Næringsforum Vestland
Næringsforum Vestland er ein partnarskap for samordna innsats for å fremje innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke i tråd med mål og strategiar i vedtekne regionale styringsdokument. Næringsforum Vestland skal også vere eit verktøy for koordinert innsats av midlar og andre ressursar som partnarane i forumet rår over til regional næringsutvikling og innovasjon.
Strategiar
Hovudstrategiane for arbeidet i Næringsforum Vestland arbeid skal vere dei til ein kvar tid vedtekne hovudstrategiane i vedtekne styringsdokument for fylket. Næringsforum Vestland skal sikre koordinert og effektiv utnytting av offentlege ressursar til næringsutvikling i fylket, her under samarbeid mellom dei ulike aktørane i gjennomføringa av konkrete tiltak.
Samarbeid
Deltakarane i Næringsforum Vestland skal gjennom eit forpliktande samarbeid medverke til:
- Å sette dagsorden og utvikle strategiar for ei samordna næringsutvikling.
- Ei betre koordinering av verkemiddelbruken.
- Ta initiativ til forsøk med ny verkemiddelbruk, andre organisasjonsformer og/eller arbeidsmåtar.
- Samordning av det strategiske planarbeidet for næringsutvikling i fylket.
- Å vidareutvikle Næringsforum Vestland som ein arena for regional næringsutvikling, industrialisering og innovasjon
Mynde og arbeidsområde
Næringsforum Vetland har ein sjølvstendig rådgjevande funksjon overfor administrativ leiing i Vestland fylkeskommune i spørsmål om næringsutvikling, arbeidsmarknad, næringsretta infrastruktur inkludert samferdsel og utdanning/kompetanseutvikling.
Oppgåver
Næringsforum Vestland skal mellom anna:
- Sikre kunnskapsgrunnlag for og ta initiativ til tiltak og satsingar for å fremje næringsutvikling og innovasjon.
- Vere overordna styringsgruppe for utarbeiding/revisjon av regionale styringsdokument knytt til arbeidsområda etter vedtak i fylkeskommunen.
- Følgje opp dei årlege handlingsprogramma der Næringsforum Vestland er tildelt ei rolle og ta initiativ til prosjekt/tiltak for å sikre ei god og treffsikker gjennomføring.
- Ta initiativ til utgreiingar / evalueringar med sikte på betre samordning av ressursbruken knytt til næringsutvikling.
- Informere om, og diskutere viktige ad-hoc saker som har relevans for næringsutvikling og sysselsetting i fylket.
Ressursar
Vestland fylkeskommune finansierer drifta av Næringsforum Vestland som organ. Dei viktigaste økonomiske verkemidlane fylkeskommunen rår over til regional næringsutvikling er knytt til budsjettet i det årlege handlingsprogrammet. Organisasjonane som deltar i Næringsforum Vestland, bidreg elles med ressursar til felles tiltak og satsingar etter nærare avtale.
Samansetnad
Næringsforum Vestland har frå april 2020 slik samansetnad:
- Vestland fylkeskommune ved avdelingsdirektør innovasjon og næringsutvikling – leiar
- Innovasjon Norge Vestland ved direktør
- Statsforvaltaren i Vestland ved landbruksdirektør
- Fiskeridirektoratet Region Vest ved regiondirektør
- NAV Vestland ved direktør
- Universitetet i Bergen ved rektor
- Høgskulen på Vestlandet ved rektor
- Norges Handelshøyskole ved rektor
- NHO Vestlandet ved regiondirektør
- LO Vestland, ved regionleiar
- Norges forskingsråd, ved regional representant Vestland
- KS Vestland, ved dagleg leiar
- Bergen kommune, ved næringssjef.
- Siva ved områdeansvarleg
- Næringsalliansen Vestland
Fast møtande frå Vestland fylkeskommune, avdeling for innovasjon og næringsutvikling:
- seksjonsleiarane møter når det er saker som gjeld deira saksfelt
Inviterte, og møter når det er relevante saker til handsaming:
- avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse
Dersom ein av dei faste medlemmene er forhindra frå å møte, kan ein la seg representere ved stedfortredande/assisterande leiar etter avtale med leiar for Næringsforum Vestland.
Referat frå næringsforum
Næringsforum møtereferat 2 juni 2023 (pdf)
Næringsforum møtereferat 27 april 2023 (pdf)
Næringsforum møtereferat 20 januar 2023 (pdf)
Næringsforum møtereferat 13 desember 2022 (pdf)
Næringsforum møtereferat 26 oktober 2022 (pdf)
Næringsforum møtereferat 9. september 2022 (pdf)
Næringsforum møtereferat 28. april 2022 (pdf)
Næringsforum møtereferat 24. februar 2022 (pdf)
Næringsforum møtereferat 3. februar 2022 (pdf)
Næringsforum mørereferat 14. desember 2021 (pdf)
Næringsforum møtereferat 19. oktober 2021 (pdf)
Næringsforum møtereferat 24. september 2021 (pdf)