Gjekk til topps for innsats for flyktningar
– Vi vil gjere ein innsats for flyktningane, seier elevane i Netto UB, som gjekk heilt til topps og vart kåra til beste ungdomsbedrift på fylkesmessa på Amalie Skram videregående skole.

Elevane i Netto UB er elevar ved Amalie Skram videregående skole. Gjenbruk, miljø, klima og flyktningekrisa har danna utgangspunkt for deira satsing i næringslivet.
– Vi vil både ta vare på miljøet og gjere ein innnsats for flyktningar. Berekraftmåla til FN er viktige for oss. Vi får garnrestar frå Dale of Norway. Dette skulle gått rett i boset, men vi brukar dei til å gje arbeid til flyktningar frå Syria som er i leire i Libanon. Dei lagar fruktnett av garnrestane. Med dette gjev vi flyktningekvinnene arbeid og gode lønsvilkår. Delar av inntektene går og til å gje barn og unge skulegang i flyktningeleirane. Og fruktnetta skal bli brukt som erstatning for produkt av plast. Netta kan brukast til mange andre ting, som bøker og ipad, seier Yngve Torsvik, Louise Røsland og Maria Misje i Netto UB.

Viser samfunnsansvar
Juryen er full av lovord over innsatsen til elevane på Amalie Skram.
– Dei tek for seg problematikk rundt plast og dekker alle kriteria innanfor berekraft. Elevane viser samfunnsansvar ved at unge flyktningar i Libanon står for produksjonen. Dei viser stor samarbeidsevne med ulike aktørar, både lokalt og globalt. Alle element er godt gjennomarbeidd. Dei viser stort og ekte engasjement, seier juryen.
Netto UB fekk tre andre førsteprisar: Beste samarbeid med næringslivet, beste reklamefilm og beste sal- og servicebedrift. Dei skal delta i NM i entreprenørskap på Lillestrøm 7. og 8. mai.

Grøn innovasjon
Fire andre ungdomsbedrifter skal delta i NM: Deko UB, Nordal Grieg vgs, Laika UB, Stend vgs, Paratrekk UB, Amalie Skram vgs og CéC Bergen UB, Nordahl Grieg vgs.
– Vi satsar på miljøet og berekraft, og brukar stoffrestar frå lokale leverandørar som skulle gått i boset. Det er ein miks av idear som står bak prosjektet vårt. Vi har grøn innovasjon som prosjektfag og tenkte på tekstilar som blir kasta. Vi kontakta firma og fekk stoffrestar. Ein av oss hadde laga belte før, og vi satsa på å produsere belte. Dei er heilt unike. Ingen av dei er make. Alle har sitt eiga preg, seier Oddny Osk, Sara Foldnes, Mia Midthun, Fanny Nupen, Mathilde Schütz Pettersen, Camilla Myrdal og Kaia Rau Hansen i CéC Bergen UB. Juryen gav dei pris for beste marknadsføring og beste forretningsplan.

Krevjande
To ungdomsbedrifter deltok frå Rubbestadneset vidaregåande skule.
– Vi har hatt ein stor fordel av å vere ungdomsbedrift. Vi har lært korleis vi skal starte og drive ei bedrift, og vi har lært om økonomi. Det er litt krevjande å drive ei ungdomsbedrift når vi er så unge, men vi lærer heile tida og har fått god respons på at vi er flinke, seier Sebastian Koldal, Christoffer Urangsæter, Kristoffer Kværnenes, Marius Lidal og Jakob Selle i Rubb Mask & Mekk UB.
– Det er kjekt og lærerikt, seier Synnøve Nåsen og Nina Algroy i Rubb Metall UB. Alle er elevar på industriteknologi.

Gjenbruk
Rubb Mask & Mekk lagar produkt av aluminiumsplater som knaggar, vedstativ, skilt, pynteting og anna kundane vil ha. Dei repararer og syklar og påhengsmotorar. Rubb Metall UB gjenbrukar utgåtte brannslokkingsapparat til pyntegjenstand med lys og med plass til ei flaske
500 ungdommar i 87 ungdomsbedrifter frå vidaregåande skular i Hordaland deltok i fylkesmeisterskapen. Seinare i mars blir det tilsvarande meisterskap for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

Kreativitet
Arrangør er Ungt Entreprenørskap som er ein ideell organisasjon som jobbar i heile landet, og i heile utdanningsløpet. Ungdomsbedrift er eit av fleire program for å utvikle kreativiteten til barn og unge, skaparglede og tru på seg sjølve.

