Etablerersenteret
Gjennom Etablerersenteret får du kunnskapen du treng for å starte di eiga bedrift. Etablerersenteret tilbyr kurs, rettleiing og nettverkstreff for gründerar.
Etablerersenteret er eit offentleg tilbod til gründerar i Bergensregionen, og eit spleiselag mellom Vestland fylkeskommune og 13 eigarkommunar frå tidlegare Hordaland. Etablerersenteret tilbyr individuell rettleiing, kurs og møteplassar for personar som ønskjer å starte og utvikle eiga verksemd. Målet er å bidra til at fleire startar opp og at fleire lukkast over tid.
Rettleiing
Viss du vil starte ei bedrift i ein av Etablerersenteret sine eigarkommunar, kan du få gratis rettleiing. Dette er eit lågterskeltilbod, og du treng ikkje ha ein ferdig forretningsplan. Etablerersenteret hjelper alle gründerar uavhengig av selskapsform og bransje.
Tilbodet består av enkle råd og generell rettleiing innan tema som:
- å lande dei «luftige ideane» og vurdere kor realistiske dei er
- informasjon og hjelp til oppstart av eiga verksemd
- hjelp til utvikling av forretningsplan
- informasjon om lokale og nasjonale «gode hjelparar» og støtteapparat
- informasjon om moglegheiter for deg som gründer i Vestland
Etablerarkurs
Etablererkurset gir deg grunnleggjande innføring i korleis du går fram for å etablere di eiga bedrift. I tillegg går det i djupna på problemstillingar du vil møte som sjølvstendig næringsdrivande.
Kursinnhald:
- Forretningsplanlegging
- Idé, marknad og økonomi i forretningsplanen
- Andre problemstillingar som sjølvstendig næringsdrivande
To heile dagar med kurs.
Pris kr. 300,- per deltakar.
Økonomikurs
Økonomikurset er eit heildagskurs der deltakarane lærer om økonomi gjennom spelet Økonomi Illustrator®. I dette kurset arbeider vi praktisk med rekneskapen til ei fiktiv bedrift.
- Du lærer å setje opp balanserekneskap
- Du lærer å setje opp resultatrekneskap
- Bruk av nøkkeltal og styringsdata
Pris kr. 300,- per deltakar.
Marknadsføringskurs
Lurer du på korleis du kan nå bedriftsmåla dine gjennom digital marknadsføring? Bli med på marknadsføringskurs for gründerar!
Kurset i digital marknadsføring kombinerer strategisk innføring med individuell rådgivning. Kurset gir deltakarane konkrete verktøy innan strategi, innhaldsplan, kanalval og marknadsføringsbudsjett.
Pris kr. 300,- per deltakar.
Nettverkstreff
Etablerersenteret arrangerer jamleg frukostmøte og gründerdagar for å samle gründerar til fagleg påfyll og nettverksbygging. Frukostmøta føregår i Etablerersenteret sine lokale på Vestlandshuset i Bergen. Gründerdagar blir arrangert i samarbeid med eigarkommunane til Etablerersenteret og dekker heile regionen. Kom på nettverkstreff for å få inspirasjon, fagleg påfyll og nye relasjonar!