Regionale dialogmøte om næringsutvikling i landbruket våren 2024

Vestland fylkeskommune inviterer kommunane til regionale dialogmøte. Møta blir arrangert i samarbeid med Innovasjon Norge og Statsforvaltaren i Vestland. Meld deg på ved å gå inn på aktuelt møte på høgresida.

Målgruppe
Tilsette på landbrukskontora og andre som jobbar med næringsutvikling knytt til landbruk i kommunen, til dømes næringshagar og utviklingsselskap.

Tema for møta er landbruket i Vestland

  • Kva kan me gjere for å inspirere og hjelpe bønder som ynskjer å utvikle drifta eller skape ny næring på eigen gard?
  • Kva driftsformer utover tradisjonelt landbruk, kvalifiserer til støtte frå Innovasjon Norge?
  • På kva måte blir lønsemda i eit prosjekt vurdert?

Moglegheiter i Vestlandslandbruket
I årsplanen for Temaplan landbruk heiter det; Vi skal saman med kommunane syne moglegheiter for å utvikle garden, og gje bøndene grunnlag til å ta val tufta på kunnskap. Det skal vi gjere ved å legge til rette for kunnskapsdeling og samhandling mellom kommunar, faglag og verkemiddelaktørar.

Innan tradisjonelle landbruksproduksjonar har bøndene god tilgang til hjelp og støtte i utviklingsprosessar. På dialogmøta vil me ha fokus på moglegheiter utover tradisjonelt landbruk og korleis me saman med dykk og faglaga, kan bidra til å skape næringsutvikling i landbruket utover dei tradisjonelle produksjonane.

  • Korleis inspirere bøndene til å nytte ressursane på garden på nye måtar?
  • Korleis motivere den enkelte til å vidareutvikle idear, lage realistiske planar og setje dei ut i livet?
  • Kven kan hjelpe i prosessen og korleis kople dei på?
  • Kva hjelp og økonomisk støtte treng de i kommunane, for å planlegge og gjennomføre eventuelle aktivitetar?

Bedriftsøkonomi og lønsemd
I ein tidleg fase er det viktig å få fram idear utan atterhald. Etter kvart som idear blir vidareutvikla, kjem ein fase der planar må blir meir konkrete, mellom anna gjennom ein driftsplan. Driftsplanen syner det økonomiske potensialet i eit prosjekt. Planen er viktig både som eit besluttnings- og styringshjelpemiddel for bonden, men også avgjerande for å få økonomisk støtte til å gjennomføre. 

  • Kva kan Innovasjon Norge gje støtte til utover tradisjonelt landbruk?  
  • Korleis vurderer Innovasjon Norge økonomien i eit prosjekt?

 

Dato og stad for møta:

Dato

Møtestad

Gruppeinndeling kommunar. Det er høve til å møte annan stad enn oppsett.

28/5

Leirvik på Stord

Kvinnherad, Etne, Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Austevoll

29/5

Bergen

Bjørnafjorden, Samnanger, Øygarden, Askøy, Bergen, Fedje, Tysnes, Osterøy, Alver, Austrheim, Modalen, Masfjorden, Gulen

30/5

Voss

Voss, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Kvam, Vaksdal

4/6

Nordfjordeid

Kinn, Bremanger, Gloppen, Stad, Stryn

5/6

Førde

Solund, Hyllestad, Høyanger, Sunnfjord, Fjaler, Askvoll

6/6

Sogndal

Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Vik, Aurland