Kartlegg kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse
Klosterøya Selja og fjellgardane i Aurlandsdalen er to av dei 21 områda i tidlegare Sogn og Fjordane som Vestland fylkeskommune føreslår bør få status som kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA).
Andre område som er plukka ut er blant andre Gulatinget i Gulen, kraftutbyggingslandskapet i Høyanger og det krigshistoriske landskapet på kysten av Nordfjord.
KULA-prosjektet er i regi av Riksantikvaren. Målet er å få oversikt over alle slike område i landet, bidra til meir kunnskap og medvit i kommunane og gje tydelege og tidlege signal frå kulturminneforvaltninga.
Aktualisert med vindkraftdebatt
– Det er eit interessant og viktig arbeid som går føre seg her. Vi får høve til å løfte landskap som det knyter seg nasjonale interesser til. Vi får vise fram verdiane i landskapa, og seie noko om korleis vi meiner dei bør takast vare på. Debatten i haust rundt vindkraftutbygging har vore med og aktualisere arbeidet, og kanskje kan KULA-områda påverke komande vindkraftutbyggingar, seier Stian Davies, som er leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Hovudutvalet vart orientert om arbeidet i møtet 15. oktober. Fylkesutvalet får same orientering 29. oktober.
Dialog og synfaring
Vestland fylkeskommune har i haust hatt informasjons- og innspelsmøte med kommunane og Riksantikvaren, der alle partar har kome med innspel til det vidare arbeidet. Kommunane har også kome med innspel til fleire aktuelle område, og fylkeskommunen vurderer desse i det vidare arbeidet.
Vi er no i gang med synfaringar til dei utvalde landskapa, og kommunane er inviterte til å delta på desse. Planen er å vere ferdig med synfaringane i løpet av første veka i november.
Fylkeskommunen skal så lage eit utkast til høyring av dei føreslegne områda. Høyringsforslaget blir lagt fram for både hovudutvalet og fylkesutvalet når det er klart.
Føreslår 21 område
Vestland fylkeskommune føreslår at desse områda bør få status som kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse:
- Stadtlandet i Stad kommune
- Klosterøya Selja i Stad kommune
- Måløy – krigshistorisk landskap i Kinn og Bremanger kommunar
- Midtre Bremanger – Skatestraumen, Rugsund og Vingen i Bremanger kommune
- Strynefjell – fjellovergang i Stryn kommune
- Den ytre skipsleia med fjelløyane i Askvoll, Kinn og Bremanger kommunar
- Kystrøysene – den indre leia med gravrøyser i Askvoll og Fjaler kommunar
- Jølstravatnet – Nicolai Astrup sitt landskap i Sunnfjord kommune
- Tysselandet og Leite i Dalsfjorden i Fjaler kommune
- Kvernsteinlandskapet i Hyllestad kommune
- Balestrand og Vangsnes i Sogndal og Vik kommunar
- Kraftutbyggingslandskapet i Høyanger i Høyanger kommune
- Lustrafjorden med Urnes i Luster kommune
- Grinde–Engjasete – tradisjonelle fjordgardar i Sogndal kommune
- Vik – mellomalderlandskapet i Vik kommune
- Gulatinget i Gulen kommune
- Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden i Aurland, Lærdal, Vik og Voss kommunar
- Midtre Lærdal, Lærdalsdalen og samferdslehistoria i Lærdal kommune
- Filefjellsvegen i Lærdal kommune
- Fjellgardane i Aurlandsdalen i Aurland kommune
- Flåmsbana og Flåmsdalen i Aurland kommune