Mats Bryne blir rektor for nyeskulen i Førde

To skular skal bli til ein, fleire lokasjonar skal bli til to – og den som blir rektor for Førde vidaregåande skule er Mats Bryne frå Stavanger.

Foto av Mats Bryne, ny rektor for Førde vidaregåande skule
NY REKTOR: Mats Bryne frå Stavanger tek til som rektor for Førde vidaregåande skule 1. september 2020, nesten tre år før den nye, samanslåtte skulen skal stå ferdig.

Bryne er i dag rektor ved St. Olav videregående skole i Stavanger. Han har lang erfaring som skuleleiar og har tidlegare hatt ansvar for samanslåinga av vidaregåande skular i Sandnes.

Stort kulturprosjekt

Han tek til i stillinga 1. september i år, nesten tre år før den nye skulen skal stå ferdig til skulestart i 2023. Tida fram til det skal brukast til å blir kjend med dagens skular, lærarar, elevar, kulturar – og til å bidra til å byggje ein ny felles kultur.

– Dette er eit stort kulturprosjekt. Vi må i tillegg til sjølve bygginga og det praktiske, sjå dei menneskelege sidene ved det. Vi må jobbe på måtar som gjer at alle kan ta eigarskap til det nye sjølv om dei kjem frå ulike kulturar. Det er fantastiske moglegheiter i dette, seier Bryne.

Viktig utviklingsaktør

Det er Hafstad vidaregåande skule og Mo og Øyrane vidaregåande skule som skal bli til Førde vidaregåande skule i eit nybygg på Øyrane i Førde. Avdelinga på Mo skal halde fram der. Skulen kjem til å ha om lag 1000 elevar, om lag 240 tilsette og vil tilby 11 utdanningsprogram.

– Skulen blir ein viktig utviklingsaktør for heile regionen. Han blir viktig for næringslivet og for å skape eit endå betre ungdomsmiljø, seier den nye rektoren.

Her kan du lese meir om korleis Førde vidaregåande skule skal sjå ut.

Anerkjenne alt det gode som blir gjort i dag

Bryne meiner noko av det viktigaste i samanslåingsprosessen blir å faktisk sjå kva som er viktigast – ikkje minst å sjå folka, både elevar og lærarar.

– Eg gler meg til å bli kjend med skulane, med elevkulturane på dei ulike utdanningsprogramma og å få forståing for dei menneskelege aspekta. Det er viktig å anerkjenne det gode arbeidet som blir gjort i dag og finne fram til noko felles, seier han.

Til elevane og lærarane på dagens skular har han følgjande melding:

– Eg kjem til å gjere meg tilgjengeleg og er veldig interessert i å bli kjend med dykk. Eg kjem til å fordele tida mi på dei ulike lokasjonane og gler meg til å bli kjend, avsluttar Bryne.

Det var elleve søkjarar til rektorstillinga for Førde vidaregåande skule.