LivOGLyst – eit program for lokalsamfunnsutvikling i Vestland

LivOGLyst er eit program for innbyggjarar i Vestland fylke som vil skape nytt engasjement, trivsel og aktivitet i lokalsamfunna sine. Programmet gir kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og aktivitetar.

Søk om å bli med i programmet med eit LivOGLyst-prosjekt innan 1. november.

Programmet gir lokalsamfunna og innbyggjarane sjølv moglegheit til å utvikle heimstaden sine til ein betre stad å bu og vere. Dette kan vere eit nabolag, ei bygd eller ein bydel. Gjennom eit LivOGLyst-prosjekt kan de saman skape eit attraktivt og levande lokalsamfunn.

Vil du vite meir? Bli gjerne med på digitalt infomøte om LivOGLyst-programmet 10. oktober.

Kva er eit LivOGLyst-prosjekt?

Eit LivOGLyst-prosjekt vert drive av folk i lokalsamfunnet. Det startar med at innbyggjarar samlast for å utforske korleis dei kan skape noko positivt i nærområdet sitt. Prosjektet skal involvere folk på tvers av alder, bakgrunn og interesser, og det skal mobilisere til dugnad.

Prosjektet startar med eit forprosjekt, der de kartlegg idear og ønske i lokalsamfunnet. Forprosjektet får eit tilskot på 80 000 kr for eitt år. Etterpå kan de søke om å bli eit hovudprosjekt, som får 300 000 kr fordelt over tre år for å halde fram med arbeidet som starta i forprosjektet.

Tilskotet kan brukast til

  • Prosjektleiing (inntil 50 prosent)
  • Mobiliseringstiltak og aktivitetar i lokalsamfunnet (t.d. nye møteplassar, arrangement, bygdefestar, folkemøte)
  • Deltaking i LivOGLyst-nettverket (t.d. reise, opphald, kurs)

Dette kan ikkje få tilskot

De kan ikkje søke tilskot til eit etablert prosjekt, som allereie ser for seg konkrete tiltak eller investeringar. Tilskotet kan heller ikkje gå til større, fysiske investeringar, som t.d. opprusting av samfunnshus, bygging av gapahukar eller badstover. Pengane skal gå til prosjektleiing, aktivitetar, reiseutgifter og små innkjøp.

LivOGLyst-nettverket

Lokale LivOGLyst-prosjekt blir del av eit regionalt nettverk der de møter andre prosjekt og engasjerte personar frå fylket. Her får de opplæring i prosjektmetodikk og andre relevante tema, slik at aktivitetane kan halde fram etter prosjektperioden.

Nettverket samlast fysisk ein gong i året over ei helg for å utveksle erfaring og få inspirasjon til vidare arbeid. Det er også faglege og sosiale møteplassar gjennom året, ofte digitalt.

Programansvarleg i Vestland fylkeskommune følgjer opp prosjekta og kan knyte dei til relevante ressursar i fylkeskommunen. I tillegg har kvart prosjekt ein kontaktperson i eigen kommune.

Få inspirasjon og les om prosjektet til Ålfoten LivOGLyst.

For forprosjekt

  • Søkar må vere ein frivillig organisasjon registrert i Brønnøysundregisteret. De kan opprette ein eigen LivOGLyst-organisasjon eller samarbeide med ein eksisterande frivillig organisasjon som t.d. eit grendalag, ungdomslag og liknande. Fleire organisasjonar samarbeider gjerne om eit prosjekt, men ein organisasjon må stå som eigar.
  • Denne ordninga gir ikkje statsstøtte, så føretak kan ikkje søke om midlar. Med "føretak" meiner vi her ein aktør som driv økonomisk aktivitet ved å tilby varer eller tenester i ein marknad.
  • Prosjektet skal ha eit styre på minst 4–5 personar, og det er ønskeleg at styret reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet.
  • Søkar må ha kontakta kommunen sin, og fått ein skriftleg stadfesting om at prosjektet har ein eigen kontaktperson tilsett i kommunen. Denne skal fungere som ein ressurs for prosjektet.
  • Prosjektstyret forpliktar seg til å delta i det regionale LivOGLyst-nettverket, og må bruke ein del av tilskotsmidlane på reise og opphald for nettverkssamlingar.
  • Alle prosjekt skal levere ein enkel, skriftleg rapport ved slutten av kvart kalenderår, i tillegg til eit signert rekneskap ved sluttutbetaling av tilskotet.

For hovudprosjekt

Søkar må ha skriftleg stadfesting frå kommunen om eit økonomisk bidrag på 30 000 kr årleg (90 000 kr totalt), som blir overført direkte frå kommunen til prosjektet.