Den kulturelle skulesekken
Vil du formidle i DKS eller finne eit tilbod til elevane dine? Vestland fylkeskommune skal formidle kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet til alle elevar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen.
DKS er ei nasjonal satsing, og fylkeskommunen administrerer ordninga i Vestland. På programmet til Den kulturelle skulesekken (DKS) i Vestland er det musikk, film, kulturarv, litteratur, scenekunst og visuell kunst.
Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg har det nasjonale ansvaret for DKS. Ordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet og vert finansiert av spelemidlar frå Norsk Tipping.
Den kulturelle skulesekken skal
- vere eit gratis tilbod for alle barn og unge i grunnskulen og vidaregåande skule og skal tilbydast jamleg
- sikre at barn og unge får eit likeverdig og profesjonelt kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet, uavhengig av kvar dei bur. Slik skal dei få gjere seg kjende med og utvikle forståing for eit variert spekter av kulturuttrykk
- bidra til barn og unge si danning og utdanning, slik dette er formulert i overordna del og læreplanar i fag
- formidle eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og som representerer eit kulturelt mangfald av tilbod og utøvarar
- vere eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på alle nivå og slik sikre god planlegging, forankring og tilrettelegging
- bidra til å styrke norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar
- bidra til å formidle kunst- og kulturtilbod til barnehagebarn
Vektlegg ulike uttrykk
Alle forslag vert vurderte og Vestland fylkeskommune vektlegg følgjande uttykk i programmeringa:
- 1.–4. trinn: musikk, litteratur
- 5.–7. trinn: visuell kunst, scenekunst, musikk
- 8.–10. trinn: film, litteratur
- vidaregåande skule: alle uttrykk
Forslag innan kulturarv får plass i ulike delar av programmet.
Kriterium for utval av produksjonar i VLFK sitt DKS-program
Profesjonelle utøvarar, institusjonar og andre tilbydarar innan dei ulike utrykka, kan sende inn forslag til programmet i DKS. Du sender inn forslag ved å følgje lenka til høgre på denne sida.
Føljande krav og kriterium ligg til grunn for utvalet av kunst- og kulturproduksjonar i DKS-programmet skuleåret 2024–2025:
- Kvar produksjon i programmet skal ha kvalitet og profesjonalitet i innhald og formidling.
- Programmet skal som hovudregel gjennomførast i skuletida.
- Programmet skal ikkje erstatte delar av skulen si undervisning i estetiske fag.
- Programmet skal ha variasjon i uttrykk og sjangrar, spelestad og formidlingsmåte. I det samla programmet skal det også vere produksjonar på tvers av uttrykk. Nyskapande kunst skal prioriterast.
- Programmet skal ha særleg vekt på regionale og lokale utøvarar.
- Programmet skal ha god kjønnsfordeling blant utøvarane.
- Programmet skal ivareta minoritetar og leggje til rette for inkludering.
- Programmet skal innehalde ein høg del produksjonar på nynorsk og ulike målføre.
- I det samla programmet skal det vere god balanse mellom produksjonar av/med frilansutøvarar/frie grupper og større kunst- og kulturinstitusjonar.
- På scenekunstfeltet skal tilbodet fordelast slik at større kunst- og kulturinstitusjonar og frilansutøvarar/frie grupper kvar skal ha minimum 30 prosent av volumet i høvesvis grunnskulen og vidaregåande skule dersom det er grunnlag for det.
Slik jobbar vi fram DKS-programmet
Alle utøvarar kan føreslå forslag til programmet i Den kulturelle skulesekken. Faggrupper og eit ungdomsprogramråd handsamar forslaga og DKS-administrasjonen fastset DKS-programmet utifrå dette. For vgs. deltek ei arbeidsgruppe med tilsette og elevar i programmeringa.
- Faggruppene vurderer alle innkomne forslag, og tilrår produksjonar som kan inngå i programmet.
- Ungdomsprogramrådet medverkar i programarbeidet og vel ut tre produksjonar til programmet.
- Arbeidsgruppe frå opplæringsavdelinga med personale og elevar er med i prosessen med programmering for vgs.
- Fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering vedtek DKS-programmet, som DKS-administrasjonen utarbeider på bakgrunn av dei faglege tilrådingane.