Samarbeidsavtale med næringshagar og inkubatorar 2024-2026

Fylkeskommunen ønsker å utnytte ressursane i næringshagane og inkubatorane og gje dei kapasitet til å utføre oppgåver knytt til i Berekraftig verdiskaping – regionalplan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033 og denne planen sitt handlingsprogram. Dette er oppgåver som ligg utanfor verksemda som vert finansiert av Siva sine program.

Hovedutval for næring vedtok 29. august (PS 47/2023) å lyse ut tilleggsfinansiering av næringshagar og inkubatortar. 

Inkubatorane og næringshagane som er tatt opp i Siva sine nasjonale program er viktige i den samla infrastrukturen for innovasjonsstøtte i fylket. Inkubatorane og næringshagane er godt fordelt geografisk i Vestland og viktige pådrivarar for nærings- og lokalsamfunnsutvikling i sine nærområde.

Inkubatorane og næringshagane har og viktige rollar i sine lokalsamfunn som formidlarar av kunnskap om næringslivet sine behov, deling av kompetanse og knutepunkt for offentlege verkemiddelaktørar og aktørar i kunnskapssektoren.

For å nå måla i Berekraftig verdiskaping – regionalplan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033 treng Vestland fylkeskommune partnarar i fylket som bidrar med dei ressursane dei rår over, og kunnskap som supplerer og utfyller den kunnskapen som fylkeskommunen har. 

Næringshagar og inkubatorar som er tatt opp i Siva sine nasjonale program og som har sitt verkeområde i Vestland.

Tilskotsordninga skal bidra til gjennomføring av regionale utviklingsoppgåver som ligg utanfor innovasjonsselskapa sin verksemd knytt til Siva-programma. Det vert forventa at aktørar med samarbeidsavtale deltek i relevante samarbeidsprosessar og nettverk. I tillegg bør aktørane bidra med innspel til fylkeskommunen i relevante sakar, planar og strategiar.


Oppgåver som vert finansiert gjennom ordninga skal vere knytt til mål i Berekraftig verdiskaping - regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033 og handlingsprogrammet knytt til planen.

Mål frå Berekraftig verdiskaping - regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033 og handlingsprogram med døme på aktivitetar i samarbeidsavtale

Grøn næringsutvikling:

  • Synleggjering av næringsliv i regionen og moglegheiter for samarbeid og forretningsutvikling.
  • Støtte opp om et variert og mangfaldig næringsliv.
  • Midla kan óg nyttast til lokal/regional tilrettelegging for ulike initiativ frå fylkeskommunen som krev mobilisering av næringslivet.

Innovative og inkluderande samfunn:

  • Aktivitetar for å styrke deltaking i samfunns- og arbeidsliv.
  • Aktivitetar som bidreg til god innovasjonsinfrastruktur i heile fylket.
  • Verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar i heile fylket.
  • Aktivitetar som kan auke berekraftig innovasjon og entreprenørskap.
  • Utvikle nye nettverk og klynger, vidareutvikle samarbeid mellom eksisterande og stimulere til konsortiebygging i forbindelse med store utlysingar.

Kompetanseutvikling i arbeidslivet:

  • Leggje til rette for samarbeid mellom aktørar i verkemiddelapparatet, kommunar, utdanning- og forskingsinstitusjonar.
  • Fleire arbeidstakarar med rett kompetanse

Felles innsats for å stimulere til FoU/ innovasjon:

  • Aktivitetar som legg til rette for kompetanseutvikling i næringslivet.
  • Mobilisere bedrifter til verkemiddelapparat, rådgiving, tilgang på møteplassar mm.
  • Aktivitetar for å styrke forsking, nyskaping og innovasjon i regionen.

 

Aktivitetar som ikkje blir støtta

Vestland fylkeskommune har fleire ordningar som dekker ulike typar aktivitetar. Søkjaren kan ikkje søke om støtte til følgjande type aktivitetar:

  • Tidsavgrensa prosjekt, som det kan søkast støtte til gjennom årlege utlysingar frå Vestland fylkeskommune, eller gjennom andre ordningar.
  • Førstelinetenester.
  • Forskingsprosjekt.
  • Lovpålagte kommunale oppgåver.
  • Aktivitetar som kan bli finansiert gjennom Grøn Region Vestland
  • Aktivitetar som allereie er finansiert gjennom andre offentlege ordningar.

Maksimalt støttebeløp for den einskilde avtale vil vere 1 million kronar. Utforming og ferdigstilling av avtalar vil skje i samsvar med regelverket for statsstøtte.

Føresetnader:

  • at tiltaket ikkje blir gjennomført i dette omfanget utan at det vert gitt offentleg støtte 
  • at vi ikkje støttar foretak med økonomiske problem
  • maks støtte er normalt 50 prosent av avtalt aktivitetsplan og budsjett.

Ved vurdering av søknadane vert det lagt vekt på følgjande kriterium:

Samarbeid: 

Aktivt tar del i samarbeid og nettverk innan sitt geografiske og/eller faglege arbeidsfelt, eller har konkrete planar om å gå inn i eller starte eit samarbeid med tre eller fleire aktørar. Samarbeidet kan inkludere aktørar innan næringsliv, FoU, offentlege verksemder, sivilsamfunnet og innbyggarar.

Kriterium:

  • At den tematiske innrettinga for samarbeidet er i tråd med måla for utlysinga.
  • Tal samarbeidsaktørar.
  • Grad av formalisering og institusjonalisering av samarbeidet.
  • Korleis samarbeidet bidreg til samfunnet/regionen/fylket.


Bidrag til å nå mål for utlysinga

Bidrag til å nå mål for utlysinga og gjennomføring av handlingsprogram 2022-2025 for Berekraftig verdiskaping og temaplanar vil bli vurdert.

Kriterium:

  • Effekten aktøren vil ha på verdiskaping og sysselsetting i sitt geografiske og faglege nedslagsfelt.
  • Klimaomsyn og berekraft er grunnleggjande premissar ved tildeling av Vestland fylkeskommune sine midlar.
  • Geografisk dekningsområde


Gjennomføringsevne

Det vil bli lagt vekt på at søkjar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert:

  • Kva for kompetanse søkjar har eller kan knyte til seg.
  • Sårbarheita i verksemda.
  • Verksemda sine mål med søknaden må vere realistiske, og risikofaktorane må vere klargjort.

Samanhengen mellom mål, aktivitet og budsjett vil bli vektlagt.

Heilskapleg og balansert aktørbilde

I vurderinga av søknadane vert det lagt vekt på fordeling av midlar mellom ulike typar aktørar, ulik bransjetilknyting og geografisk verkeområde i Vestland fylke. I dette ligg at søknader kan verte prioritert framfor andre for å sikre at den samla støtta fordeler seg best mogleg og bidreg til å oppnå føremålet for ordninga.

Det vert lagt opp til ein søknadsprosess kor søkar sender inn ein forenkla søknad som dannar utgangspunktet for ein drøfting om ein avtale om samarbeid for dei neste 3 åra. 

Tidsline for søknadsbehandlinga:

  • 29. august - Hovudutval for næring vedtek retningsliner, utlysing og prosess
  • 1. september - Utlysing av ordning
  • 8. september - Søkerseminar
  • 1. oktober - Søknadsfrist
  • oktober/november - Panelbehandling
  • November - Hovudutval for næring får referatsak med informasjon om søknader
  • Oktober til desember - Drøfting med søkarane
  • Januar 24 - Hovudutval for næring vedtek kva for aktørar innan innovasjon og næringsutvikling Vestland fylkeskommune skal underteikne samarbeidsavtale med
  • Februar 24 - Signering av avtalar

Panelbehandling

Forenkla søknad blir levert innan 1. oktober gjennom regionalforvaltning.no. Søknaden vil bli vurdert av fleire fagpersonar med relevant kompetanse. 


Drøftingar med søkarane

Med utgangspunkt i søknadane vert det sett ned drøftingsteam med relevant kompetanse, som i dialog med søkarane drøftar eit endeleg avtaleforslag. I denne prosessen vert det lagt vekt på at aktivitetane støttar opp om dei overordna måla for næringsutvikling og innovasjon i heile fylket.
Endeleg politisk behandling av avtalene vert gjort når drøftingane er sluttført i januar 2024. Formell avtaleinngåing vert gjort etter endeleg politisk vedtak.

 

  1. Prinsipp for behandling

Søknadsbehandlinga skal følge krav til god forvaltningsskikk, offentlegheit, habilitet og etisk åtferd.

Søknadane blir vurdert etter krav og kriterium i denne utlysinga. Søknader som ikkje oppfyller krava vil kunne bli avvist.

EØS-regelverket for offentleg støtte (statsstøtteregelverket) kan også påverke om det er høve til å gje støtte, og eventuelt omfang av støtte. Det er gitt ytterlegare informasjon om statstøtte i punkt 3 nedanfor.  

  1. Vedtak om tildeling

Hovudutval for næring vil gjere vedtak om tilsegn eller avslag i tentativt i januar 2024b, om ikkje anna vert opplyst seinare.

  1. Statsstøtteregelverket

Dersom søkjar og prosjektet er omfatta av EØS-regelverket, blir eventuelle tilskot tildelt etter den såkalla gruppeunnataksforordninga (GBER) eller reglane om bagatellmessig støtte. Desse reglane kan avgrense moglegheitene til å støtte prosjekta, heilt eller delvis.

Støtte i samband med samarbeidsavtalane vil i utgangspunktet verte løyva med føresetnad om at aktiviteten ligg under desse generelle unntaksartiklane (GBER) i statsstøtteregelverket

  • Art 18                    Støtte til rådgivningstjenester til SMB-er
  • Artikkel 19          Støtte til SMB-ers deltaking på messer
  • Artikkel 20          SMBs deltakelse i EU prosjekt
  • Artikkel 24          Støtte til kostnader knyttet til forundersøkelser
  • Artikkel 25          Støtte til forsknings og utviklingsprosjekter
    Innenfor følgende kategorier:
    a) Grunnforskning
    b) Industriell forskning
    c) Eksperimentell forskning
    bd) Forundersøkelser
  • Artikkel 27          Støtte til innovasjonsklynger
  • Artikkel 28          Innovasjonsstøtte til SMB-er
  • Artikkel 29          Støtte til prosess- og organisasjonsinnovasjon
  • Artikkel 30          Støtte til forskning og utvikling i fiskeri og akvakultursektoren
  • Artikkel 31          Opplæringsstøtte
  • Artikkel 53          Støtte til kultur og bevaring av kulturarv

Nærare om regelverket for gruppeunnataksforordninga (GBER) - sjå  Kommisjonsforordning 651/2014 av 17. juni 2014 (uoffisiell norsk oversetning).

Dersom GBER ikkje kan nyttast, kan fylkeskommunen vurdere å tildele støtta som bagatellmessig støtte. Eit føretak kan ta i mot inntil 200 000 euro over ein periode på tre år som bagatellmessig støtte. Forordninga er tilgjengeleg her: https://ec.europa.eu/competition/state_aid/legislation/de_minimis_regulation_en.pdf

  1. Dokumentinnsyn

Alle kan be om innsyn i dokumenter hjå Vestland fylkeskommune. Hovudregelen i offentleglova er at saksdokument, journalar og liknande register er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov.

Dette er også utgangspunktet for søknadane som vert sendt inn. Opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov, er derimot unnatekne frå innsyn. Til dømes gjeld dette næringsopplysningar, som av konkurransemessige omsyn skal holdast hemmeleg (såkalla forretningshemmelegheiter).

Dersom det vert kravd innsyn i dokument som inneheld opplysingar som det skal eller kan nektast innsyn i, så tek vi normalt kontakt med søkjar for nærmare avklaring. Det vert likevel understreka at det er fylkeskommunen som tek endeleg avgjerd i spørsmålet om innsyn. 

Målet med ein meir langsiktig ordning for samarbeidsavtalar, tildeling etter forenkla søknad og drøfting om innhald i avtalane, er å legge forhalda til rette for å utvikle eit endå betre samarbeid mellom fylkeskommunen og den einskilde aktør, og mellom aktørane. Langsiktige avtalar på tre år med mellombels evaluering gjer det mogleg å utvikle og forbetre avtalane basert på røynsle og endring i samfunns- og næringsliv, kapasitet, prioritering og behov hjå partane.

Fylkeskommunen forventar årleg rapportering frå aktørane og at dei som har samarbeidsavtale bidreg i regionale nettverk og samarbeidsprosessar, og gir innspel til fylkeskommunen i relevante sakar, planar og strategiar.
Samhandlinga med næringshagane og inkubatorane som tar del i Siva sine program, vil skje med utgangspunkt i det samla oppdrag som fylkeskommunen gjer Siva og fylkeskommunen sin støtte og deltaking i nettverket Inunet. Oppfølging og utvikling av samarbeidet utanfor programaktiviteten vil følgje ein årsplan.

Årshjul: 

  • Februar - Rapportering frå føregåande år; Leveranse: Årsrapport eller annan rapport, «gode historier»
  • Mars - Fakturering for inneverande år  
  • Juni – Oppfølgingsmøte; Levranse: Justert aktivitetsplan inneverande år
  • 2. halvår - Samarbeidskonferanse 
  • November/desember - Dialog om aktivitetsplan og mål for kommande år; Leveranse: Aktivitetsplan påfølgande år

 

Her har vi samla ein del spørsmål og svar til ordninga med samarbeidsavtalar som er av generell interesse.

Tidsperiode for avtale: Det skal inngås avtale for tre år - 2024-2026.  

Eigenfinansiering

Korleis skal vi dokumentere eigenfinansiering på normalt 50 prosent av støtteberettiga kostnadar?

Dette kravet er knytt til  statsstøtteregelverket. Eigenfinansiering kan vere eigeninnsats i timer eller penger. Eigeninnsats skal dokumenterast gjennom budsjett i søknaden. I avtalene vil dere verte stilt krav om årleg rapportering av gjennomførte aktivitetar og årsregnskap for organisasjonen.

Eigenfinansiering  kan vere både timar og pengar. 

Statsstøtteregelverk: Kan ein organisasjon søke om støtte til aktivitetar som fell under GBER Art 27 i statsstøtteregelverket?

Ja, det er mogleg, men vi gjer merksemd på at det er ein klyngeorganisasjon kun kan motta offentleg støtte i maksimalt ti år samla under denne unntaksartikkelen.