Flunkande nye trolleybussar til Bergen
– Dette er bra for Bergen, seier ein oppglødd fylkesordførar Jon Askeland etter å ha vore med på den aller første prøveturen med dei flunkande nye trolleybussane. For første gong i Noreg blir bussar, som både er heilelektriske og som ladar undervegs, tekne i bruk.
Trolleybusslinja i Bergen blir ikkje berre oppgradert, men og utvida til å bli ein pendellinje mellom Birkelundstoppen, Haukeland universitetssjukehus, Bergen sentrum og Lyngbø på Laksevåg.
Styrkar tenestetilbodet
– Vi har gått i bresjen for miljøvennleg transport både på land og til sjøs. Dei nye trolleybussane er utsleppsfrie og støysvake. Vi får ei effektiv pendelrute langs ei linje med tett busetnad og mange arbeidsplassar. Vi styrkar tenestetilbodet vårt med høg frekvens, stor kapasitet og nye, moderne bussar. I tillegg vil utsleppa gå ned, og vi får betre lokal luftkvalitet, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Dei nye trolleybussane får straum frå køyreleidningar som før, men har i tillegg batteri slik at dei og kan køyre strekningar utan køyreleidning. Bussane har to oppladbare batteri med ei rekkevidde på minst 11 kilometer. Batteria blir lada under køyring. I tillegg har dei plug-in lading på depotet på Mannsverk.
Ein betre by
Byråd for byutvikling i Bergen, Thor Haakon Bakke, helsar og dei nye trolleybussane velkommen.
– Med dei nye trolleybussane held vi fram elektrifiseringa av kollektivtilbodet i Bergen. Dei gir rett og slett ein betre by. Prosjektet vil gi eit kvalitetsløft for kollektivtilbodet som svarar godt til planane for byutvikling på Laksevåg, seier Bakke.
På batteri gjennom sentrum
Dei nye trolleybussane skal følgje noverande trasé Bergen sentrum til Birkelundstoppen, men gjennom Bergen sentrum blir linja endra. Den skal gå over Puddefjordsbroen til Lyngbø. Det blir bygt ny køyreleidning på Laksevågsida. Gjennom delar av sentrum og over Puddefjordsbroen skal bussane køyre på batteri.
Kontinuerleg pendelrute
Dei nye trolleybussane blir svært driftssikre. Lading under køyring inneber at det ikkje er nødvendig å bygge ladeinfrastruktur på endehaldeplassane på Birkelundstoppen og Lyngbø. Dette sparar både areal og ressursar og gjer at bussane kan køyre ein kontinuerleg pendelrute utan ekstra stopp for å lade. Bussane er 18 meter lange, har 44 sitjeplassar, 88 ståplassar og eige tilpassa areal for barnevogn og rullestol med trygg sikring.
Ny infrastruktur
Arbeidet med å legge til rette for dei nye trolleybussane er i gang. På Laksevåg blir det bygt infrastruktur slik at bussane kan køyre på straum.
Forseinkingar med arbeidet i Olav Kyrres gate endrar starttidspunkt for den nye pendelruta. Planen var å starte 1. desember i år. Men inntil Olav Kyrres gate er ferdig, vil dei nye trolleybussane køyre noverande trase mellom Birkelundstoppen og Strandkaien.
Mannsverk blir heilelektrisk
– Trolleybussane inngår som ein del av den nye busskontrakten for Bergen sentrum, som startar frå 1. desember. Resten av bussparken på Mannsverk blir også heilelektrisk, med 102 elbatteribussar i tillegg til dei 10 trolleybatteribussane. Vi gler oss veldig til å sjå alle desse nye bussane i drift i rutenettet vårt. Vi får store utsleppskutt, og kundane vil oppleve nye, komfortable og ikkje minst stillegåande bussar, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss.
Linje 2 blir linje 6
Dei nye trolleybussane er bygt i Tsjekkia av Solaris. Keolis har vunne anbodet med å drifte trolleybussane og dei nye elbatteribussane i Bergen sentrum. Dei har og drifta av Bybanen.
Den nye trolleybusslinja vil få linjenummer 6. Linje 2 vil bli overført til Bybanen når den opnar til Fyllingsdalen ved årsskiftet 2022/23.