Fylkesutvalet går mot sjøkabel

Fylkesutvalet heldt på innstillinga frå hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon i Vestland fylke.

Foto av Hardangerfjorden og Hardangerbrua
MOT SJØKABEL: Fylkesutvalet ønskjer ikkje at det skal byggjast sjøkabel for å frakte straum frå Eidsfjord inst i Hardangerfjorden til Skottland.

I dagens møte ble det fleirtal for at fylkesutvalet rår frå at det vert gitt konsesjon til North Connect til å byggje straumkabel frå Sima i Hardanger til Skottland.  

Fråsegna frå fylkesutvalet går dermed  mot fylkesrådmannen si opphavlege innstilling i saka, som var positiv til sjøkabel frå Sima i Eidfjord til Skottland. Formålet med NorthConnect er at kabelen skal leggje til rette for betydelege kutt i utslepp av klimagassar gjennom at fornybar kraft kan erstatte fossil kraft i Storbritannia.

– Uavhengig av ståstad i saka vil vi jobbe vidare med korleis vi skal sikre energibehovet i det grøne skiftet i Vestland. Eg vil halde fram arbeidet saman med politikarane i Vestland for å sikre dette, seier fylkesordførar Jon Askeland.  

Representantane frå MDG, Høgre, Venstre, og KrF gjekk med sine 6 stemmer mot AP, SP, SV, FrP og FNB sine 11 stemmer.

Ønskjer meir elektrifisering av industrien i Noreg

Nokre av bekymringane var at ein ny utanlandskabel til eit land med høgare kraftprisar generelt vil føre til auka kraftprisar i Noreg. NVE har berekna at i kraftprisane i Noreg vil auke med 1–3 øre per kWh i snitt over North Connects levetid (40 år).

Det vil føre til ein auka kostnad for alle elektrisitetsbrukarar i Norge – både husstandar, næringsliv og offentleg sektor. Det vart òg hevda at lønsemda i kabelen fordra høgare straumpris.

Eit anna argument mot kabelen er at det er mange planar for næringsetablering i Vestland som utløyser eit auka kraftbehov, og at vår fornybare ressurs må nyttast til å elektrifisere meir av industrien i Noreg. Fleirtalet av politikarane meiner difor det vert uheldig å eksportere denne ressursen ut av landet.

Bakgrunnen for høyringa

Selskapet NorthConnect KS har søkt om løyve til å byggje ny straumkabel mellom Sima i Eidfjord kommune, inst i Hardangerfjorden, og Peterhead i Skottland. Det er søkt om løyve for å byggje og drive anlegga og om løyve for å utveksle kraft med andre land.

Prosjektet vert kalla «North Connect» og er planlagd med ein overføringskapasitet på 1400 MW. Olje- og energidepartementet er konsesjonsmynde, men har bede NVE vurdere planane, og kva for verknader NorthConnect kan ha for miljø, naturressursar, kraftsystem og -marknad i Noreg. Søknadane er no på høyring, og departementet ynskjer innspel innan 10. mars 2020.