Åsane får det største kombinasjonsbiblioteket i Vestland
– Vi er svært godt nøgde. Dette har vi sett fram til, seier biblioteksjef i Bergen kommune, Leikny Haga Indergaard, etter at samarbeidsavtalen om biblioteket vart skriven under.

Nye Åsane bibliotek blir det største kombinasjonsbiblioteket i Vestland. Det omfattar både skulebibliotek og folkebibliotek og vil få opp til 2000 daglege besøkande på kvardagar. Bygginga av ny vidaregåande skule og kulturhus med bibliotek har vore eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen og fylkeskommunen.

Godt samarbeid
– Dette er eit flott samarbeid mellom Bergen kommune og fylkeskommunen. Vi har hatt godt samarbeid heile vegen, seier områdeleiar i Vestland fylkeskommune, Hillevi Elizabeth Runshaug.
Samarbeidsavtalen mellom Vestland fylkeskommune og Bergen kommune om drift av bydelsbibliotek i Åsane videregående skole og kulturhus vart underskriven av biblioteksjef Indergaard og rektor Jens-Petter Storheim 23. juni. Biblioteket inngår i kulturhusdelen som blir ein del av nye Åsane videregående skole. Totalt omfattar skulen 26 700 kvadratmeter, der kulturhusdelen har 4050 kvadratmeter, inkludert bibliotek, stor sal og kulturskule.

God plassering
– Vi er godt nøgde med plasseringa her i Åsane. Dette er sentralt, midt i smørauget. Det er på tide at Åsane får kulturhus. Eg vil gje mykje skryt til dei frivillige i kulturlivet her som har stått på og fått det til. Fana har fått, men i Fyllingsdalen har dei jobba i 25 år utan å ha fått kulturhus. I Åsane har det og vore jobba i mange år, og vi såg høvet til å bygge saman med fylkeskommunen og dermed få redusert byggekostnaden, seier bibliotekssjef Leikny Haga Indergaard.

Fleire bruker biblioteka
Bibliotekssjefen seier at stadig fleire brukar biblioteka i Bergen kommune.
– Vi ser at vi får fleire unge brukarar, men dei som les fagbøker, blir det færre av. Det trur vi kjem av at dei finn informasjon på nettet i staden. I det nye biblioteket får vi fleire stillingar enn i det gamle. Vi vil få meir besøk, bli meir ettertrakta, vi får eit betre tilbod, meir kompetanse og lengre opningstid, seier Indergaard.
Det nye biblioteket skal opne laurdag 29. august. Innflyttinga startar 1. august. 19. august opnar den nye vidaregåande skulen. Då vil biblioteket bli brukt til utdeling av skulebøker til elevane.
Eit fantastisk hus
Rektor Jens-Petter Storheim seier at alt har gått etter planen.
– Vi er svært nøgde. Dette blir eit fantastisk hus. Vi fekk overrekt skulen frå entreprenøren 2. juni. Ein del sluttarbeid gjenstår. Vi har starta med innflytting og møblering. Den nye skulen får overført klassar frå Knarvik og Tertnes vidaregåande skular, og tilsette frå Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skular, seier Storheim.

Lang planlegging
Realiseringa av den nye skulen i Åsane har teke lang tid.
– Det er meir enn 53 år sidan planlegginga starta. For 53 år sidan fekk Åsane første yrkeskulesklasse. Der har skulen halde til i mellombelse lokale i alle desse åra. Det har vore mange startprosjekt, og det kom ingen jubel då vi kom i gang med dette for seks år sidan. Det var få som trudde på det. Og dei mest skeptiske har ikkje trudd på dette, før dei har kome inn hit, seier rektor Jens-Petter Storheim.
25. september blir det offisiell opning av den nye Åsane videregående skole.