Kven fortener kulturlandskapsprisen for Vestland?
Kulturlandskapsprisen for Vestland skal delast ut for første gong i 2023. Fristen for å nominere kandidatar er forlenga til 11. april. Prisen er på 30 000 kr og skal heidre nokon som har gjort ein ekstra innsats med å ta vare på og utvikle kulturlandskapet.
Kven kan ta i mot prisen?
Prisen kan delast ut til gardbrukarar og grunneigarar, mindre organisasjonar, bygde- og grendelag, grunneigarlag eller andre former for fellestiltak og samarbeid, kommunar, landbruksretta næringsverksemd og FoU-verksemder.
Vinnaren av prisen må ha utmerka seg ved å forvalte miljø- og kulturlandskapsverdiane på ein særs god måte. Vinnaren av prisen skal ha gjort ein ekstraordinær innsats for kulturlandskapet, mellom anna knytt til det biologiske mangfaldet, bygningsvernet, verdiskaping, formidling, tilrettelegging og tradisjonar knytt til kulturlandskapet, og som medverkar til merksemd om dei verdiane i kulturlandskapet i Vestland.
Korleis blir dei nominerte vurdert?
Kandidatane til kulturlandskapsprisen skal mellom anna vurderast etter desse kriteria, der alle kriteria ikkje treng å vere oppfylte på ein gong:
- At kandidaten gjer ein aktiv innsats med skjøtsel av kulturminne og kulturmiljø
- At kandidaten arbeider målretta med fremjing eller bevaring av biologisk mangfald, mellom anna gjennom å ta vare på truga artar og naturtypar, hindre framande artar i å etablere seg eller bevaring av verdifulle genressursar
- At kandidaten har gjort kulturlandskapet tilgjengeleg for ålmenta
- At kandidaten har eit aktivt forhold til formidling av verdiane i kulturlandskapet
- At kandidaten er ein aktiv tradisjonsberar og tek vare på immaterielle verdiar og kunnskap knytt til kulturlandskapet
- At kandidaten er ein god ambassadør for kulturlandskapet og landbruket
Korleis fremje forslag til kandidatar?
Alle kan fremje forslag til kandidatar. Vi oppfordrar spesielt kommunar, landbruksrådgivinga og faglaga til å komme med forslag på minst ein kandidat. Fleire kan gjerne gå samen om eitt forslag.
Forslaget kan fremjast ved å fylle ut nominasjonsskjemaet.
Praktiske opplysningar om prisen
Prisen er eit diplom og ein pengesum på 30 000 kr.
Prisutdelinga vil finne stad på eit lokalt arrangement eller på Landbrukskonferansen arrangert av Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune,
Dersom det kjem inn få forslag, kan juryen be om fleire kandidatar etter nominasjonsfristen.