Verdsarv i Vestland

Det er tre innskrivingar frå Vestland på verdsarvlista til UNESCO – Bryggen i Bergen, Urnes stavkyrkje og Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden. Fylkeskommunen følger forvaltinga av områda tett.

I tillegg til dei tre oppføringane er kvernsteinsbrota i Hyllestad på Riksantikvaren si tentative liste til verdsarvnominasjon. Innskriving på verdsarvlista til Unesco er det høgaste internasjonale kvalitetsstempelet eit område kan få. Verdsarvlista har som mål å verne den uerstattelege kultur- og naturarven i verda. Noreg har totalt åtte stadar på verdsarvlista.

Innskrivinga på verdsarvlista gjev ikkje områda noko eige vern. Vernet av stadane skjer gjennom lovverket og forvaltninga i kvart enkelt land. Fylkeskommunen har ei ekstra merksemd på verdsarvområda og følger dei tett.

Tilskot til kulturminne i verdsarvområde

Du kan også tilskot frå fylkeskommunen til kulturminne i verdsarvområde.

Meir informasjon om tilskot til kulturminne på verdsarvlista i Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden.

Meir informasjon om tilskot til kulturminne på verdsarvlista på Bryggen i Bergen.

Verdsarvråd og forvaltingsplanar

Det er oppretta eigne samarbeidsorgan i form av verdsarvråd for både Bryggen, Urnes stavkyrkje og Vestnorsk fjordlandskap. Forvaltninga av verdsarvstadane er delt mellom ulike forvaltningsledd etter kva oppgåver som skal løysast.

Det er laga forvaltningsplanar for Bryggen i Bergen, Urnes stavkyrkje (sjå dokument under) og forvaltningsplanar for Vestnorsk fjordlandskap. Planane fortel korleis ein ønsker at verdsarvstadane skal utvikle seg i framtida, samt kva og kven som har forvaltingsansvar. 

Verdsarvrådet for Bryggen vedtok ny forvaltningsplan i desember 2020. Fylkestinget i Vestland vedtok 16. juni 2021 at Vestland fylkeskommune sluttar seg til denne planen og legg forvaltningsplanen til grunn for fylkeskommunen sitt arbeid med Bryggen.

Forvaltningsplan for verdsarvstaden Bryggen 2021–2025 finn du på nettsida til Bergen kommune.

Nærøyfjorden verneområdestyre har starta arbeidet med å revidere forvaltningsplanen for verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap delområde Nærøyfjorden.