Besøksforvaltning

Besøksforvaltning handlar om å sikre ei berekraftig utvikling av reiselivsnæringa, slik at denne gir eit positivt bidrag til lokalsamfunnet. Slik blir reiseliv òg ein drivar for positiv stads- og arbeidsplassutvikling.

Besøksforvaltning handlar om at ein sikrar ei berekraftig utvikling som er innanfor grensene til det natur, landskap, miljø, og lokalsamfunn toler, samstundes som det er grunnlag for lønnsam næringsdrift og lokal verdiskaping. Betre samordning mellom dei ulike offentlege og private aktørane, og betre involvering av lokale innbyggjarar er ein viktig nøkkel til ei god utvikling.

Hovudprosjektet har som mål å utvikle eller ta i bruk modeller og verktøy for langsiktig satsing der reisemålsorganisasjonar, kommunane og fylke kan leggje til rette for ei strategisk satsing på besøksforvaltning. Vi vil i samarbeid med kommunane arbeide med ulike problemstillingar knytt til besøksforvaltning.  Kommunane som blir med i prosjektet må bidra med ressursar i form av eige arbeid og være ein aktiv deltakar.

Kunnskapen som blir arbeida fram skal kunne overførast til fleire stader i Vestland og sikre at flest mogeleg av kommunane i fylket har ein strategi for besøksforvaltning som del av kommuneplanane.

Hovudprosjektet er i gang og Vestland fylke inviterte til dialogmøte med kommunar og andre interesserte 30. januar, på teams. Vi informerte om forprosjektet og vegen vidare i hovudprosjektet.

Vi opplevde i forkant av pandemien ei sterk vekst i reiselivet, både globalt og til Vestlandet. Det gav positive effektar med auka sysselsetting og auka lokal verdiskaping, men ein opplevde og ulemper for innbyggarane i områder med stort besøkstrykk.  Under pandemien tok fleire kommunar kontakt med Vestland fylkeskommune fordi ein lokalt fekk sterk auke av besøk til nye turmål, med trafikale utfordringar og slitasje på naturen som resultat. Dette førte til at Vestland fylke i 2022 gjennomførte eit forprosjekt om behovet for besøksforvaltning i Vestland.

Forprosjektet identifiserte fleire felles utfordringar, og kommunane var tydelege på at det var ynskjeleg med ei vidare satsing på temaet frå fylkeskommunen si side.  I tråd med fylkets overordna planer for reiseliv og berekraft vil Vestland fylke bidra til ei berekraftig utvikling av reiselivsnæringa i fylket – som tar omsyn til både gjesten si oppleving, lokalbefolkninga sine behov og ei lønsam lokal reiselivsnæring.