Frå 13. desember kan du reise med Skyss-billettar mellom Bergen og Voss (Vossebanen)
Billettsamarbeidet mellom Skyss og Vy blir utvida frå og med 13. desember 2020. Samarbeidet inneber at Skyssbillettar er gyldige på lokaltog til Arna og Voss, Vossebanen.
- Denne avtalen gjer det enklare å reise mellom Voss og Bergen, og Arna og Bergen. Eg håpar det gjer det endå meir attraktivt å velje kollektivt, framfor bilen, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Utvida takstsamarbeid
Skyss og Vy har sidan 2017 hatt billettsamarbeid om periodebillettar på lokaltog til Arna, no blir altså samarbeidet utvida til også å gjelde enkeltbillettar og 24-timersbillettar til Arna, og periodebillettar til Voss.
Frå 13. desember 2020 kan ein nytte følgjande Skyssbillettar på tog:
- Enkeltbillettar og 24-timersbillettar mellom Bergen og Arna/Trengereid.
- 7-, 30- og 180-dagars periodebillettar på heile strekninga mellom Bergen og Voss. Dette tyder at dagens kombinasjonsbillettar buss/tog blir avvikla.
- 30-dagers ungdomsbillett mellom Bergen og Vieren.
Billettane ikkje gjeld på fjerntog (toget mellom Bergen og Oslo)
Billettane gjeld òg ved overgang til buss og bybane
Billettane kan kjøpast både i Skyss og Vy sine kanalar, og gjeld vidare ved overgang til buss, bybane og Askøybåten.
– Vi er veldig glad for denne avtalen. Mange er avhengige av å kombinere fleire reisemåtar, og med éin billett for både buss, bybane og tog blir dette lettare frå 13. desember, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss.
Styrka samarbeid
Bakgrunnen for avtalen er eit felles ønske om å gjere det enklare å reise kollektivt.
Gjennom jernbanereforma og konkurranseutsettinga av toget ønsker Jernbanedirektoratet å styrke samarbeidet mellom staten og fylkeskommunane/kollektivselskapa slik at dei reisande vil oppleve eit mest mogleg samanhengande transporttilbod med gjennomgåande billettar der dette er mogleg og ønskeleg.
- Vi er svært glade for dette samarbeidet, seier Yvonne Torgersen Hetlevik, direktør i Vy tog Vest. Dette er eit viktig steg på vegen til å gjera det endå meir lønnsamt å reisa miljøvennleg, samtidig som billettkjøpet blir enklare og meir oversiktleg for reisande lokalt i regionen.
For meir informasjon sjå www.skyss.no