Langhaugen vgs blir utvida
– Vi gler oss over utbygginga av flaggskipet vårt innan musikk og dans, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkestinget har vedteke utviding av Langhaugen videregående skole.
Fylkestinget har samrøystes godkjent rom- og funksjonsprogram for utbygginga. Det omfattar eit nytt bygg for kroppsøving og musikk, i tillegg til ein del endringar av den noverande skulen.
– Eg er glad for at vi betrar forholda for kreative fag. Langhaugen har behov for nye lokale både for kroppsøving, og musikk og dans, seier Askeland.
Dialog med Bergen kommune
I vedtaket ønskjer fylkestinget at administrasjonen skal innleie samarbeid med Bergen kommune for å bruke den utvida skulen til kulturhus i bydelen med idretts- og kulturaktivitetar.
– Nye Langhaugen skal bli ein open skule som og kan nyttast utanfor opningstida, slik som for nye Åsane vidaregåande skule. Vi skal ha tett dialog med Bergen kommune for å kartleggje potensialet for sambruk og samarbeid, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Betre inneklima
Utbygginga av Langhaugen videregående skole vil koste 189 millionar kroner. Nybygg og endringar av den noverande skulen vil føre til betre inneklima, sosiale møteplassar, trygge læringsareal og eit utvida aktivitetstilbod for nærområda.
Musikk og dans får etter utbygginga seks store salar til aktivitetane. Den største blir ein konsertsal på 250 kvadratmeter. Gymnastikksalen skal rivast og erstattast av ein idrettshall på 1072 kvadratmeter.
Kan få ekstra klasse i musikk
Utbygginga opnar for at skulen kan auke elevtalet. Det blir rom for ein ekstra klasse i musikk, slik at skulen kan få to parallellklassar i dette faget på kvart trinn om det blir gjort politisk vedtak om det. I tillegg har skulen ein klasse på dans på kvart trinn. Med det auka arealet kan Langhaugen ha inntil 270 elevar på musikk og dans. På studiespesialisering blir det 450 elevar fordelt på 15. klassar.