Grøn region Vestland

Grøn region Vestland er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg på vegne av Næringsforum Vestland. Målet er å skape samarbeid mellom ulike offentlege og private aktørar for å sikre at arbeidet med grøn omstilling i Vestland kan skje både raskare, betre og enklare. Grøn region Vestland er heilt unikt i norsk samanheng.

Kva skjer no?

Grøn region Vestland har no lansert både ei oppdatering av Vestlandsporteføljen så vel som eigne heimesider. Her vil all ny informasjon publiserast. Sjå meir om prosjektet og dei nye, strategiske grøne hubbane her:

Grøn Region Vestland (gronregionvestland.no)

Grøn region Vestland riggar Vestland for det grøne skiftet

Med bakgrunn i tilrådingar frå prosjektet "Grøn region Vestland" gjennomført i 2021 har eit breitt regionalt partnarskap i Vestland gått saman om å etablere ei felles satsing for å auke tempo, gjennomføre prioriteringar og treffe dei naudsynte tiltaka for å lukkast med grøn omstilling i fylket. Prosjektet har sitt utspring i samarbeidsorganet Næringsforum Vestland, og i ei kartlegging gjennomført i januar 2022 har nesten 100 aktørar, primært verksemder og «mellomromspelarar» som næringshagar, inkubatorar, utviklingsselskap, klynger, forskingsinstitusjonar osv. svara at dei ønskjer å vere ein del av dette.

Grøn region Vestland skal vere ein aksjonsretta og lite byråkratisk samanslutning. Det er næringslivet sjølve som må stå for gjennomføringa og den faktiske realiseringa av Grøn region Vestland, men vi skal legge til rette for å gje verksemdene den støtta dei treng for å lukkast. Vi vil i størst mogleg grad nytte eksisterande strukturar, og styrke og ansvarleggjere desse innanfor deira kompetanseområde.

Grøn region Vestland vil kople næringsutviklingsarbeidet i fylket ytterlegare til klimagassreduksjon ved at grøn omstilling, næringsutvikling og klimagassreduksjon dominerer i alle ledd i eit breitt partnarskap som sameiner verkemiddelaktørane, næringslivsrepresentantar, UH‐sektoren og andre relevante partar. Med Grøn region Vestland omset vi EU sin «Grøne giv» til vestlandsk, som Noregs første region.

Organisering

Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge vil vere prosjekteigarar, medan Næringsforum Vestland er styringsgruppe. Prosjektet har rigga ein særskild prosjektorganisasjon med prosjektleiar tilsett i Innovasjon Norge medan kommunikasjonsrådgjevar er tilsett i Vestland fylkeskommune. I tillegg er andre ressurspersonar hos begge prosjekteigarane tilknytt prosjektet.

Vi målrettar innsatsen for å byggje verdsleiande grøne hubbar gjennom industriell symbiose

Gjennom kartleggingsprosjektet vart det identifisert ei lang rekke grøne omstillingsprosjekt som skjer innanfor 19 grøne hubbar. Dei er avgrensa geografiske område der tilhøva ligg særs godt til rette for vidare utvikling. For å realisere potensialet i desse hubane er ein avhengig av godt samarbeid på tvers av næringar og mellom ei rekke ulike aktørar.

Prosjektet er jamleg i dialog med verksemdene og hubbane om deira behov, og ein viktig del av jobben vil vere å kople hubbane med dei rette «hjelparane» i både verkemiddelapparatet og blant mellomromsspelarane som har kompetanse og ressursar som kan hjelpe dei vidare. Vi informerer om kva som skjer i dei grøne hubbane og legg til rette for at dei kan formidle historia si til styresmakter og moglege samarbeidspartnarar.