KMD gir 4,4 millionar til kompetanseprosjekt i Nordfjord
Vestland fylkeskommune eig prosjektet som rettar seg mot små og mellomstore private verksemder i distriktskommunar i Nordfjord-regionen.
Målet med det treårige prosjektet er å auke bruken av etter- og videreutdanning i små og mellomstore bedrifter. Det totale budsjettet for prosjektet er på om lag 6,3 millionar. Midlane frå Kommunal og næringsdepartementet (KMD) er ein del av den nye tilskotsordninga “Kompetansepiloter” som rettar seg mot fylkeskommunar.
- Vi er svært godt nøgd med at KMD ser styrken i prosjektet vårt og ser fram til å utvikle gode metodar for identifisering av kompetansebehov, som sikrar rett kompetanse i små og mellomstore bedrifter i Nordfjordområdet, seier Bård Sandal, fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling.
Nordfjordakademiet skal leie prosjektet der Fagskolen i Sogn og Fjordane har ei sentral rolle. Fagskolen skal vere med å utvikle metodikk for å avdekke kompetansebehov og mobilisere til etter- og vidareutdanning. Andre deltakarar er blant anna næringsorganisasjonar i Nordfjord, Nordfjord opplæringskontor, Folkeuniversitetet, Inviro-Nordfjords virtuelle campus, Måløy maritime ressurssenter og Nordfjordrådet.
Stort kompetansebehov
Store delar av næringslivet melder at dei strevar med å rekruttere arbeidskraft med rett kompetanse. Arbeidstakarar i små verksemder i distrikta har i mindre grad enn større verksemder tid og ressursar til å finne relevante opplæringstilbod.
Kompetansepilotordninga skal identifisere kompetansebehova og legge til rette for at dei små verksemdene i distrikta får tilgang på den kompetansen dei treng.
Nasjonal utfordring
I ei pressemelding frå KMD uttaler distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland at mangel på arbeidskraft med rett kompetanse er ei utfordring i Distrikts-Norge.
- For å løyse ut vekstpotensialet i distriktsnæringslivet er det behov for oppdatert kompetanse. Dette må vi finne løysingar på dersom vi skal sikre vekst og busetting i heile landet. Med kompetansepilotene i Nordfjord-regionen ønskjer vi å bidra til at små bedrifter, kommunane og offentlege verksemder i regionen har tilgang på kompetent arbeidskraft, slik at dei er rusta for framtida, seier ho.
Det er Kompetanse Norge som forvaltar Kompetansepilotene på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I tillegg til Vestland fylkeskommune deler KMD ut midlar for å sikre relevante kompetansetilbod til verksemder i 19 andre distriktsområde - frå Finnmark i nord til Agder i sør. Ordninga som går over tre år har eit samla budsjett på 44 millionar kroner i tillegg til regional medfinansiering på over 22 millionar kroner.