Lær om ein grønare kvardag på folkebibliotek i fylket

Går det an å leve utan avfall? Ja, meiner Kristine Ullaland i Zero Waste Norge. I november turnerer ho folkebibliotek i heile Vestland.

foto av Kristine Ullaland
GRØN TURNÉ: Kristine Ullaland er dagleg leiar for og stiftar av Zero Waste Norge AS. Firmaet vil hjelpe bedrifter å operasjonalisere det grøne skiftet og drifte det på ein berekraftig måte. (Foto: Zero Waste Norge)

Avfall er gjerne noko vi ser på som ein naturleg bieffekt av det å vere menneske. Kristine Ullaland viser oss at det ikkje treng å vere så vanskeleg å redusere noko av avfallsmengda vi produserer i kvardagen, og ho deler nyttige tips og triks. Sjølv fortel ho at ho ikkje har gått ut med restavfallet sidan 2015.

Klimaturneen er eit samarbeid mellom kommunane i fylket og Vestland fylkeskommune.

Vil engasjere innbyggjarane

Vestland fylkeskommune jobbar for at samfunnet vårt skal gå i ei berekraftig retning. Dette er noko av det mest sentrale i den nye utviklingsplanen for fylket. Men planar må følgjast opp.

– Vi må jobbe aktivt med både klima- og berekraftsutfordringane, innanfor tolegrensene til naturen. Vi må formidle ut informasjon til innbyggjarane våre, og denne turneen er ein måte å gjere det på. Klima- og miljøutfordringane er store og komplekse, og mange av dei krev internasjonale løysingar. Men for å lukkast med berekraft, er vi også heilt avhengige av lokal innsats. Formidling om kva kvar og ein kan gjere i kvardagen, er ein måte å endre haldning og vidare handling, seier Ida-Beate Mølmesdal, som er klimakoordinator i fylkeskommunen

Ein stad for debatt og nye tankar

Biblioteka i fylket er ein viktig arena for både opplysing og meiningsutveksling. Dei er ikkje lenger berre ein stad der vi låner bøker, men har blitt ein sentral offentleg møteplass.

– Biblioteka handlar like mykje om menneska som om bøkene. Dei skal vere ein arena der nye tankar og idear blir formidla, og dei skal spegle samfunnsutviklinga og bidra til å fremje demokratiet. Vi vil skape debatt og formidle nye tankar og idear. Difor meiner vi biblioteka er ein ypparleg stad for ein føredragsturné om ein grønare kvardag, seier Anne Haugen Pihl, konstituert seksjonssjef for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.

Vestland fylkeskommune gir råd og rettleiing til folkebiblioteka i fylket, ved blant anna å initiere, leie, finansiere og støtte utviklingsarbeid i biblioteka. Samarbeid mellom biblioteka er også noko fylkeskommunen jobbar for.