«Eit modig vedtak» vann trafikktryggingspris
Trass ulik politisk bakgrunn var Trafikktryggingsutvalet einstemmig då prisvinnar blei valt.
Dei to gamle fylkeskommunane i Sogn og Fjordane og Hordaland delte ut trafikktryggingspris, ein tradisjon som held fram for å heidra dei som engasjerer seg for ein tryggare kvardag.
– Kanskje tok vinnaren hintet då dei fysisk blei invitert til ein digital konferanse, seier Jannicke Bergensen Clarke, leiar for hovudutval for samferdsel og mobilitet, i tillegg til å vere leiar for Trafikktryggingsutvalet (FTU).
Jobba systematisk
Prisen er på 50 000 kroner, og det er FTU som deler ut prisen.
– På FTU-møtet måndag blei det bestemd kven som skulle få prisen for 2020. Vi var alle einstemmig einig om kven som skulle få prisen, seier Jannicke Bergensen Clarke.
Ein kommune utpeika seg, og har jobba systematisk og grundig med arbeidet med «hjartesone». I år er det Bergen kommune som får prisen.
Ein «hjartesone» rundt skulen gjer det tryggare for elevar å gå og sykle. Ønsket er færre bilar og tryggare stopp- og hentesonar for alle. Du kan lese meir om hartesone på Trygg trafikk sine sider.
Trygger mange skulebarn
– Dei var den første kommunen i landet som fatta vedtak om at alle skulene skulle ha hjartesone. Kommunen har mange barneskular, så dette var eit modig vedtak. Alle skulene har sin trafikktryggingsplan og dette trygger mange skulebarn, grunngjer Bergesen Clarke.
Eline Haakestad, byråd for klima, miljø og byutvikling og Endre Tvinnereim, byråd for barnehage, skule og idrett tok i mot prisen.
– Arbeidet er viktig for barna sin sikkerheit og gåbyen Bergen. No har vi erfaring og kan hjelpe andre kommunar om gjennomføre likande prosjekt, seier Haakestad.