Meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken
Kulturtanken lanserer no eit heilt nytt prosjekt for å få fleire nynorske kunst- og kulturproduksjonar i Den kulturelle skulesekken (DKS). Vestland fylkeskommune har vore – og er – sentral i prosjektet.
Utøvarar, produsentar og formidlarar av kunst og kultur kan søkje om å bli med i nynorskprosjektet til Kulturtanken. Vilkåret er at dei har nynorsk som arbeidsspråk for produksjonen sin. Ein jury vel ut fire til seks prosjekt, som får støtte og hjelp til å jobbe vidare med prosjektet sitt saman med Seanse, senter for kunstproduksjon i Volda.
Initiativ frå Sogn og Fjordane
Prosjektet er eit resultat av at Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2018 utfordra Kulturtanken på å gjere noko med at det store fleirtalet av DKS-produksjonane er på bokmål. Av dei 2430 forslaga som har kome inn til skuleåret 2021–22, er 207 på nynorsk.
– I tildelingsbrevet vi fekk frå Kulturtanken, stod det at tilboda skal bidra til å gjere elevane betre kjende med begge målformene, og vi tok difor dette initiativet. Det er svært gledeleg å sjå at det no faktisk skjer noko på området. No har prosjekt meir nynorsk i DKS blitt ein realitet, seier Øyvind Høstaker, tidlegare DKS-koordinator i Sogn og Fjordane, no tilsett i seksjon for kulturformidling i Vestland.
Høstaker leiar juryen som skal velje ut kva produksjonar som får vere med i prosjektet.
Får hjelp til vidareutvikling
Produksjonane som blir valde ut, får høve til å utvikle seg og auke kvaliteten på produktet sitt. Samarbeidet med Seanse skjer gjennom arbeidsverkstadar, der dei får rettleiing og støtte til vidare utvikling av både form og innhald – og hjelp til å nytte nynorsk som arbeidsspråk.
Målet er å auke mengda produksjonar der nynorsk vert opplevd som relevant, representativt og for alle elevar.
– Norske elevar fortener at vi legg ekstra innsats i å få fram prosjekt der nynorsk blir opplevd som relevant for både dei som har nynorsk som hovudmål, og dei som har det som sidemål. Difor er eg glad for at vi har sett i gang dette prosjektet for å få fleire nynorske prosjekt inn i Den kulturelle skulesekken, seier Øystein Strand, som er direktør i Kulturtanken.