Tilskot til hurtigladeinfrastruktur for elektriske køyretøy og tunge køyretøy 2026
Du kan no søkje tilskot til utbygging av offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar for elektriske køyretøy og tunge køyretøy i Vestland. Søknadsfrist er 17. august 2026.
I plan for Berekraftig verdiskaping 2021-2033 har Vestland fylkeskommune vedtatt mål om å vere ein pådrivar for netto nullutslepp innan 2030. Elektrifisering av bilparken er eitt av satsingsområda for å nå måla om klimaomstilling.
Målet med utlysinga
Fylkeskommunen tilbyr investeringsstønad til dei som vil etablere offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar for elektriske køyretøy/personbilar og tunge køyretøy.
Vestland fylkeskommune har sett av ca kr 3.680.000 til hurtiglading for personbilar og kr 6.800.000 til hurtiglading tunge køyretøy for 2026.
I 2026 skal prioriteringa for hurtiglading for elektriske køyretøy vere å betre dekninga i distrikta i Vestland med dårleg ladetilbod. Det er eit fokus på å gjere regionar mindre sårbare, både gjennom å oppgradere hurtigladarar med låg kapasitet, og å etablere hurtiglading på nye lokasjonar.
Lokasjonar som til dømes er spesielt aktuelle å motta søknader på i 2026 er:
- Bømlo: Moster og Finnås
- Høyanger: Høyanger sentrum, Bjordal/Ortnevik
- Kvam: Strandebarm og Ålvik
- Bremanger: Davik
- Stad: Selje
- Vik: Vik
- Stryn: Olden, Innvik, Utvik
- Gulen: I hovudsak knytt til ferjeområda/Rutledal/fylkesveg 57
- Hyllestad: fylkesveg 57, fylkesveg 607
- Gloppen: fylkesveg 615, Hyen, Hope
I 2026 skal prioriteringa av infrastruktur for tunge køyretøy vere i områda rundt innfartsårene til byane, sentrale strekningar, samt strategiske industri- og næringsområde, for å sikre berekraftig verdiskaping. Desse skal utfylle Enova sine prioriterte strekningar, slik at dei supplerer og ikkje konkurrerer med Enova si ordning.
Sjå utgreiing til Utvalsmøte PS 37/2026.
Vestland har òg ei anna ordning knytt til ladeinfrastruktur: Tilskot til normalladarar ved reiselivsdestinasjonar i Vestland - Vestland fylkeskommune
Kven kan søkje?
Hurtigladeoperatøren skal vere eit lovleg etablert føretak, til dømes kommunar og private hurtigladeoperatørar. Føretaket må ha tilstrekkeleg finansiell styrke til å kunne etablere og ha gode løysingar for å drifte hurtigladetilbod. Vestland fylkeskommune tek atterhald om å krevje dokumentasjon på desse minimumskrava i søknadsdialogen.
Søkjar kan gjerne samarbeide med til dømes andre ladeoperatørar, kommunar, eigedomsforvaltarar, grunneigarar, helseføretak, handels- og serviceverksemder, og kraftselskap i prosjektet. Det er òg ynskjeleg med spleiselag, der søkjar får finansiering frå andre eksterne aktørar utover det denne ordninga gjev rom for åleine. Til dømes Merkur-programmet. Merkur-programmet gjeld spesifikt for Merkur-butikkar i distrikta.
Meir om utlysinga
Utlysinga skal bidra til å oppnå måla i fylket sin Strategi for ladeinfrastruktur i Vestland, vedtatt i fylkestinget 24.03.2026.
Fylkeskommunen kan gje lovleg stønad til einskildføretak for å realisere samfunnsnyttige tiltak som ikkje kan gjerast på kommersielt grunnlag åleine. Nokre ladeoperatørar oppgraderer ladeplassane sine med betre ladeutstyr på kommersielt grunnlag. Fylkeskommunen kan difor ikkje gje tilskot til oppgradering av eksisterande ladeplassar i umiddelbar nærleik til slike ladeplassar. Det kan gjerast unntak for ladeplassar som ikkje vil påverke konkurransen negativt, eller som gagnar drosjenæringa i vesentleg grad.
Tildelingskriterium
Søknadane vert evaluert med omsyn til omsøkt søknadssum per installert kW og lokasjon i høve til ladetilbodet i nærleiken. Følgjande evalueringskriterium vert nytta for både hurtigladeinfrastruktur til elektriske personbilar og tunge køyretøy, sjå tabell:
| Evalueringskriterium | Poengintervall | Vekt |
| kr/kW: Omsøkt stønadsbeløp per installert kW | 0-10 i høve til lågaste og høgaste kr/kW | 60 |
| Lokasjon | 0-10 i høve lågaste og høgaste prioritert region/stad | 40 |
Med ladeuttak meinast ladeuttak som kan nyttast til ein kvar tid. Det vil seie at ein ladestolpe med to uttak, der eitt kan nyttast om gongen vert definert som eitt ladeuttak. Likeins, vert ein ladestolpe med fire uttak, der det er plass til to bilar definert som to ladeuttak.
Fristar, tidskrav og vilkår for tilskot og utbetaling
Det må søkjast via regionalforvaltning.no.
Søknadsfrist er 17. august 2026. Det vert politisk behandling i hovudutval for næring 15. september. Svarbrev vert send kort tid etter politisk behandling.
Tilskot skal vere utløysande og avgjerande for at prosjektet kan realiserast. Dette betyr at prosjekt som allereie er vedtatt gjennomført, montert eller sett i gang, ikkje vert støtta.
Fylkeskommunen kan i hovudsak dekkje opptil 50 prosent av godkjende investeringskostnadar. Det må leggjast ved ein oversikt over kostnadar for kvart tiltak. Driftskostnader vert ikkje dekka.
Godkjende investeringskostnader er knytt til: Anleggsbidrag knytt til straumtilførsel, tilrettelegging av areal/tomt, innkjøp og montering av ladeinfrastruktur, eige administrativt arbeid i prosjektet. Godkjend timesats for eige arbeid i prosjektet er inntil 1 promille av nominell/brutto årsløn, maksimalt kr 1500 per time, totalt inntil 1850 timar per år. Sjå rettleiing og retningslinjer i Føring av personalkostnader og eigenfinansiering i tilskotsordningar .
Vilkår for gjennomføring, rapportering og rekneskap i prosjektet vil gå fram av tilsagnsbrevet. Tilskotet må verte brukt i samsvar med godkjente tiltak i det tidsrom som går fram av tilsagnsbrevet. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til fylkeskommunen for vurdering og godkjenning.
Søkjar må innan tre (3) veker etter å ha mottatt tilsegn om tilskot, akseptere og signere tilsegnsbrevet (e-signering).
Stønad vert utbetalt på etterskot. Tidsfrist for driftssetting og fakturering er 1 år etter signert tilsagnsbrev. Dersom søkjar ikkje har sett i gong tiltaket og bedt om utbetaling innan 1 år, kan tilsegna falle bort. Tilskotsmottakar kan søkje om utsetting av fristen.
Søkjar ber om utbetaling gjennom regionalforvaltning.no. For utbetaling, er det krav om dokumentasjon av kostnadar for tiltaket, samt ein kortfatta rapport der det går fram talet på ladeuttak, kW installert, lokasjon.
Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll på at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.
Midla skal tildelast i tråd med regelverket for offentleg støtte, jf. EØS-avtalen artikkel 61 (1). Dette vil kunne avgrense støttegrad og tildeling
Klage
Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker. Fristen vert rekna frå den dagen dei fekk melding om vedtaket.
Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans.
Du kan sende klagen til Vestland fylkeskommune, på e-post: post@vlfk.no
Klagen må innehalde opplysningar om kva vedtak som det vert klaga på, og dei grunnar som klagen støttar seg til.