Tilskot til forprosjekt utvikling av lågsesongtilbod reiseliv
Vestland fylkeskommune lyser ut 650 000 kr tilskot til forprosjekt utvikling av lågsesongtilbod reiseliv. For å styrke verdiskapinga i reiselivsnæringane er det eit mål å utvikle tilbod for lågsesong.
Mål for utlysinga
I Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling er hovudmålet at Vestland skal være det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. I Temaplan for reiseliv i Vestland er dette konkretisert gjennom tiltak 4.4 «Heilårs aktivitet er løysinga på fleire berekraftsutfordringar». Utlysinga skal bidra til at destinasjonane blir meir attraktive for gjester som reiser utanom høgsesong. Midlane skal rettast mot forprosjekt som identifiserer tiltak og aktørar som kan ta ei slik satsing vidare i eit hovudprosjekt.
Målgruppe for utlysinga
Destinasjonsselskapa, næringsselskap og kommunar i Vestland
Tema for utlysinga
Forprosjekt som undersøkjer og planlegg mogelege pakkeløysingar salbare produkt for lågsesong. Utvikling av nye produkt eller tilpassing av eksisterande tilbod som bidreg til sesongforlenging og auka lokal verdiskaping. Forprosjektet skal vurdere realismen i ei eventuell hovudsatsing og rigge eit eventuelt hovudprosjekt.
Kva kan du ikkje få støtte til
- ordinær drift eller innkjøp av utstyr eller anlegg
- marknadsføring
- bedriftsretta støtte
- driftskostnader
- fysiske eller digitale investeringar
- kausjon eller anna økonomisk garanti
- renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
- messer, arrangement eller konferansar får normalt ikkje støtte
- lovpålagde oppgåver
Formelle krav til søknaden
- Søknaden må være sendt inn gjennom søkeportalen regionalforvaltning.no, innan søknadsfristen 3. desember 2023
- For at søknaden skal reknast som fullstendig, må alle felta i skjemaet vere fylte ut.
- All informasjon som er relevant for vurdering av søknaden må vere tatt inn i søknadsskjemaet. Hovudregelen er at informasjon som ligg i vedlegg ikkje vert vektlagt.
- Skjema for mottatt bagatellmessig støtte må være lagt ved.
- Satsinga må være godt forankra eitt av dei sju destinasjonsselskapa nemnt i Temaplan for Reiseliv, dersom destinasjonsselskapet ikkje sjølv er søkjaren.
- Tidshorisont for gjennomført forprosjekt skal i utgangspunktet være i løpet av 2024.
Korleis søknaden blir behandla
Søknadane blir administrativt behandla og tildeling blir gjort etter administrativt vedtak innan 20. desember 2023.
- Det blir sett krav til gjennomføringsevne
- Det blir sett krav til god forankring i destinasjonsselskapet
- Det er eit pluss om søknaden inkluderer tiltak for inkluderande reiseliv
- Søknader som har låg vurdering/vekting på eit eller fleire vurderingskriterium kan få avslag/avkorta støtte
Avhengig av totalen av omsøkte midlar kan dei enkelte søknadane bli avkorta for å sikre geografisk fordeling
Døme på godkjente kostander
- Identifisere samarbeidspartnarar
- Planlegge pakker
- Strategi for implementering i eit hovudprosjekt
Finansiering - maksimal støttedel
Maksimal støttedel frå fylkeskommunen er inntil 50 prosent av totalbudsjettet til prosjektet (eks. mva). Prosjekt kan normalt ikkje få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre.
Søkjar må dokumentere resterande finansiering og spesifisere eventuell eigeninnsats. Ved eigeninnsats som finansiering må timetal og timesatsar, og kva organisasjon som skal utføre oppgåvene spesifiserast i budsjettet. Reglar for godkjend timesats for eige arbeid følgjer reglane som til ei kvar tid gjeld i Innovasjon Norge.
Støtta blir som hovudregel gitt som bagatellmessig støtte under Statsstøtteregelverket. Eit føretak kan ta i mot inntil 200 000 euro over ein periode på tre år som bagatellmessig støtte. Meir informasjon er tilgjengeleg i ordninga.