2,2 millionar til utvikling av levande byar og stadar i Vestland
Kvam herad er ein av sju kommunar i Vestland som no får tilskot til stadutvikling. Dei får støtte til å etablere ein vitenpark i Norheimsund i samarbeid med Fartøyvernsenteret.
Prosjektet i Kvam skal lage ein open og inkluderande møteplass og skape eit meir levande og attraktivt sentrum. Vestland fylkeskommune løyver til saman 2 275 000 kroner til by- og stadutvikling i dei sju kommunane.
− Ved å skapa gode rammer for kvardagslivet i byar og stadar i Vestland, kan vi bidra til ei meir berekraftig samfunnsutvikling. Levande stadar der folk ønskjer å bu, arbeide, drive næring og besøke, seier Synnøve Stalheim, seksjonssjef for plan, klima og folkehelse i Vestland fylkeskommune.
Ny søknadsfrist 15. september
Alle prosjekta som har fått innvilga søknaden, fremjar folkehelse og legg til rette for nytenkjande og menneskevennleg arealbruk, samt miljøvenleg transport. Alle kommunar i fylket kan søkje fylkeskommunen om støtte til stadutvikling tilpassa kommunale plan- og utviklingsprosessar, og neste frist er 15. september.
Desse kommunane får tilskot til by- og stadutvikling frå Vestland fylkeskommune
Kommune | Prosjekt | Tilskot |
Bergen kommune |
Laksevågneset; tilrettelegge for langsiktig transformasjon frå dagens industri til levande bydelssentrum. Utlysing av parallelloppdrag og samskaping som del av prosessen. |
400 000 kr |
Stord kommune | Leirvik sentrum: Etablere ein mellombels møteplass ved Torget i Leirvik sentrum som legger til rette for sosial kontakt og trivsel for alle aldersgrupper. |
140 000 kr |
Ullensvang kommune | Odda: planlegge ein urban, tilgjengeleg aktivitetspark særleg retta mot ungdom på smelteverkstomta |
400 000 kr |
Alver kommune |
Sentrumsutvikling pilot: ein samfunnsanalyse og moglegheitstudie for region, lokal- og nærsenter for å tydeleggjere funksjon, rolle og kvalitetar hos dei definerte sentra i nye Alver kommune. |
400 000 kr |
Sunnfjord kommune |
Etablering av eit mellombels, aktivt byrom i Førde sentrum gjennom medverknad/ involvering av ein rekke aktørar. |
370 000 kr |
Stad kommune |
Eidsgata: «Med hjarte for Eidsgata», skal jobbe med å få gateglød framfor gatedød gjennom samarbeid og brei involvering. |
165 000 kr |
Kvam kommune |
Norheimsund: Etablere ein Vitenpark i samarbeid med Fartøyvernsenteret. Ein åpen og inkluderande møteplass for alle som kan gje eit meir levande og attraktivt sentrum. |
400 000 kr |