Verdiskaping
Hovudmålet i regional plan for berekraftig verdiskaping i Vestland er at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket, basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. For å følgje opp status og utviklingstrekk er oppdaterte rapportar og analyser som viser data frå ulike delar av fylket viktig.
Vestland har lange tradisjonar og høg aktivitet innan mellom anna maritim transport, leveransar til olje og gass, marine næringar, reiseliv og prosessindustri. Felles for verdikjedene er at dei byggjer på konkurransefortrinna i Vestland, men også at ein står overfor omstillingar i åra som kjem og vesentlege barrierar knytt til mellom anna kraft og nett, areal og infrastruktur, kapital og kompetanse.
Hovudmålet i regional plan for berekraftig verdiskaping i Vestland er at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket, basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. Innanfor grøn næringsutvikling blir dette konkretisert med mål om eit næringsliv i Vestland med netto nullutslepp i 2030 og verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket.
For å følgje opp status og utviklingstrekk er oppdaterte rapportar og analyser som viser data frå ulike delar av fylket viktig. Vi har derfor kombinert nasjonale og regionale rapportar med eigne data og analyser, som grunnlag for presentasjonar og avgjerder.
Berekningar, visualiseringar og inndeling i hovud- og delnæringar er utarbeidd av Vestland fylkeskommune med utgangspunkt i rekneskapsdata frå bedrifter med adresse i Norge, etter dialog med mellom anna næringsråd og kommunar. Det er viktig å merke seg at tal og visualiseringar må brukast med varsemd, då det ligg berekningar bak, mellom anna knytt til fordeling av rekneskapstal for bedrifter med hovudkontor og underavdelingar.
Næringssamansetnad og verdiskaping er svært forskjellig på tvers av regionar og kommunar i Vestland. Vestland fylkeskommune har derfor laga rapportar, visualiseringar og presentasjonar på region- og kommunenivå. Overordna rapportar og dashboard finn du på denne sida.
I tillegg er det no laga PowerPoint-presentasjonar for alle regionar og kommunar på sida Verdiskaping per region og kommune. Alle presentasjonane har data på kommunenivå og inneheldt
- Storleik arbeidsstyrken ,med alderssamansetnad og del av befolkninga
- Næringssamansetnad for bedrifter for kommunen og utvalde postnummer
- Næringssamansetnad enkeltpersonføretak
- Del verdiskaping og tilsette av Vestland (overordna og for utvalde delnæringar. I notatfelta for lysarka for delnæringar ligg namn på dei største bedriftene i regionen)
- Fordeling verdiskaping, tilsette og driftsinntekter i kommunen på tvers av verdikjeder og ledd i verdikjedene
- Kraftbalanse i kommunen, med oversikt over kva typer kraft som blir produsert og forbruk for ulike grupper
Ta gjerne kontakt med lene.borgen.waage@vlfk.no dersom du har spørsmål, ønsker å få tilpassa presentasjonar på kommune- eller regionnivå eller ønsker å vise dashboardet på dykkar nettsider.
Du kan trykkje på ikonet nedst i høgre hjørne på figuren under for å opne oversikta i fullskjerm-modus.