Tilskot til berekraftig verdiskaping 2024
Har du eit utviklingsprosjekt som kan bidra til verdiskaping i Vestland gjennom berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon?
Vestland fylkeskommune lyser ut inntil 17,5 millionar kroner til større og mindre prosjekt med søknadsfrist 19. juni. Meld deg gjerne på digitalt informasjonsmøte 16. mai eller 5. juni.
6.mai: Fullstendig utlysing er publisert. 10. mai: lagt til Vestland i målet.
15. oktober vil Hovudutval for næring gjere vedtak om tilsegn eller avslag på søknader.
Mål for utlysinga
Bidra til verdiskaping i Vestland basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon.
Kven kan søkje om støtte (målgruppe)
Kommunar, næringsaktørar, kunnskapsmiljø og andre utviklingsaktørar i Vestland.
Bedrifter kan ikkje søkje aleine.
Prioriteringar
Utviklingsprosjekt som kan bidra til verdiskaping i Vestland gjennom berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon kan få støtte.
Prosjekta skal bidra til å nå mål for minst ein av dei fire satsingane i Berekraftig verdiskaping - regional plan for innovasjon og næringsutvikling med presiseringane under. Satsingene er Grøn næringsutvikling, Areal til næringsutvikling, Innovative og inkluderande samfunn og Kompetanseutvikling i arbeidslivet.
Påverknad på klima og miljø må vere gjort greie for i søknaden.
Grøn næringsutvikling
Mål for satsinga: Eit næringsliv i Vestland med netto nullutslepp i 2030.
Delmål 1: Vestland har leiande posisjon internasjonalt i grøne verdikjeder.
Delmål 2: Eit innovativt og grønt næringsliv i heile fylket.
Vi etterspør spesielt prosjekt som bidreg til å styrke:
- sirkulærøkonomi og industriell symbiose, energieffektivisering, auka bruk av fornybar energi
- eksporten frå fastlandsnæringar
- heilårsarbeidsplassar i reiselivsnæringa
Areal til næringsutvikling
Mål for satsinga: Rett areal til rett føremål til rett tid.
Prosjekt skal spesielt bidra til delmål 2: Vestland har tilgang til nok eigna næringsareal som er basert på berekraftig bruk av naturressursar.
Vi etterspør i prosjekta samarbeid for å utvikle smartare og meir berekraftig bruk av areal i ein bu- og arbeidsmarknadsregion. Det kan gjelde på land og i sjø. Prosjekta må sjå omsyn til verdiskaping, sirkulærøkonomi, klima og miljø i samanheng. Dei skal ikkje erstatte ordinære kommunale planoppgåver. Planstatus for dei aktuelle areala må gjerast greie for i søknaden.
Innovative og inkluderande samfunn
Mål for satsinga: Verdiskaping og grøne arbeidsplassar i heile fylket.
Vi opnar for prosjekt knytt til delmål 1: Berekraftige bu- og arbeidsmarknadsregionar med like moglegheiter til å delta i verdiskaping.
Vi etterspør spesielt prosjekt som kan:
- styrke kommunane sitt arbeid med verdiskaping og sysselsetting
- bidra til å inkludere fleire i arbeidslivet
Kompetanseutvikling i arbeidslivet
Mål for satsinga: Fleire arbeidstakarar med rett kompetanse.
Vi etterspør spesielt prosjekt som bidreg til:
- utvikling av kompetansehevings- og utdanningstilbod etterspurt av arbeidslivet, mobilisering til auka bruk av slike tilbod
- ulike strategiske samarbeid knytt til rekruttering av rett arbeidskraft
Kva kan vi støtte?
Vi kan gje støtte til å gjennomføre større eller mindre utviklingsprosjekt i Vestland.
Eit prosjekt er tidsavgrensa og er ikkje dagleg drift. Det har klart definerte mål, tydeleg organisering, plan for gjennomføring, finansiering og venta resultat.
Prosjektet skal bidra til å nå måla og vere i tråd med prioriteringane for ordninga. Det skal vidare vere forankra i søkjar og samarbeidspartnarar i prosjektet sine planar/strategiar, og i relevante kommunale og regionale planar.
- Eit mindre prosjekt kan, men må ikkje, ha form av forprosjekt eller forundersøking i forkant av eit større prosjekt. Det varer typisk inntil 1 år og har 200.000 - 500.000 kr. i støtte
- Eit større prosjekt kan maksimalt vare i 3 år og har typisk mellom 500.000 og 1.500.000 kr. i støtte.
- Unnataksvis kan det bli gitt støtte på inntil 2 mill. kr. til eit prosjekt.
- For alle prosjekta er det krav om at minst 50% av finansieringa kjem frå andre kjelder enn fylkeskommunen, anten i form av eigen innsats, eigne midlar eller midlar frå andre.
Krav til prosjektplan, budsjettering og samarbeid
Prosjektplanen med budsjett skal gå fram av søknadsskjemaet i Regionalforvaltning.no, samt obligatoriske og tillate vedlegg (sjå punktet «Krav til søknaden» under).
Prosjekta skal ha resultatmål og effektmål. Resultatmåla er dei konkrete måla ein skal nå i prosjektperioden. Det er meir rettleiing om målformulering i søknadsskjemaet.
Vi oppmodar om å samle aktivitetane i arbeidspakkar knytt til delmåla i prosjektet. Ei arbeidspakke viser aktivitet, kva innhaldet i aktiviteten er, kven som er ansvarleg for å gjennomføre den, samt tilknytte kostnader og finansiering.
- Prosjektet må ha ein fullstendig finansieringsplan ved søknadstidspunktet. Den skal vise korleis aktivitetane i prosjektet skal bli finansiert.
- Alle kostnader som vert støtta skal vere knytt til aktivitetane i prosjektet. Det må kome fram i søknaden kven som skal gjennomføre dei ulike aktivitetane og kva kostnader som er knytt til aktivitetane. Vi dekker ikkje kostnader for aktivitetar som allereie er starta opp eller gjennomførte før vedtak om støtte er gjort.
- Godkjend timesats for eige arbeid i prosjektet følgjer Innovasjon Norge sine reglar, dvs. ein timepris på inntil 700 kr, inkludert overheadkostnader. Timekostnadene må vere reelle.
Støtte kan bli omfatta av statsstøtteregelverket.
Statsstøttte
Vestland fylkeskommune sine tilskot under ordninga kan utgjere statsstøtte etter EØS-avtalen. Både private og offentlege aktørar kan vere omfatta av regelverket, avhengig av kva aktivitet det vert søkt støtte til.
Der tilskotet vil utgjere statstøtte, vil fylkeskommunen i hovudsak heimle tildelinga i unntaket for bagatellmessig støtte. Sjå obligatorisk vedlegg til søknaden med informasjon om unntaksregelen og støttegrensa for bagatellmessig støtte.
For søkjarar som ikkje har høve til å ta i mot ytterlegare bagatellmessig støtte i prosjektperioden, vil fylkeskommunen vurdere om tilskotet kan tildelast etter eit av unntaka i GBER (den alminnelege gruppeunntaksforordninga).
GBER definerer nærmare bestemte aktivitetar fylkeskommunen kan støtte, kva type kostnadar knytt til desse aktivitetane fylkeskommunen kan dekke og kor stor del av dei støttegode kostnadane det offentlege kan dekke.
Relevante unntaksheimlar for denne utlysinga er i hovudsak GBER artikkel 25 og artikkel 27 . For at fylkeskommunen skal kunne nytte GBER må søknaden vise at planlagt aktivitet er i tråd med godkjente aktivitetar i ein GBER-heimel. All omsøkt prosjektaktivitet må gå fram av det obligatorisk budsjettvedlegget, og vise kostnader og finansiering for både søkjar og samarbeidspartnarar. Krav til støtteintensitet (kor stor del av kostnadene som kan bli dekka av offentleg støtte) vil gjelde for prosjekt som mottek støtte frå fylkeskommunen etter GBER.
Dette støttar vi ikkje
- aktivitetar som allereie er starta eller gjennomførte
- lovpålagde oppgåver
- bedriftsutvikling
Det vil seie at det ikkje blir gitt støtte som berre kjem til nytte for ei enkeltbedrift eller eit mindre og avgrensa tal bedrifter. I det ligg det at det ikkje blir gjeve støtte verken til å etablere, drive, gjere investeringar i, eller utvikle ei bedrift. Det blir heller ikkje gitt støtte til einskildpersonar - ordinære driftskostnader
- fysiske investeringar
- kausjon eller anna økonomisk garanti
- renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
- messer, arrangement eller konferansar får normalt ikkje støtte
- prosjekt kan normalt ikkje få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre.
Korleis søknaden blir behandla
Søknadane vil bli vurdert etter krav og vurderingskriterium i denne utlysinga.
Søknader som ikkje oppfyller krava vil kunne bli avvist på formelt grunnlag. Hovudutval for næring vil gjere vedtak om tilsegn eller avslag på søknader som har gått vidare til vurdering.
Søknadsbehandlinga vil følge krav til god forvaltningsskikk, offentlegheit, habilitet og etisk åtferd.
Det vil ikkje vere dialog mellom fylkeskommunen og søkjar i perioden etter innlevering av søknad og til vedtak er fatta, med unntak for retting av openberre feil eller mindre avklaringar. Det er derfor viktig at søkjar gjev tilstrekkeleg informasjon i søknaden til at denne kan behandlast utan vidare kontakt. Dersom det er spørsmål eller uklarheiter, vert det høve til å ta opp dette i informasjonsmøta eller ved å sende inn spørsmål før søknadsfristen går ut.
Vedtak om tildeling
Hovudutval for næring vil gjere vedtak om tilsegn eller avslag i møte 15. oktober 2024, om ikkje anna vert opplyst seinare.
Dokumentinnsyn
Alle kan be om innsyn i dokumenter hjå Vestland fylkeskommune. Hovudregelen i offentleglova er at saksdokument, journalar og liknande register er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov.
Dette er også utgangspunktet for søknadane som vert sendt inn. Opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov, er derimot unnatekne frå innsyn. Til dømes gjeld dette næringsopplysningar, som av konkurransemessige omsyn skal holdast hemmeleg (såkalla forretningshemmelegheiter).
Dersom det vert kravd innsyn i dokument som inneheld opplysingar som det skal eller kan nektast innsyn i, så tek vi normalt kontakt med søkjar for nærmare avklaring. Det vert likevel understreka at det er fylkeskommunen som tek endeleg avgjerd i spørsmålet om innsyn.
Kva søknaden skal innehalde - formalkrav
For at søknaden skal bli vurdert, må den oppfylle følgjande formalkrav:
- Søknaden må vere sendt inn via Regionalforvaltning.no innan søknadsfristen.
- Heile søknadsskjemaet må vere fylt ut. Det er gitt utfyllande informasjon om utfylling og innhald i hjelpeteksten, som det er viktig at søkjar gjer seg kjend med.
- Obligatoriske vedlegg er lagt ved (budsjett og skjema for bagatellstøtte).
Andre vedlegg er ikkje tillate. Unntak frå dette er vedlegg som er nødvendig for å understøtte informasjon i søknadsskjemaet, avgrensa til tids- og milepælsplan, avtalar om samarbeid og liknande. - Søkjar må vere i definert målgruppe.
- Søknaden må vere innan mål og prioriteringar for ordninga og kva det kan bli gitt støtte til.
- Prosjektet må ha ein fullstendig finansieringsplan ved søknadstidspunktet, der minst halvparten av finansieringa kjem frå andre kjelder enn fylkeskommunen.
- Prosjektbudsjettet er i hovudsak aktivitetsbasert. Det vil si at det er mogleg å sjå kva kvar av aktivitetane i prosjektet vil koste.
Vi kan avvise søknader som ikke oppfyller desse krava.
Vurderingskriterium
Søknadene vil bli vurdert på fire kriterium. (Oppdatert 6. mai)
behov og relevans, gjennomføring, resultat og effektar samt balansert prosjektportefølje.
1. Behov og relevans
Punkt å vurdere:
- I kor stor grad er prosjektet i tråd med målet og prioriteringane i utlysinga?
(Merk: Målet for utlysinga er å bidra til å nå målet for Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling) - Er prosjektet viktig for å nå mål i relevante kommunale eller andre planar?
- Er prosjektet forankra i prosjekteigar og samarbeidspartnarane sine eigne planar og strategiar?
- Er behov for eit tidsavgrensa prosjekt for å løyse utfordringane skissert i søknaden godt grunngjeve?
- I kor stor grad kan prosjektet tilføre noko nytt og nyttig i relevant sektor, bransje, eit geografisk område eller i heile Vestland? Har det overføringsverdi til andre?
- I kor stor grad vil fylkeskommunal støtte ha utløysande effekt? Det vil seie at utviklingsprosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid.
2. Gjennomføring
Punkt å vurdere:
- Forankring og prosjektorganisering:
Er det rett prosjekteigar og er dei rette samarbeidspartnarane med?
Er prosjektet godt forankra i prosjekteigar og samarbeidspartnarane si leiing?
Er prosjektet hensiktsmessig organisert?
Har samarbeidspartnarane ei aktiv rolle i prosjektet og/eller bidreg med finansiering? - Kapasitet og kompetanse: Har prosjekteigar og samarbeidspartnarane til saman den kompetanse, kapasitet og erfaring som skal til for å gjennomføre aktivitetane i prosjektet?
- Realistisk prosjektplan: Viser søknaden god samanheng mellom mål, aktivitetar og venta resultat og effektar?
Er kostnadsplan og tidsplan realistisk og tilpassa aktivitetane som skal gjennomførast? - Finansiering: Har prosjektet ein fullverdig finansieringsplan ved søknadstidspunktet, der alle kostnader i prosjektet er dekka gjennom finansieringsplanen?
- Aktivitetsbasert kostnadsplan: Er det kostnader knytt til kvar aktivitet, slik at det er mogleg å sjå av budsjettet kva kvar aktivitet vil koste. (sjå obligatorisk budsjettvedlegg)
3. Resultat og effektar
Punkt å vurdere:
- Verdiskapingspotensiale:
Dette handlar om potensialet for at prosjektet faktisk tilfører noko nytt og nyttig i relevant sektor, bransje, eit geografisk område eller i heile Vestland. Verdiskaping kan til dømes vere auka produktivitet og inntening, arbeidsplassar eller auka effektivitet og kvalitet – også på tenester.
Vil eit vellukka prosjekt på kort eller lengre sikt bidra til verdiskaping i Vestland?
Vil det bidra til å nå måla for utlysinga og eitt eller fleire av prioriteringane i utlysinga? - Påverknad på klima og miljø: Er potensiell påverknad av prosjektet på klima og miljø gjort greie for i søknaden?
Har prosjektet positiv, nøytral eller negativ påverknad på klima og miljø? - Deling og formidling: Er det ein plan for korleis resultat og erfaringar frå prosjektet blir delt med relevante aktørar/målgruppe i løpet av eller etter prosjektperioden?
4. Balansert prosjektportefølje
I prioritering mellom prosjekt med god vurdering på kriterium 1 – 3 kan det bli lagt vekt på fordeling av midlar på mindre prosjekt, større prosjekt og prosjekt innan ulike tematiske og geografiske område i fylket. Det kan i særlege tilfelle vere aktuelt å berre støtte delar av prosjektet.
Oppfølging og rapportering
Vilkår for gjennomføring av prosjektet vil gå fram av tildelingsbrev. Tilskotet må bli brukt i samsvar med godkjente aktivitetar i det tidsrom som går fram av tilsegnsbrevet.
Tilsegn om tilskot vil gjelde i inntil tre veker frå svar om vedtak er sendt til søkjaren. Tilsegna vil kunne felle bort, og midlane inndregne dersom:
- søkjar ikkje innan tre veker etter å ha mottatt tilsegn om tilskot signerer tilsegnsbrevet (e-signering)
- tiltaket ikkje er igangsett innan eitt år etter tildeling
- søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet i samsvar med dokumentert framdrift og kostnadsplan
Tilsegnsbrevet har krav til rapportering på framdrift, resultat og rekneskap. Det skal sendast inn rekneskap innan tre månader etter at prosjektet er gjennomført. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning.
Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll på at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.
Desse prosjekta har fått støtte i 2023
Hovudutval for næring vedtok 29. august støtte til 22. prosjekt. I møte 21. september gjorde utvalet vedtak om tilleggsbevilging, slik at det vart rom for fire nye prosjekt. Her er dei 26 prosjekta:
Søkjar | Prosjekt | Søkt om | Støtte inntil kr |
Atheno | «Med grøn kompetanse som konkurransefortrinn» | 1 055 000 | 640 520 |
Proptech Innovation | Donorbyggregister - Proptech Innovation | 450 000 | 450 000 |
Medvind24 Næringshage | Nettverk og utvikling i samarbeid for berekraftig verdiskaping i Etne kommune. | 1 100 000 | 750 000 |
Høyanger Næringsutvikling as | Vidareutvikling av Grøn Hub Høyanger | 2 000 000 | 2 000 000 |
Høgskulen på Vestlandet | Nettverksbygging og sikring av regional omstillingskompetanse | 1 352 500 | 900 000 |
Trient AS | Mulighetsstudie for etablering av biogassanlegg på Skaganeset | 700 000 | 700 000 |
The Seafood Innovation Cluster AS | Industriell symbiose fra landbasert oppdrett | 590 000 | 590 000 |
Bergen Vitensenter AS | Regionalt samarbeid om rekruttering til realfag, ingeniør- og teknologiutdanningene i Havbyen Bergen | 1 365 000 | 1 365 000 |
GCE Ocean Technology | Havvind i vest - hvordan skal leverandørindustrien i Vestland rigge seg for havvindmarkedet? | 560 000 | 560 000 |
Årdal Utvikling | Grøn hub Årdal Teknologipark | 6 225 000 | 1 500 000 |
Vestlandsforsking | Forum for berekraftig sirkulær økonomi i Vestland | 975 000 | 700 000 |
Proptech Innovation | Ombruk av betongkonstruksjonar | 649 500 | 649 500 |
Aksello AS | Studiesenter Kysten | 500 000 | 500 000 |
Media City Bergen as | Et attraktivt jobbmarked for medieteknologer i Vestland | 260 000 | 260 000 |
Corvus Energy | Batterier til havs: Fra lineært til sirkulært | 800 000 | 800 000 |
Sustainable Energy A/S | Energy House II - Støtte til forprosjekt | 2 500 000 | 1 500 000 |
Norway Fortescue Future Industries | Circular economy in Svelgen from green ammonia production [CircuS] | 3 507 500 | 670 000 |
The Seafood Innovation Cluster AS | Kompetanseprogram for standardisering av miljødata i havbruksnæringen | 300 000 | 300 000 |
Næringsalliansen | Strukturert satsning for havvind i Vestland | 1 500 000 | 1 000 000 |
Osterøy Utvikling AS | Utvikling av robotteknologisatsingen med utgangspunkt i Osterøy | 1 500 000 | 1 500 000 |
Høgskulen på Vestlandet | Fleire reiselivsmedarbeidarar med rett kompetanse | 901 550 | 901 550 |
Ocean Hyway Cluster (Hub for Ocean) | Ringvirkninger av retrofitprosjekt i Vestland | 1 358 250 | 1 358 250 |
Ressursbanken: Portal for arbeidsinkludering | Social Impact Lab | 200 000 | 200 000 |
Grunnkurs i sirkulærøkonomi | Bergen Vitensenter AS | 139 250 | 139 250 |
Sikkerheit ved bruk av ammoniakk som maritimt drivstoff | Maritime CleanTech | 990 000 | 990 000 |
Utnyttelse av bi-produkter fra hydrogenproduksjon til fiskeoppdrett | HTwo-Fuel AS | 770 000 | 770 000 |
Det vil bli sendt ut tilsegnsbrev fortløpande, eventuelt invitasjon til møte der det er behov for dialog før tilsegnsbrev vert utforma.