foto av gamal teikning av kart
VERDSATLAS ANNO 1152: Kong Roger den 2. på Sicilia inviterte den muslimske geografen Al-Idrisi til hoffet sitt for å lage eit stort geografisk verk med tilhøyrande verdsatlas. Resultatet vart Tabula Rogeriana (Rogers bok) som lenge var rekna som dei mest korrekte karta i verda. Legg merke til at kartet er teikna slik at sør er opp og nord er ned. (Foto: Verdenskart, University of Oxford, Bodleian Library MS. Pococke 375, Uri (Arab. Moh.) 887, Kopiert i 1553 AD. Creative commons)

Den globale konteksten til Landslova

Historiefaget viser at menneske alltid har late seg inspirere, lære om andre system og stadig kombinerer nytt og gammalt på nye måtar. I denne artikkelen vil forfattarane utvide perspektivet ved å plassere Landslova i ein global kontekst, og ikkje berre ein europeisk.

2024 er eit dobbelt jubileumsår: Noreg feirar 1000 år sidan Kristenretten vart vedteke på Moster og 750 år sidan kong Magnus Håkonsson fekk Landslova vedteke på tinga, noko som gav han tilnamnet «Lagabøte».  

Dette dobbeltjubileet er av nasjonal betydning. Ein stor plass blir vigd til Landslova, fordi «i denne lova ligg spirene til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medråderett, som er ein føresetnad for demokratiet vårt», som det står om Landslova på Nasjonalbiblioteket sine nettsider, som er den nasjonale koordinatoren for Landslovjubileet 2024.  

Men Nasjonalbiblioteket innser også at utan «kontakten med Europa hadde ikkje den første felles lovboka i Noreg vorte til». Samanliknbare lovgivingsprosessar i det vi no kallar Spania og Italia, og fokus på utviklingane i universiteta i Italia og Frankrike der nordmennene studerte, legg til eit tydeleg internasjonalt aspekt til både sjølve lova og lovginingsprosessen.  

I denne artikkelen skal vi definere kva vi meiner med det globale og forklare kva metodar vi har for å oppnå slik kunnskap. Vi skal også både beskrive det intellektuelle bakteppet til denne globale konteksten og vi skal peike på elementa i sjølve Landslova som har global karakter. 

Kva betyr det å sjå Landslova i eit globalt perspektiv?                      

Historikarar er ofte interesserte i det lokale og det nasjonale, men også i aukande grad det globale. Fenomen som handel, kultur, religion, kunnskap og teknologi har alltid kryssa grenser, og i ei viss grad kan ein seie det same om lov og rett. Lover er i naturen sin knytt til makthavarar og dermed lokalt forankra i spesifikke kongedømme, statar og organisasjonar. Lova blir ofte knytt til fellesskapet sine eigne opphavsmytar og tradisjonar, men kunnskapen om lov og lov-skapning har alltid kryssa grenser. Ein har late seg fascinere og inspirere på tvers av kulturar, sjølv om ein ofte endar opp med å gjere det til sitt eige. "Copy-paste" av enkeltreglar og heile lovbolkar er ikkje ukjent, men inspirasjon kan også dreie seg om prinsipp, måten ei lov er organisert på, nedskrive og kommunisert. 

Eit globalt perspektiv vil seie at heile verda kan vere ein relevant arena for å studere ei lang rekkje fenomen som omhandlar lov og lovskapning i mellomalderen, og derfor kunne det vore interessant å sjå nærare på både Kina og andre viktige sivilisasjonar i aust og sør-aust kor skriftlege lovskapingtradisjonar var vanlege i det vi kallar mellomalderen.
Men i det globale perspektivet vårt i denne teksten skal vi likevel avgrense oss til samfunna rundt Middelhavet der vi kan rekne med at samanhengen  og samspelet med Landslova har vore størst. Likevel er det for det meste dei bysantinske og dei islamske lovtradisjonane vi som forfattarar veit mest om. Det vil seie at dei mangfaldige jødiske lovtradisjonane ikkje blir tekne opp her, sjølv om dei regulerte både religiøse og sekulære aspekt av samfunnet. Vi håpar likevel at rolla til jødiske lovtradisjonar i Europa i mellomalderen blir diskutert både her og på andre arenaer. 

foto av gamalt bygg i Spania
PRINSESSE KRISTINA: Vi har gode historiske kjelder på direkte kontakt mellom hoffa i det norske og det spanske kongehuset i samband med giftarmålet mellom prinsesse Kristina og broren til kong Alfonso av Castilla. Sevilla vart gjenerobra i 1248, og moskeen vart straks omgjort til katedral, som vist på biletet her. Kristina av Tønsberg budde ein periode i Sevilla, berre nokre år etter at dette skjedde. (Foto: Atelier KK (etterfølgarar etter Knud Knudsen)/Universitetsbiblioteket i Bergen/Billedsamlingen)

Lov i middelhavsområdet i mellomalderen 

Nordmenn i kongen eller kyrkja si teneste reiste rundt i heile middelhavsområdet i samband med studiar, diplomatiske oppdrag, deltaking i korstog, plyndringstokt og handel. Middelhavsområdet var på byrjinga av 1200-talet oppdelt i fleire regionar: Fleire mindre muslimske kongedømme eller sultanat i Sør-Spania og Nord-Afrika, og Sicilia og Sør-Italia som hadde vore under muslimsk styre og no var under kristent styre igjen. I det vi no kallar Midtausten var Ayyubide-sultanatet i konflikt med ulike kristne korsfarar-statar. Restane av Aust-Romarriket, altså Bysants med hovudstaden Konstantinopel, var redusert til områda rundt Egeerhavet. Trass i muslimsk overherredømme tilhøyrde fleirtalet av befolkninga i den austlege delen av Middelhavet framleis ulike kristne kyrkjesamfunn. I alle samfunna nemnde over var ulik grad og involvering av statsmakt velkjent, og skriftleg lov og lovgiving bygd på lange tradisjonar. 

Felles for desse regionane er også at jødedom, kristendom og islam hadde lov-tradisjonane sine som ulike statar tidvis autoriserte ulike versjonar av, men aldri hadde full kontroll over. På grunn av at religiøse minoritetar og diaspora-samfunn var vanleg, og store område med nomadisme var utanfor interessa til staten, fekk mange grupper i samfunnet følgje si eiga lov og sedvane på felt som ikkje utfordra makthavarane.  
Det er først og fremst i dei store byane at vi kjenner til dei historiske detaljane i rettsapparatet og i kva grad kyrkjeretten, islamsk rett og bysantisk rett faktisk vart følgde og korleis staten prøvde å standardisere dette. Det å kople ein einskapleg lovtekst til ein heil stat eller heilt kongedømme, altså det vi kan kalle kodifisering i moderne europeisk betydning, var ikkje så vanleg fordi dei mangfaldige samfunna hadde sterke, eigne lov-tradisjonar som kongen ikkje hadde rett til å endre på . I lærde krinsar jobba ein på denne tida også med å standardisere religiøse lover, men desse kodifiserings- eller standardiseringsforsøka var altså ikkje direkte knytt til ein stat eller eit område. Og slikt lovskapningarbeid kunne også brukast mot makthavarar. Felleskap og stat fall ikkje alltid saman. 

Før perioden vi ser nærare på, finst det likevel minst eit døme av kodifisering. Under det romerske riket vart dei antikke lovene organiserte. Seinare vart romersk lov og lovgivingstradisjon overteke av bysantinarane med hovudsete i Konstantinopel. Dei vidareutvikla og systematiserte både den sivile retten og kyrkjeretten. Men i resten av Europa kjenner vi ikkje til større, skriftleg systematisk lovgivingsarbeid som var meint for eit heilt kongedømme eller for alle innbyggjarar. Den tidlege mellomalderens Europa var delt opp i mange kongedømme og føydalismen gjorde at lova for vanlege folk ofte vart laga og avgjort på lokalt nivå.  

Det er to kjende unntak av den generelle mangelen på kodifisering i Europa i mellomalderen: Når Sicilia og sør-Italia blir erobra av Normannarar og riksdekkjande lover blir laga utover på 1100-talet, og Alfonso den 9. si lov Las Siete Partidas i Spania på midten av 1200-talet.  

Det siste dømet er det mest kjende som ei mogleg inspirasjonskjelde til Landslova. Vi har gode historiske kjelder på direkte kontakt mellom hoffa i det norske og det spanske kongehuset i samband med giftarmålet mellom prinsesse Kristina og broren til kong Alfonso av Castilla. I begge tilfelle regulerte desse lovene plassen til kongen i samfunnet vis a vis kyrkja, aristokratiet og befolkning generelt, men lovene inneheldt også reguleringar om eigedom, familieforhold og strafferett.  
Begge lovene inneheld stor inspirasjon frå romersk-bysantinsk lov og (katolsk) kyrkjerett, men begge desse nyoppretta statane hadde også det til felles at dei var erobra frå muslimske elitar. Dei hadde framleis muslimske innbyggjarar og nabostatane var framleis muslimske. Det er derfor fullt mogleg å sjå for seg vidareføring og inspirasjon av nokre element frå islamsk lov, kanskje spesielt på prosedyre, internasjonal rett, handel og sjøfart, minoritetsrett og retten til krigen.  
Som vi skal komme tilbake til, har dette vore lite forska på. 

GLOBAL PÅVERKNAD: Samanliknbare lovgivingsprosessar i det vi no kallar Spania og Italia, og fokus på utviklingane i universiteta i Italia og Frankrike der nordmennene studerte, legg til eit tydeleg internasjonalt aspekt til både sjølve Landslova og lovginingsprosessen. (Illustrasjon: Kong Håkon Håkonsson og Skule Bårdsson, riksstyrar for Håkon Håkonsson i dei første kongsåra hans, og seinare kongens rådgjevar og styrar for delar av landet. Ukjent kunstnar, Flatøybok)
GLOBAL PÅVERKNAD: Samanliknbare lovgivingsprosessar i det vi no kallar Spania og Italia, og fokus på utviklingane i universiteta i Italia og Frankrike der nordmennene studerte, legg til eit tydeleg internasjonalt aspekt til både sjølve Landslova og lovginingsprosessen. (Illustrasjon: Kong Håkon Håkonsson og Skule Bårdsson, riksstyrar for Håkon Håkonsson i dei første kongsåra hans, og seinare kongens rådgjevar og styrar for delar av landet. Ukjent kunstnar, Flatøybok)

Det intellektuelle globale bakteppet for Landslova 

Det kan sjåast som paradoksalt at den kristne verda kunne bli inspirert av utviklingane i den muslimske verda. Men mellomalderen var ikkje berre prega av korsfararar, jihad og Reconquista. Både gjennom samvær i kvardagen og gjennom intellektuell utveksling hadde kristne og muslimar eit fellesskap som kunne overraske mange som ser på fortida med dagens auge og kriterium. I motsetning til slike perspektiv, er det til dømes enkelt å sjå at handel var eit møtepunkt der kristne og muslimar kunne påverke og inspirere kvarandre. Dei trong ein felles plattform med reglar for å kjøpe produkta til kvarandre. Gradvis vart avtalar signerte og alle detaljane frå skatt og fullmakt, utgifter og kreditering vart reglementert. Slike avtalar vart seinare prototypar for avtalar mellom dei europeiske statane. 

Tett og langvarig samvær påverka også det daglege familielivet: fleire tilfelle av ekteskap på tvers av religionar både blant elitane og dei som tilhøyrde dei lågare klassane i samfunnet trong regulering. Og det må understrekast at i dei fleste tilfella var konvertering av éin av dei partane i eit giftarmål det som var løysinga for ein ukonvensjonell kjærleik. Det nye ekteparet utveksla tankar, idéer, tradisjonar og praksisar, og gav dermed nye impulsar til den større familien, nabolaget og samfunnet elles. Ein fekk kunnskap om kulturen til den andre. 

Men også på statleg nivå var mellomalderen ein dynamisk epoke for kommunikasjon og innverknader på tvers. I samvær mellom kristne og muslimar i område som Sicilia og Spania kan ein finne grunnlaget for innverknader som munna ut i dei første kodifiseringane av tidlegare lovverk blant dei kristne. At desse lovene vart skapte rett etter gjenerobring av desse landa frå muslimar er ikkje nok som forklaring for nærværet til fenomenet: sjølv om det nye styret ville imitere det førre, og folk i desse regionane kunne ha vorte vant til slike rettsrammeverk, trong dei kristne makthavarar å ha den relevante kunnskapen for å utvikle rettssystema sine. 

Denne kunnskapen kunne ein få frå læresentera i mellomalderen. Det er to element som var avgjerande her, i tillegg til ein generell stor omsetjaraktivitet (mellom anna i dei spanske byane Córdoba og Toledo): for det første tilliten til menneskets intellekt basert på gjenoppdaging av aristotelisk filosofi, og for det andre utvikling av jusstudium basert på gjenoppdaging av romersk/bysantinsk lovverk. 

 

I motsetning til læraren Platon som såg essensen av ting i ei idé-verd utanfor det menneskelege, var essensen for Aristoteles innebygd i tinga. Populariteten til kristendommen i det austlege Middelhavet i seinantikken var ein siger for platonismen sidan begge to plasserte meir verdi i ei himmelsk/ideell verd enn i røyndommen rundt menneska, slik som Arisoteles gjorde. På eit akademisk kunnskapsnivå betydde dette at argumentativ filosofisk tenking berre hadde verdi når han vart utført innanfor rammene til teologien. Sanninga fanst berre når referansen var Gud. 

Dette endra seg rundt slutten av det første tusenåret etter tidsrekninga vår, når dei lærde miljøa i Bagdad omsette antikke tekstar, og blant desse fanst verk av Aristoteles. Ein ny måte å sjå det menneskelege potensialet i tenking vart til, både i kristen, muslimsk og jødisk teologi. Importen av denne nye tenkjemåten til Nord-Europa be forsterka av gjenerobring av Sør-Italia og Spania og den generelle kontakten på tvers av regionar og religionar. Landslovene i Sicilia og Spania er døme på denne typen kontaktar. 

Var aristotelisk filosofi det einaste som trongst for å skape landslover for dei ulike mellomalderske statane? Svaret er sjølvsagt nei. Fordi dei to elementa som også trengst er eksisterande lovtradisjonar med systematiseringsbehov og systematiserings-kompetanse, og ei sentralisert makt som ønskte å handheve denne systematiseringa i område og for folkeslag under kontrollen sin.  

I den muslimske verda fanst det også ulike lovtradisjonar, der den største, islamsk lov, også kan seiast å ha eit delvis opphav i ein bysantinsk kontekst. Det har vorte, til dømes, påpeika at Hanafi-lovskulen i islam har interessante parallellar med bysantinsk lovgiving, men slike studiar manglar framleis i akademia. Allereie i mellomalderen ser vi at kunnskapen og inspirasjonskjelder frå andre lovsystem vart sterkt underkommuniserte, naturleg nok. 

Hagia Sofia, Constantinopel, Instanbul (Foto:
ISTANBUL: Nordmenn i kongen eller kyrkja si teneste reiste rundt i heile middelhavsområdet i samband med studiar, diplomatiske oppdrag, deltaking i korstog, plyndringstokt og handel. Foto av Hagia Sofia, Constantinopel, Istanbul. (Foto: Atelier KK (etterfølgarar etter Knud Knudsen)/Universitetsbiblioteket i Bergen/Billedsamlingen)

Dei filosofiske nyvinningane inspirert av Midtaustens gjenoppdaging av Aristoteles vart mykje diskuterte i dei europeiske universiteta på tidleg 1200-talet. Paris var eit europeisk hovudsenter for slike filosofiske diskusjonar der det menneskelege intellektet vart sett i sentrum og der ein av hovudfigurane var Thomas Aquinas.  

Ein viktig person i hoffet til Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte, biskop Peder av Hamar, var i Paris i same epoke som Aquinas. Han var også blant leiarane av ekspedisjonen som reiste med søstera av Magnus til Spania, ei reise som kan bli rekna som ei viktig inspirasjonskjelde for lovgivingsarbeidet i Noreg i dei følgjande åra som leidde opp mot Landslova. 

Gjenoppdaginga av dei romerske/bysantinske lovene var inspirasjon for utvikling av juss på universitet i Bologna allereie frå 1100-talet. Fleire av dei 34 kjende nordmennene som studerte i utlandet før 1300 reiste til Bologna for studiar nettopp i juss. Det er sannsynlegvis herifrå at Magnus vart inspirert til strukturen av si Landslov, der dei ni bolkane pluss rettarbøter speglar strukturen i Corpus Juris Civilis pluss Novellene (tilleggslovene) frå lovgivinga til keisar Justinian I den store (527-565). 

KRISTNE OG MUSLIMAR: I samvær mellom kristne og muslimar i område som Sicilia og Spania kan ein finne grunnlaget for innverknader som munna ut i dei første kodifiseringane av tidlegare lovverk blant dei kristne. Her frå Palermo, Sicilia. (Foto: Atelier KK (etterfølgarar etter Knud Knudsen)/Universitetsbiblioteket i Bergen/Billedsamlingen)
KRISTNE OG MUSLIMAR: I samvær mellom kristne og muslimar i område som Sicilia og Spania kan ein finne grunnlaget for innverknader som munna ut i dei første kodifiseringane av tidlegare lovverk blant dei kristne. Her frå Palermo, Sicilia. (Foto: Atelier KK (etterfølgarar etter Knud Knudsen)/Universitetsbiblioteket i Bergen/Billedsamlingen)

Kva for nokre globale element kunne brukast til Landslova? 

Som nemnt tidlegare, har kontaktane og gjensidig inspirasjon mellom Europa og Midtausten vorte underkommunisert i historieframstilling og forsking. Det er dermed eit slags forsøk vi gjer her for å samle døme på parallellar eller likskapar mellom dei to verdene. Og dette er eit viktig eksperiment som vi skal forklare i dei to siste delane. 

Når det gjeld global innverknad på Landslova er det freistande å først og fremst sjå på dei to kjende kodifiseringsprosjekta frå Spania og Sicilia. Altså at sjølve ideen om at ein sekulær herskar, med den fulle velsigninga til kyrkja og guddommeleg inspirasjon lagar ei overgripande lov for heile riket, og at dette på overordna nivå kan ha vore ein inspirasjon. Men ein kan også sjå på korleis lova vart strukturert, framstilt og legitimert. Eller ein kan gå inn på bolkar og enkeltreglar for å sjå etter likskapar og moglege innverknader. 

Eit godt døme på ein slåande parallell på regel-nivå mellom islamsk lov og Landslova er bruken av to vitne, noko som viser tru på menneskeleg rasjonale, i motsetning til tidlegare lovene der ein mann sin eid var bevist på nesten mirakuløs vis. To vitne er det minste talet for å ha ei gyldig stadfesting i begge lov-systema. Men likskapen betyr ikkje at Landslova har lånt ein regel frå islamsk lov, det er også mogleg å tenkje seg eit felles opphav, til dømes i romersk rett eller tilfeldige, like løysingar på like problem.  

Ønske om å forsvare dei svakaste i samfunnet har ofte vorte påpeika som eit særtrekk i Landslova. Regelen som seier at den som stel og er svolten ikkje skal straffast er felles i Landslova og i islamsk lov på same tid. Noko liknande ser vi vedrørande omsorg/dominans ovanfor kvinner: Verge-ordning i samband med ekteskapsinngåing finst i begge desse lovtradisjonane. 

Ein annan parallell er at ei dotter ifølgje landslova arvar halvparten så mykje som ein son (men ikkje av odelsjord), noko som er ein stor auke i forhold til tidlegare lover. Denne brøken vart behaldt i norsk lov til langt ut 1800-talet. Denne brøken er akkurat den same i islamsk arvelov. 

Til slutt kan ein også nemne ein parallell mellom islamsk lov og Kristenrett, nemleg at kyrkjeskatten (tienden) som er på ti prosent av avlinga har ein del på ein firedel som skal gå til dei fattige. Desse brøkene er akkurat dei same som i islamsk lov. Vi veit ikkje kvifor dei er så like, men i dette tilfellet veit vi at Pave Galesius på slutten av 400-talet beordra ei slik firedeling av kyrkjeskatten. 

Desse døma over viser slåande samanhengar. I resterande ville vi presentere nokre metodologiske forslag for vidare undersøkingar av desse temaa. 

Korleis kan vi vite?

Alle tradisjonar viser til ein kontinuitet eller samband til eit, ofte, idealisert opphav. Til dømes at "det norske" blir spora tilbake til vikingtida eller kristendommen. Men tradisjonar underkommuniserer nesten alltid lån og inspirasjonar ved at referansar ikkje blir gitt, og at språket og nye namn skjuler hinta til opphav ein ikkje ønskjer å vise fram. Dette er noko vi kan sjå både i religiøse og rettsvitskaplege tradisjonar. Derfor er lån og inspirasjonar ikkje lett å bevise. Men det finst etablerte metodar: 

  • Det første er det å aktivt løfte blikket å sjå utanfor eigen tradisjon på jakt etter nye perspektiv og kjelder. Utan dette kan vi ikkje sjå større samanhengar. Eit slikt nytt perspektiv på Landslova er det globale perspektivet.
  • Det å aktivt samanlikne og kontrastere med andre lovtradisjonar, både der ein ventar å sjå lån og felles opphav, og der ein ikkje ventar det. Dette gjer at vi blir tvungne til å vere meir nøyaktige i vår skildring av likskapar og forskjellar, og at vi må sjå på eksisterande omgrep og teoriar på nye måtar.
  • Det å systematisk leite etter lån og inspirasjonar der desse til no har vore oversette eller underkommuniserte. Det kan vere på ulike nivå frå korleis ein konge i mellomalderen kunne kodifisere lover og balansere ulike interesser, til tekststrukturar, enkeltreglar eller kommunikasjon, estetikk og bruk av lova. Men sjølv om noko ser likt ut betyr ikkje det at eit direkte lån har funne stad. Eit direkte lån er nesten umogleg å fullt ut bevise eller motbevise. Det handlar om grader av sannsyn ut frå konkrete motiv, kontaktar og samhandling, noko som må studerast historisk.

Akkurat når det gjeld landslova har ein dei siste åra fått ny innsikt i moglege globale inspirasjonar, men der er framleis svært mykje som vi ikkje veit, og som ikkje er forska på. Dette essayet har prøvd å vise nokre moglege vegar langs desse tankelinjene.

Konklusjon: Treng vi vite noko om dette? Kan vi ikkje berre stole på tradisjonen? 

Er det viktig å vite om det finst til dømes islamske element eller inspirasjonar i Landslova? Det kjem an på kven ein spør. For nokon er det viktig å bevise at noko er originalt og opphavleg. Nokon ser gjerne først og fremst tradisjonen sine "eigne" element, det vil seie, at "det norske" berre byggjer på "det norske" eller at "det islamske" berre byggjer på "islamske kjelder". Dette er vanleg i mange nasjonale tradisjonar og religionar. Historiefaget, derimot, viser at menneske alltid har late seg inspirere, lære om andre system og stadig kombinerer nytt og gammalt på nye måtar. Det er også typisk menneskeleg å vere usamd om kva lov, moral, menneskerettar, religion og nasjonale verdiar eigentleg skal innehalde og bety. Opphavet til tradisjonar som blir oppfatta som definerande for fellesskapet er det naturleg nok også usemje om. Historikarar forskar også på kven som hadde makt til å spreie tolkingane sine, og eventuelt kva mot-stemmer som fanst. 

Kanskje er det viktig for ein person med muslimsk innvandringsbakgrunn å vite at Landslova kan ha islamske element. Kanskje synest andre slik bør vi ikkje tenkje, eller at det er unødvendig. Eit historisk perspektiv kan ikkje seie kva som er rett å gjere. Men eit globalhistorisk perspektiv og tenkjemåte gir oss viktig ny innsikt, perspektiv og høve til å diskutere kva samfunn og lovar vi ønskjer å ha, nettopp fordi vi ikkje kan ta omgrep eller verdiar for gitt. 

Fotolenker:

Seville (foto: Atelier KK (etterfølgarar etter Knud Knudsen)/Universitetsbiblioteket i Bergen/Billedsamlingen)

Constantinople (foto: Atelier KK (etterfølgarar etter Knud Knudsen)/Universitetsbiblioteket i Bergen/Billedsamlingen)

Palermo (foto: Atelier KK (etterfølgarar etter Knud Knudsen)/Universitetsbiblioteket i Bergen/Billedsamlingen)

Verdsatlas anno 1152 (foto: University of Oxford, Bodleian Library MS. Pococke 375, Uri (Arab. Moh.) 887, Kopiert i 1553 AD. Creative commons)

 

 

 

 

Vestland fylkeskommune logo Bergen kommune logo Universitetet i Bergen logo Bymuseet logo
Statsforvaltaren i Vestland logo Den norske kyrkja logo Høgskulen på Vestlandet logo Moster 100 år logo