4,2 millionar til etablering av ladestasjonar i Vestland

Hovudutval for næring har vedtatt å dele ut midlar til BKK og Luster kommune til utbygging av ni hurtigladestasjonar. Dei tildeler og midlar til etablering av drosjeladarar utanfor Bergen.

Ladestasjon med elbil som ladar.
NYE LADESTASJONAR: BKK og Luster kommune får midlar til utbygging av ni nye hurtigladestasjonar i Vestland (illustrasjonsfoto).

Dei fleste av hurtigladestasjonane skal byggjast i dei nordlege delane av fylket, der behovet for nye ladeplassar er stort. Åtte av desse skal byggjast av BKK og blir plasserte i Askvoll, Hyllestad, Sløvåg, Vadheim, Bømlo, Loen, Balestrand og Røldal. Utbygginga vil til saman gi 25 nye ladepunkt. Hovudutvalet tildeler energiselskapet 3,5 millionar kroner til arbeidet.

Luster kommune får 350 000 kroner til å etablere ny hurtigladestasjon i Skjolden. Vegen over Sognefjellet er ei sårbar strekning med omsyn til hurtigladetilbod og Luster kommune ønsker derfor å ta initiativ til å bygge hurtigladestasjon med totalt tre ladeuttak.

Store skilnader

I Vestland er det store skilnader i delen av elbilar i nybilsalet, med om lag 30% nord for, og 60% sør for den gamle fylkesgrensa.

- Utbygging av hurtigladarar er viktig for at elbil skal vere eit reelt alternativ ved kjøp av ny bil - i alle fall om ein skal nytte bilen til varetransport eller taxi. Her kan vi vere ein aktiv pådrivar for omstilling, seier Tor André Ljosland (KrF), leiar i hovudutval for næring.

Han seier at tilskotsordninga er med å syte for at ladeinfrastrukturen blir bygd ut i heile fylket - ikkje berre der det lønar seg mest for marknadsaktørane.

- Desse tilsegna vil vere med å gjere det enklare å bruke elbil nord i Vestland, både for næringsdrivande og privatbilistar.

Midlar til ladar for drosje

Hovudvalet for næring vedtok også at det skal lysast ut ei ordning som skal gi stønad til drosjeløyvehavarar utanom Bergen til etablering av normalladarar. Ordninga har ei budsjettramme på 323 000 kroner. Ordninga skal utfylle Bergen kommune si støtteordning og gje løyvehavarar i heile fylket lik moglegheit til å søke stønad.

Utlysinga av midlar til hurtigladetilbod er ei oppfølging av vedtatt strategi for utviding av hurtigladetilbodet, og klimaplanane i gamle Sogn og Fjordane- og Hordaland fylkeskommunar.

I utlysinga blei det peika på nokre prioriterte strekningar med svakt ladetilbod, som fylkeskommunen ønskte søknadar på. Fylkeskommunen kan på denne måten bidra til ei utbygging som er føremålstenleg for forbrukar og næringsliv.