Temaplan for landbruk 2023-2027
Vestland skal vere eit nyskapande landbruksfylke,basert på berekraftig bruk av naturressursar, grønnæringsutvikling og innovasjon.
Temaplan for landbruk skal samordne innsatsen knytt til næringsutvikling innan landbruk, sette retning for verkemiddel for utvikling av landbruket i Vestland, legge til rette for samarbeid og sjå på moglegheiter og utfordingar for vestlandslandbruket på kort og lang sikt.
Temaplan for landbruk skal bidra til godt jordvern for å ta vare på matjorda. Samstundes skal planen legge til rette for ei sterk og framtidsretta landbruksnæring som gjer våre lokalsamfunn levande og berekraftige.
Temaplanen er utarbeidd i eit tett samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Innovasjon Norge, Statsforvaltaren i Vestland, faglaga i landbruket, representantar frå skognæringa og kommunane. Aktørane har eit felles ansvar for å følgje opp planen og kommunane vil spele ei avgjerande rolle i å setje planen ut i livet.