reknes Byggjevarer i Masfjorden konkurrerte om oppdraget. Reknes leverte dei 26 første hyttene, medan Stad Kystbygg no altså skal levere dei neste 35. Vedtaket om å tildele kontrakten til Stad Kystbygg har ei karenstid på fem dagar og kan klagast på før 10. mai.
Stor dag på Stad
I lokala til Stad Kystbygg, eit ungt byggefirmaet med 15 tilsette, stod jubelen i taket då meldinga om byggeoppdraget på 35 dagsturhytter kom.
– Dette er ein stor dag for oss. Det er kort og godt fantastisk. Vi la mykje arbeid i denne konkurransen, då vi tidlegare har prøvd å spesialisere oss innanfor elementbygging. No skal dagsturhyttene byggjast i modular, og det er mykje same måte å levere på som vi har spesialisert oss på før, seier dagleg leiar Raymond Myren.
Hyttene skal byggjast inne i produksjonshallen på Leikanger på Stadlandet, og planen er å skipe hyttene sørover skipsleia når dei tre første hyttene er klare. Stad Kystbygg skal stå for både sjølve bygging, transport ut til kommunane og helikopterflying av hyttedelane til tomtene der hyttene skal monterast.
Alver først ut
Planen er å ha på plass 13 dagsturhytter før nyttår i år. Den første hytta skal byggast og godkjennast i mai, og Alver vert første kommune ut i denne runden. Kommunen skal ha heile tre dagsturhytter, som alle skal monterast i september. Deretter skal hyttene i Masfjorden, Fedje og Austrheim på plass.
Dagsturhytteprosjektet er eit viktig bidrag til fylkeskommunen sitt mål om at alle i fylket skal ha moglegheit til å vere fysisk aktive kvar dag. Leiar for styringsgruppa i prosjektet, Alexander Fosse Andersen (Sp) gler seg til å rulle ut prosjektet i heile fylket.
– Vi har eit sterkt ønske om å få fleire i fysisk aktivitet, noko som er viktig for folkehelsa. Dagsturhyttene i Sogn og Fjordane er ein suksess i så måte. Dei er gode turmål og møteplassar, og bidreg til at fleire i alle aldrar kjem seg ut på tur. Difor er det heilt naturleg å vidareføre dette prosjektet i resten av Vestland, seier Andersen.
Rosar kommunane
Også Per Morten Ekerhovd, som er fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering, framhevar folkehelseperspektivet i
prosjektet. Han understrekar i tillegg at kommunane er veldig viktige brikker.
– Dagsturhytter i kvar kommune i Vestland er eit svært godt tiltak som underbygger visjonen fysisk aktivitet kvar dag. Dagsturhyttene kan også styrke vestlandsidentiteten i alle dei 43 kommunane i fylket, der natur og naturopplevingar har vore viktig i både næring og rekreasjon gjennom fleire generasjonar. Vi må også nytte høvet til å rose kommunane for raskt og godt arbeid og politisk einigheit om dette prosjektet, seier Ekerhovd.
Hyttene har blitt til gjennom eit samarbeid mellom fylkeskommunen, stiftinga i Sparebanken Sogn og Fjordane, dei aktuelle kommunane og spelemidlane til Norsk Tipping.