Glede over ny fiskerihamn i Bømlo
– Dette er ein merkedag, seier fylkesordførar Jon Askeland, som gler seg stort etter at Vestland fylkesting samrøystes går inn for å realisere ny fiskerihamn i Langevåg på Bømlo. – Fiskerihamnene er eit nytt ansvarsområde for fylkeskommunen, og no er vi i gang, seier han vidare.

Frå årsskiftet overtok Vestland fylkeskommune ansvaret for 99 fiskerihamner i fylket. Staten, gjennom Kystverket, hadde tidlegare dette ansvaret. Ny fiskerihamn i Bømlo har lagt inne i dei statlege planane for bygging av nye fiskerihamner, men frå 1. januar i år har fylkeskommunen overteke dette ansvaret.
Store ringverknader
– Det er behov for ny fiskerihamn på Bømlo for å skape grunnlag for fornybar og berekraftig næringsliv knytt til resurssane i havet. At Vestland fylkesting no går inn for bygging av ny fiskerihamn på Bømlo, er godt nytt, ikkje berre for Bømlo og Sunnhordland, men og for heile Vestland. Her har fylkeskommunen fått eit nytt og viktig ansvarsområde, og med dette vedtaket viser vi at fylkeskommunen tar eit solid ansvar for dei nye oppgåvene våre. Fiskeribransjen står for stor verdiskaping, og fiskerihamna på Bømlo vil soleis gje store positive ringverknadar i fylket. Den vil utløyse eit betydeleg næringsareal og vere med på å bygge eit attraktivt næringsliv, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Forskottering
For å realisere fiskerihamna har ei investorgruppe stifta Bømlo fiskerihamn AS. Dei har påtatt seg ansvaret for å forskottere utgiftene til bygging under føresetnad av at det blir garantert for at dei får utgiftene refundert. Fylkestinget har vedteke å dekke kostnadene, avgrensa til maksimalt 165 millionar kroner, pluss moms. Byggekostnadene skal fylkeskommunen betale over fem år, med like store årlege delar i perioden 2024 til og med 2028.