Scenariorapport: Slik vinn vi kampen om den grøne leiartrøya
Prioriterer vi feil, tapar vi konkurransekrafta i eksportnæringane. Prioriterer vi rett, brukar vi kompetansen vår til å styrke det vi allereie er gode på og utviklar nye berekraftige verdikjeder.
Det viser den nye scenariorapporten for næringslivet i Vestland etter Covid19 som blei lansert i Bergen i dag. Men for å få til dette må vi handle raskt.
– Scenarioanalysen er eit godt grunnlag for å lage eit vegkart for korleis vi saman kan utvikle Vestland til Noreg, og verdas, fremste region innan berekraftig, grøn omstilling og næringsutvikling. At vi lukkast med dette er ikkje berre naudsynt for verdiskapinga og velstanden for framtidige generasjonar i fylket, men også for resten av landet og verda, seier fylkesordførar Jon Askeland på vegne av partnarskapet med NHO, LO, KS, NAV, Bergen Næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland, Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen kommune og Atheno.
Første fylke med analyse
Saman har dei bestilt rapporten som skisserer tre ulike framtidsscenario for næringslivet i Vestland. Det første scenarioet viser kva vi bør jobbe mot. Scenario 2 viser korleis situasjonen blir om utviklinga held fram som i dag. Det tredje og siste scenarioet viser eit uønskt utfall der næringslivet ikkje klarar å tilpasse utviklinga med nye krav og skjerpa konkurranse.
Rapporten «Vestlandsscenarioene 2020 – felles kunnskapsgrunnlag for en foretrukket fremtid» er utarbeidd av EY (tidl. Ernst & Young). Vestland er til no det einaste fylket i Noreg som presenterer ein rapport som ser på moglegheiter og utfordringar for heile næringslivet knytt til koronakrisa og globale megatrendar som det grøne skiftet.
– Initiativet til scenarioanalysen kom som ei utfordring frå Næringsforum, næringsråda, det regionale partnarskapet og nokre regionar om å løfte blikket framover. Dei uttrykte behov for ein analyse som kan sette kursen for næringslivet i Vestland i dei krevjande tidene vi har framfor oss, seier Askeland.
Grøn omstilling avgjerande
Covid19 har ramma Vestland hardt og vegen tilbake til pre-pandeminivå for den samla verdiskapinga vil ta tid i alle scenario. Næringar som olje og gass, maritim og verftsindustrien vil bli spesielt hardt ramma om ikkje etterspurnaden aukar.
Samtidig viser rapporten at grøn omstilling er heilt avgjerande for å lukkast. Vestland har satt eit hårete mål om å bli eit nullutsleppsfylke innan 2030. Vi konkurrer på ein internasjonal arena og ser allereie at andre land og regionar satsar hardare og meir spissa enn oss. For å ta den grøne leiartrøya må Vestland derfor bli eit «showcase» for berekraftig omstilling gjennom å bruke erfaringar, teknologi og kunnskap frå spesielt oljeindustrien til å utvikle nye varer og tenester som marknaden treng.
Rapporten viser at dersom vi skal sikre framtidig verdiskaping, eksportverdiar, arbeidsplassar og velstand må alle «gode krefter» innan næringslivet, det offentlege og akademia jobbe saman. I det føretrekte scenarioet må Vestland sikre at vi utnyttar alle ressursar og at vi lukkast i å arbeide med innovasjon på tvers av verdikjeder. Eit eksempel på dette er leverandørindustrien som er i ferd med å omstille seg frå primært å levere til petroleumssektoren, til å løyse utfordringar knytt til framtidas energikjelder – som vind, sol, hydrogen og batteriteknologi.
Vi må gripe moglegheitene i dei nye verdikjedene og sikre auka konkurransekraft for eksportnæringane våre.
Kompetanse for framtida
Eit anna viktig suksesskriterium er at Vestland må ta vare på den eksisterande kompetansen. Særleg teknologi og kompetanse frå olje-og gassnæringa og prosessindustrien blir viktig å utnytte for å skape vekst i nye berekraftige verdikjeder. Det blir svært viktig å utdanne dei rette folka med den rette kompetansen, slik at vi kan møte framtidas kompetansebehov.
Knapt med tid
Men scenarioanalysen viser at vi må handle fort. Tida er svært knapp. Basert på eksportsituasjonen i dag vil den forventa nedgangen i olje og gass vere utfordrande å møte. Næringslivet i Vestland er avhengig av å skape nye verdiar gjennom auka eksport av tenester og fokus på det grøne skiftet.
Om vi ikkje lukkast hamnar vi i det uønska scenarioet. Dette vil mellom anna bety at vi tapar konkurransekraft, at nyetableringar blir lokalisert andre stader og at vi ikkje lukkast med kommersialisering av nye løysingar og idear. I dette scenarioet tapar vi konkurransen om den grøne leiartrøya mot internasjonale aktørar.
Må finne løysing for elektrifisering
Ei av utfordringane vi må løyse for å klare ei utvikling i tråd med det ønska scenarioet gjeld elektrifisering. Elektrifisering av samfunnet og industrien, samt den krevjande kraftsituasjonen i fylket betyr at det ikkje vil vere mogleg å etablere ny kraftkrevjande industri dei neste 5-10 åra. Viss vi ikkje finn ei løysing her vil det føre til at vi tapar konkurransekraft, attraktivitet internasjonalt og at vi ikkje får sett i gang kritiske pilotprosjekt for grøn vekst nær marknaden.
Scenariorapporten som blei lansert i Bergen i dag, skal også presenterast på arrangement i Førde 3. november og Sunnhordland 11. november.