Nasjonal transportplan, NTP

Kva meiner vi i Vestland må prioriterast i ny Nasjonal transportplan? NTP 2025-2036 blir lagt fram våren 2024.

Nærbilde tatt frå bakken av regnvåt, svart asfalt med slitasje og langsgåande sprekkar i asfalten. På smal veg omgitt av granskog og berg på venstre side og rekkverk på høgre side.
Svært mykje av dei 5547 kilometrane med fylkesveg i Vestland er i dårleg stand, og det er ikkje nok midlar til å dekke vedlikehaldsetterslepet. Dette er noko av det som skapar engasjement når fylket gjev innspel til ny Nasjonal transportplan våren 2023. foto: Vestland fylkeskommune

Vestland sitt innspel 

Vestland sitt høyringsfråsegn til Nasjonal transportplan 2025-2036 (PDF)

"Vestland fylke treng høg økonomisk ramme for NTP, og Regjering og Storting må innan ramma av NTP prioritera Vestland fylke med auka løyvingar uansett."
Vestland fylkesting, 13. juni 2023

Fylket peikar m.a. på at

  • transportsystema i Vestland har gjennomgåande langt lågare standard enn resten av landet, og har eit stort vedlikehaldsmessig etterslep på både riks- og fylkesvegar.
  • Vestland er det største eksportfylket og skaper store verdiar for 
    landet, og må ha infrastruktur som støttar dette.
  • naturen her gjer at infrastrukturutvikling må fortsetja i heile fylket om det skal utviklast i takt med resten av landet. 
  • investeringar som set liv og helse først, som rassikring, framkome for folk og næringsliv og eit miljøvenleg transportsystem må prioriterast.
  • investeringar trengst også for auka kollektivbruk, sykkel og gange.
  • det blir tatt omsyn til skadar og forebygging knytt til meir ekstremvêr, flaum og ras.
  • fylkeskommunen utfordrar Staten til å revidere kriteria for samfunnsøkonomisk lønsemd.

Arbeidet med neste Nasjonal transportplan er framskunda, då regjeringa meiner gjeldande NTP 2022-2033 ikkje lenger er realistisk med dei utfordringane Norge møter framover. Fylkeskommunen leverte høyringsfråsegnet etter handsaming i fylkestinget 13. juni 2023. 

Medverknad

Utgreiingar og prioriteringar til Nasjonal transportplan var på høyring våren 2023.
Fylkeskommunen hadde tre innspelsmøte, på Skei, Stord og i Bergen.  
Sjå høyringssaka: "Høring av transportvirksomhetenes svar på NTP-oppdrag - regjeringen".no

Transportverksemdene  leverte sine utgreiingar og prioriteringar til nye NTP 31. mars 2023, og desse forslaga vart sendt av Samferdsels- og Nærings- og fiskeridepartementet. 

Transportverksemdene er: 
Avinor AS, Bane NOR SF, Jernbanedirektoratet, Kystverket, Nye Veier AS , Statens vegvesen.