Varsel om oppstart av fredingssak for kraftlinja Tyssedal–Odda

Vestland fylkeskommune varslar med dette oppstart av fredingssak av kraftlinja mellom Tyssedal og Odda i Ullensvang kommune. Det gjer vi med heimel i lov om kulturminne §§ 15 og 19, jf. § 22.

Fredingssaka gjeld gnr. 56 m.fl. og bnr. 1 m.fl.

Fredingssaka har som mål å bevare dei åtte sjeldne mastene og ivareta opplevinga av kraftlinetraséen som bind saman Odda smelteverk og Tyssedal kraftstasjon. Riksantikvaren har gjeve fylkeskommunen klarsignal til å gå vidare med ei ordinær fredingssak.

Omfanget av fredinga

Fredingsforslaget etter § 15 gjeld minimum åtte kraftmaster med fundament, trapper, m.m., i tillegg til muffehus 1 og 2 og eit utval fundament utan påståande master. Mastene er plassert i området som oversikts- og detaljkarta viser, jf. vedlegga og nedanfor:

Kart med lilla linje som syner strekning for fredingssak som gjeld kraftlinja Tyssedal–Odda.

Fredingsforslaget etter § 19 vil òg kunne omfatte einskilde område kring enkelte master/fundament m.m., og muffehus. Det er ikkje aktuelt å frede eit samanhengande område frå Tyssedal til Odda.

Den eksakte plasseringa av kulturminna er uviss, det er difor markert eit større område, jf. kart. Nøyaktig avgrensing for freding etter §§ 15 og 19 vil skje gjennom arbeidet med fredingsforslaget.

Grunngjeving for fredingssaka

Ved utbygginga av kraftanlegget i Tyssedal var det ikkje nok areal til å bygge ut fabrikkane i tilknyting til kraftstasjonen. Fabrikkane vart etablerte i Odda, og det vart bygd ei kraftlinje for å overføre straum frå Tyssedal til Odda. Ei fylje av dette er at det vart bygd to industristadar med ca. 6 km avstand, kobla til kvarandre. I 1907 gav staten løyve til bygging av to kraftledningar med ein spenning opptil 12 kV i den bratte fjellsida langs Sørfjorden mellom Tyssedal og Odda. I den mest rasutsette strekninga vart det anlagt tunnel i fjellet, med muffehus i kvar ende. Muffehusa er tekniske bygninger til å koble saman og beskytte elektriske kablar og ledningar.

Gamalt murbygg som var del av kraftlinja mellom Tyssedal og Odda.
Søndre muffestasjonen for den gamle kraftoverføringa frå Tysso I, ved Sleveåne. Stasjonen er bygd mellom 1909 og 1913. (Foto: PeltonMan/Wikimedia Commons)

Kraftverket i Tyssedal og fabrikkane i Odda var pionerar i vasskraftutbygging og elektrokjemisk industri i Norge. Tysso I var det første kraftverk i Nord-Europa med magasin og med så stor fallhøgde som 400 meter, Odda-fabrikkane var mellom dei første i verda som produserte kunstgjødsel. Cyanamidfabrikken var i 1909 den største i verda, og karbidfabrikken ein av dei største. Kraftledningane frå Tyssedal til Odda var heilt avgjerande bindeledd mellom kraftstasjonen og fabrikkane. Kraftlinja vart avvikla i 1989, etter samanhengande drift sidan 4. mai 1908. Både Tyssedal kraftanlegg og Odda smelteverk er freda, og er mellom dei fremste teknisk-industrielle kulturmiljøa i Noreg. Tyssedal kraftanlegg og Odda smelteverk var i bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne fram til 2020. Odda smelteverk har internasjonal kulturminneinteresse.

Kraftmastene er mellom dei listeførte kulturminna til NVE, og vert skildra som ein viktig del av Norges industrielle historie med nasjonal kulturminneverdi. Mastene på strekninga Odda-Tyssedal er mellom dei eldste bevarte kraftmastene i landet og er representative for pionerfasen for vasskraftutbygging og kraftkrevjande industri. Dei er dei einaste av sin type, og muffehus 1 og 2 er særeigne i utforming og materiale, med høg autentisitet og kjelde- og opplevingsverdi. Plasseringa i det bratte og rasutsatte landskapet er eit kulturhistorisk vitnesbyrd om samfunnsmessige og politiske forhold med teknologihistorisk karakter, og gjer kraftlinja til eit kjerneelement i Kulturhistorisk landskap av nasjonale interesse – Indre Sørfjorden . Kraftlinja viser den tette koplinga mellom kraftproduksjon og industri og mellom landskap og industri og har nasjonal kulturminneverdi. Tyssedal og Odda si kulturhistorie og teknologihistorie er uløyseleg knytt til kvarandre. 

I dag er dei 8-9 påviste attverande kraftmastene og linjetunnellen i Kvitura med muffehus 1 og 2, i tillegg til ei rekke mastefundament utan master, det einaste som kan vise samanhengen mellom Tyssedal og Odda, mogelegvis nokre master til. Tilstandsvurderinga tilseier at mastene bør setjast i stand innan 5 år. Tilstanden til muffehus 1 og 2 er ikkje kjent og skal avklarast.

Hordaland fylkeskommune freda kraftmastene mellombels i 2004. Riksantikvaren oppheva vedtaket i 2005. Ullensvang kommune sitt vedtak i 2005 var eit kompromiss og eit minimumsvern. Utviklingskomiteen i Odda kommune gav 9. november 2005 løyve til riving av linje og 70 master. 16 master skulle bevarast. Mastene vart ikkje nærare kartfesta i saksgangen. Den gong heitte det: «Desse mastene er det minste antalet som kan tilrådast dersom ein skal ha dokumentasjon for ettertida og samtidig sjå det visuelt i terrenget kor linja gjekk i terrenget.» 8 av dei 16 bevarte mastene er likevel blitt borte etter vedtaket. Det vart i 2024 søkt om riving av alle dei siste 8 mastene. Ullensvang kommune avslo søknaden. Avslaget er påklaga og er no til handsaming.

Kraftlinja er statleg listeført som ein av dei 24 utvalte traséane til NVE, og er representativ for tidleg høgspentoverføring i Noreg og pionerfasen i vasskraftutbygginga. Kraftmastene er ikkje lenger i bruk, og fell dermed utanfor NVE sitt sektormynde. NVE har sterkt oppmoda til at mastene vert bevarte, men viser til at eit formelt vern må skje i form av eit fredingsvedtak etter kulturminnelova. Historikken tilseier at listeføring og vedtak etter plan- og bygningslova ikkje gjev god nok vern og forvaltning av dette kulturmiljøet. Tap av dei siste mastene vil være eit stort tap av heilskap og kulturmiljøverdi for både Tyssedal kraftanlegg,  Odda smelteverk og kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse Indre Sørfjorden.

Kraftmastene og muffehusa som utgjorde den naudsynte kraftlinjetraséen mellom kraftanlegget i Tyssedal og industristaden Odda er det einaste elementet med nasjonal kulturminneverdi i det store industrilandskapet nedom Ringedalsdammen som ikkje er freda. Etter førespurnad frå Vestland fylkeskommune har Riksantikvaren slutta seg til at ei fredingsak vert ført fram.

Vidare saksgang

I samsvar med lov om kulturminne § 22-1 andre ledd, vil varsel om oppstart av fredingssak bli kunngjort i Bergens Tidende, Hardanger Folkeblad og Norsk Lysingsblad.

Vi ber om at eventuelle merknader til oppstartsvarselet vert sendt til Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen, eller på e-post til post@vlfk.no. Merknader må vere sendt fylkeskommunen innan 20. februar 2025.

Fylkeskommunen utarbeider deretter sjølve fredingsforslaget og legg det ut til offentleg ettersyn. Saman med merknadene som kjem inn, vert det så sendt til Ullensvang kommune for handsaming i kommunestyret. På bakgrunn av høyringsinnspela vert fredingsforslaget eventuelt endra, før fylkeskommunen sender det til Riksantikvaren. Det er Riksantikvaren som fattar det endelege vedtaket om freding.

Vi ber om at kulturminna vert handsama som freda inntil fredningsspørsmålet er avgjort. Vi ber også om at ein tek kontakt med Vestland fylkeskommune dersom ein vil setje i verk tiltak på kulturminna som vil medføre endringar eller gå ut over vanleg vedlikehald. Fylkeskommunen vil gje råd og rettleiing i slike tilfeller.

I medhald av kulturminnelova § 22 nr. 4 kan kulturminnemyndet fatte vedtak om mellombels freding inntil saka er avgjort dersom dei verdiane fredinga skal ivareta, vurderast som truga.

Kart som syner KULA-landskapet Indre Sørfjorden, Odda Smelteverk, Tyssedal kraftstasjon og kraftlinja mellom dei markert lilla.
KULA-landskapet Indre Sørfjorden, Odda Smelteverk, Tyssedal kraftstasjon og kraftlinja mellom dei markert lilla.