Fylkeskommunen fordeler 75,3 millionar i krisepakke til kommunane

- Det var viktig å få fordelt midlane raskt, seier Tor André Ljosland, leiar av hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune. Han kalla difor dei 15 politikarane i utvalet inn til digitalt møte midt i ferien.

foto av to jenter som ser utover Bergen frå Fløyen
BERGEN FÅR MEST: Den største summen på 12,6 millionar er tildelt Bergen, som opplever færre turistar og mange permitterte.

Midlane skal gå til kommunar som er eller står i fare å bli hardt ramma av høg arbeidsløyse som følgje av covid-19. Tildelinga spenner frå 345.000 kroner til vel 12 millionar.

– Det er særleg to bransjar vi er uroa for i vårt fylke. Den eine er reiseliv og sjølv om mange hotell melder om godt besøk no i ferien har dei store tap i samband med stenginga i vår. Den andre er leverandørindustrien, fortrinnsvis maritim og offshore leverandørindustri. For begge næringar håper eg dagens tildeling vil hjelpe, seier Tor André Ljosland, leiar av hovudutval for næring.

Vestlandet hardast ramma

Vestlandet er den landsdelen som ein fryktar blir ramma hardast også på lengre sikt. Bakgrunnen for det er at vår region har ein stor del av næringslivet knytt til offshore og maritim. Som følgje av stor gjeld og låge inntekter i denne bransjen allereie før krisa, er det etterkvart grunn til å vente fleire konkursar og bortfall av arbeidsplassar.

- For Vestland sin del merkast krisa dobbelt med både lågare etterspurnad av varer og tenester knytt til maritim- og offshore leverandørindustri, samstundes som prisen på Noregs viktigaste eksportvare olje og gass, framleis er låg, seier Ljosland.
I ein rapport har Menon Economics rekna ut at mellom 2 500 og 6 500 sysselsette i Vestland kan miste jobben som følgje av korona- og oljekrisa i 2020 og 2021, alt etter kor langvarig krisa blir.

Bergen får 12,6 millionar

Etter fleire månader med stengde dører er Bergen delvis opna igjen, men koronarestriksjonane påverkar framleis drift og omsetning i reiselivet. Det er ingen utanlandsturistar, ingen kulturarrangement, ingen kongressar, og sterkt reduserte gjestetal på hotella. Det er heller ikkje nok norske turistar til å dekke opp for tapet av utanlandske gjester.

- Bergen er eit flott reisemål i seg sjølv, men byen fungerer også som eit nav for å få turistar ut i store delar av fylket. Det er difor viktig at Bergen skal kunne fortsette å trekke turistar og vidareformidle dei reisande til fylket. Den største summen på 12,6 millionar er tildelt Bergen, som opplever redusert aktivitet, mange permitterte og relativt stor arbeidsløyse, seier Tor André Ljosland, leiar av hovudutval for næring.

Attraktive aktivitetar trekk turistane til fylket

I reiselivsbransjen er det turistverksemder som driv med aktivitetar som kajakkutleige, strikkhopp, historieforteljing, guida turar med overnatting i telt eller lavvo, via ferrata-guiding og gardsturisme som har sterkast vekst. Det er her det største marknadspotensialet ligg på verdsbasis, og det er slike tilbod som gjer at gjesten vel å reise til reisemål på Vestlandet.

- Dette er spanande tilbod i kommunane, men mange som driv desse turistverksemdene er ofte nystarta. Då har dei ingen omsetning å vise til i fjor og oppfyller heller ikkje krava for å få utbetalt kontantstøtte. Hovudutval for næring vil i tildelingsbreva til kommunane føye til at kommunane må spesielt vere merksam på desse verksemdene, seier leiar Tor André Ljosland.

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) som har gitt tilskotsposten til vidare fordeling av fylkeskommunen. Prioriteringane skal byggje på fylkeskommunen sin kunnskap om kommunane og næringslivet sine utfordringar og behov.