Rubbestadnes vgs skal flytte i nytt hus
I 2022 skal Rubbestadnes vidaregåande skule flytte i nytt hus. Fylkesutvalet vedtok sist veke samrøystes å godkjenne leigeavtalen i det nye industrihuset som skal byggast på Rubbestadneset.
Fylkestinget har tidlegare vedteke å slå saman dei to vidaregåande skulane på Bømlo til Bømlo vidaregåande skule. Avdelinga på Rubbestadneset blir dermed ein del av Bømlo vidaregåande skule og skal omfatte faga teknikk og industriell produksjon (TIP), elektrofag (EL) og naturbruk/akvakultur.
Unik sjanse
– Satsinga på Rubbestadneset lovar særs godt for framtida – både for skulen, og for samfunnet og for næringslivet. Dette gir oss ein unik sjanse til å sikre samarbeidet med arbeidslivet og tilgang på regional arbeidskraft. No er me verkeleg i gong, og me gler oss til å få senteret i drift, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Ivrig næringsliv
Det har vore diskusjon om kvar den samanslegne skulen på Bømlo skal ligge. Planen var først å samle heile skulen på Bremnes, men næringslivet på Rubbestadneset har ivra sterkt for at den maritime utdanninga ikkje skal bli flytta vekk frå Rubbestadneset. Dette fordi det er eit svært godt samarbeid mellom næringslivet og skulen i lokalmiljøet. Samstundes er lokala til Rubbestadnes vidaregåande skule gamle og til dels utdatert. I denne debatten lanserte næringslivet at skulen kunne få lokale i det planlagde industrihuset. Leigeavtalen er no vedteken.
Betre arbeidsmiljø
Selskapet for industrivekst (SIVA) skal bygge industrihuset. Unitech Energy Research & Development Center skal leige lokalet og skal framleige til fylkeskommunen som får disponere eit areal på oppunder 3000 kvadratmeter.
Leigeavtalen om nye lokale vil sikre samarbeidet med arbeidslivet og tilgang på regional arbeidskraft. I dei nye lokala vil arbeidsmiljøet til lærarar og elevar bli vesentleg forbetra. Dei gamle lokala til Rubbestadnes vidaregåande skule skal seljast. I fylkesutvalet uttrykte fleire representantar glede over at leigeavtalen er på plass og at elevane skal få gode, tenlege lokale og utstyr.