Høyring - Temaplan landbruk 2023-2027

Temaplan for landbruk er lagt ut til høyring. Kommunar, organisasjonar og andre er invitert til å kome med innspel til planen innan 14. oktober.

Hovudutval for næring vedtok i møte 31. august 2022 å legge Temaplan for landbruk i Vestland 2023-2027 ut på offentleg høyring. 

Inviterer til å kome med innspel
Vi inviterer no alle interesserte til å sende inn innspel. Vi ber om at de nyttar høyringsskjemaet på denne nettsida til å kome med innspel. I høyringsskjemaet kan de kome med kommentarar til kvart kapittel i planen. Vi ynskjer også  innspel på korleis kommunar og organisasjonar kan ta i bruk planen. 

Høyringsmøte
27. september inviterer vi til eit digitalt høyringsmøte for kommunar, organisasjonar og andre interesserte. Her vil vi orientere om høyringsutkastet, men det vil også bli høve til å kome med innspel og spørsmål. 

Kva er temaplan for landbruk?
Temaplan for landbruk skal samordne innsatsen knytt til næringsutvikling innan landbruk, sette retning for verkemiddel for utvikling av landbruket i Vestland, legge til rette for samarbeid og sjå på moglegheiter og utfordingar for vestlandslandbruket på kort og lang sikt. 

Temaplan for landbruk skal bidra til godt jordvern for å ta vare på matjorda. Samstundes skal planen legge til rette for ei sterk og framtidsretta landbruksnæring som gjer våre lokalsamfunn levande og berekraftige. 

Utkastet til temaplan er utarbeidd i eit tett samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Innovasjon Norge, Statsforvaltaren i Vestland, faglaga i landbruket, representantar frå skognæringa og kommunane. Aktørane har eit felles ansvar for å følgje opp planen og kommunane vil spele ei avgjerande rolle i å setje planen ut i livet. Vi håper at kommunane vil bruke planen som grunnlag for å lage eigne strategiar og tiltak for å nå måla som er sett i planen.

Fylkestinget skal vedta endeleg plan i desember 2022.