Etablerersenteret
Etablerersenteret tilbyr kurs, rettleiing, rådgiving og nettverkstreff for gründerar, entreprenørar og oppstartbedrifter. Dei tilbyr kurs både på norsk og engelsk.
Etablerersenteret sine kurs gir deg den kunnskapen du treng for å starte di eiga bedrift. Du kan velje kurspakkar som inneheld fleire kurs til redusert pris, eller enkeltkurs.
Alle kan delta på kurstilboda til Etablerersenteret uavhengig bransje og status for bedrifta.
ABC Etablering
Kurspakken ABC Etablering gir deg den aller beste starten for deg og din verksemd, og naudsynt påfyll for deg som allerede har starta eiga verksemd. ABC Etablering inneheld kursa 1-2-3 Etablering, marknadsføringskurs og økonomikurs.
Kurspakka koster kr. 600,- per deltakar.
1-2-3 Etablering introkurs
3 timers kurs om etablering av bedrift. Her lærar ein om det formelle som må på plass for å starte eiga bedrift; til dømes val av selskapsform, risiko, skatt, moms, registrering, krav og liknande.
Pris: Gratis
Etablerarkurs
To heile dagar med kurs. I kurset går ein djupare inn i forretningsplanen og arbeid med forretningsideen og forretningsmodellering på dag 1. På dag 2 arbeid ein med økonomi og skatt. Det øvas på korleis ein bør presentere forretningsideen sin med ein "elevator pitch".
Pris kr. 300,- per deltakar.
Økonomikurs
Heildagskurs om økonomi. I kurset vil deltakarane kunne spele seg fram til økonomiforståing gjennom Økonomi Illustrator®. Deltakarane vert satt i grupper og arbeid saman om eit gitt case. Gruppa fungerer som eit styre for bedrifta, som dei følgjer over ein periode på fire år. Saman må dei ta tøffe strategival og avgjersler om bedrifta si økonomi og framtid - skal dei investere i nytt produksjonsutstyr? Betale ned lån og liknande? I tillegg lærer deltakarane om korleis setje opp eit resultatrekneskap og balanse, og korleis rekne ut nøkkeltal. Kurset er svært nyttig, og ein ser at deltakarane frå dette kurset tek med seg kunnskapen over i eiga verksemd.
Pris kr. 300,- per deltakar.
Marknadsføringskurs
Nysgjerrig på korleis du kan oppnå bedriftsmåla dine gjennom digital marknadsføring? Bli med på marknadsføringkurs for gründerar.
Kurset passar for deg dersom du treng ein kick-start eller ny inspirasjon til å gå i gang med å definera ein digital strategi, eller du er ny som gründer og vil leggja eit godt grunnlag for marknadsføringa di.
Kurs på engelsk
1-2-3 Start Up (engelsk versjon av 1-2-3 Etablering)
Rettleiing/ rådgjeving
Rådgjeving vert gjeve individuelt av Etablerersenteret sine forretningsutviklarar. Dette er ei gratis teneste for etablerarar som har delteke på Etablerersenteret sin kurs.
Nettverkstreff
Arrangeres månadleg på norsk (Treffpunkt) og fire gong i året på engelsk (Link Up @ The Library).