Gir 300 000 kroner til Stad skipstunnel

– Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt å få realisert, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at eit samrøystes Vestland fylkesutval har vedteke å løyve 300 000 kroner til prosjektorganisasjonen. Byggestart kan truleg skje i 2022.

TRYGGARE SEGLAS: Stad skipstunnel blir 1,7 kilometer lang, 37 meter høg og får ei breidde på 36 meter. (foto: Kystverket)
TRYGGARE SEGLAS: Stad skipstunnel blir 1,7 kilometer lang, 37 meter høg og får ei breidde på 36 meter. (foto: Kystverket)

Tilskotet på 300 000 kroner skal gå til styringsgruppa for skipstunnelen som har eit samla budsjett på 750 000 kroner i år. Pengane skal gå til drift av prosjektorganisasjonen for å drive påverknad og marknadsføre prosjektet.

Viktig for tryggleiken

– Stad skipstunnel blir viktig for tryggleiken til sjøs. Den legg til rette for båtsamband langs heile vestlandskysten. Den kan og stimulere næringslivet i regionen. Både Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune har løyvd midlar til styringsgruppa i mange år. Vi vurderer at det er viktig å støtte styringsgruppa med midlar også i 2020, ettersom prosjektet er inne i ein avgjerande fase, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Nasjonalt prosjekt

Dette er det 6. året at fylkeskommunen gir støtte til prosjektet. Byggjestart er i følgje Kystverket, planlagt til 2022, og opninga av den første skipstunnelen i verda kan skje i 2025. Målet er å realisere den som eit nasjonalt prosjekt gjennom særskilt statleg finansiering. Skipstunnelen er fullfinansiert i Nasjonal transportplan (2018-2029).

Hurtigruten

Stad skipstunnel blir 1,7 kilometer lang, 37 meter høg og får ei breidde på 36 meter. Fartøy på storleik med Hurtigruten vil få tryggare seglas langs det vêrutsette Stadhavet.

Kystverket skal stå for bygginga og har fått ein halv million kroner til planlegging over statsbudsjettet for 2020.