Tilskot til prosjekt og tiltak for markering av 750 år for Magnus Lagabøtes landslov
Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til prosjekt og tiltak som kan vere med på å markere 750 årsjubileet for landslova til Magnus Lagabøte.
Søknadsfristen for denne tilskotsordninga er ute.
Oppfølging og rapportering
Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrommet som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning.
Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført, og seinast eitt år etter vedtak om tilskot. Midlane vert i hovudsak utbetalte etter at dette er godkjend.
Rapporten sender du til post@vlfk.no med denne teksten i emnefeltet: «Rapport - Tilskot til prosjekt og tiltak for markering av 750 års for Magnus Lagabøtes landslov». Referer også til saksnummer 2023/76117. I rapporten vil vi ha med rekneskap og ein kort skildring av gjennomføring av tiltaket.
Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll. Misleghald i bruk av tilskotet kan føre til krav om attendebetaling av heile eller deler av tilskotet, eller eventuelt andre sanksjonar.
Om jubileet
Jubileet med sine ulike tiltak og prosjekt skal sette søkjelys på og gje auka kunnskapar om den historia lova var ein del av, og også aktualisere vilkåra for demokratiet og rettstaten i dag. Jubileet skal likeeins fremje kritisk historie- og kulturforståing.
Jubileet for Magnus Lagabøte sitt lovskapingsarbeid kan vere eit spennande utgangspunkt for å aktualisere utviklinga av lov og styringsverk. Det er også ønskeleg å sjå nærare på utfordringar for demokratibygging, medborgarskap og inkludering i eit fleirkulturelt samfunn i dag.
Kven kan søke?
Vestland fylkeskommune ønskjer med denne ordninga å fremje varige institusjonelle samarbeid. Tilskotsordninga skal særleg stimulere samhandling mellom kunnskapsmiljø og kunst- og kulturlivet elles for å aktualisere landslova.
Ordninga gjeld for aktørar og/eller aktivitetar innan det frivillige og profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Vestland fylke, og prosjektet eller tiltaket skal ha eit kunstnarleg/kulturfagleg hovudføremål.
Organisasjonar/institusjonar som tek imot driftsstøtte frå fylkeskommunen kan søkje støtte til prosjekt eller tiltak som fell utanfor den ordinære drifta, som til dømes samarbeidsprosjekt og utprøving av nye tiltak.
Kva gir vi støtte til?
Ordninga skal omfatte kunst- og kulturprosjekt som stetter føremålet og som er retta mot/går føre seg i fylket.
Barn og ungdom har spesiell merksemd, og vi ønskjer å stimulere til at unge er aktive deltakarar i prosjektet. Vi ønskjer også å oppmuntre til prosjekt og tiltak som har eit fleirkulturelt perspektiv.
Tiltak som får tilskot skal formidlast gjennom prosjektet sine nettsider og nytte jubileet sitt visuelle uttrykk.
Det regionale ansvaret gjeld kulturoppgåver og kunst som har verdi for heile eller større delar av fylket. Prosjekt og tiltak må bli vurderte å ha regional verdi og/eller nedslagsfelt for å få støtte.
Omgrepet regional verdi
Alle tilrådde tiltak og prosjekt skal ha regional verdi – geografisk og / eller funksjon.
I tråd med kulturlova er det kommunane som skal leggje til rette for og sikre eit breitt lokalt kulturtilbod. Fylkeskommunen si rolle er å vere ein regional utviklar, og ha oversyn og sikre tilgjenge til meir spesialiserte eller regionale kulturtilbod. Dette ligg i botn for vurderingane også i denne tilskotsordninga.
Omgrepet regional viser her til to prinsipielle hovudkriterium:
- Geografisk kriterium (geografisk nedslagsfelt og verkeområde): Om tiltaket omfattar fleire kommunar og / eller om tiltaket vert gjennomført eller har deltaking frå meir enn to kommunar.
- Funksjonskriterium (regional funksjon i kraft av oppdrag, storleik, fagleg tyngd, kvalitet og særpreg).
Storleik og omfang treng ikkje vere avgjerande. Fagleg kvalitet og særleg grad av nytenking m.m. kan også ligge til grunn for at eit tiltak har regional verdi.
Krav til søknaden
Du må sende inn søknaden på elektronisk søknadsskjema.
For å få støtte må søknaden gjere tilstrekkeleg greie for
- føremål for og innhaldet i prosjektet eller tiltaket
- korleis prosjektet/tiltaket er knytt til jubileet for landslova til Magnus Lagabøte
- korleis prosjektet/tiltaket skal ha ein regional funksjon/verdi
- informasjon om korleis arbeidet er planlagt gjennomført
- budsjett
Det er forventa at søkjar budsjetterer med andre kjelder for finansiering/eigendel.
Korleis vurderer vi søknadane?
Tiltaket det blir søkt om må oppfylle desse to absolutte kriteria for å kunne verte tilrådd støtte:
- Tiltaket skal vere i samsvar med føremålet i søknadsordninga.
- Tiltaket skal ha regional kulturverdi
Søknaden blir elles vurdert ut i frå følgjande kriterium:
- Utvikling av det kulturhistoriske feltet og kulturlivet i fylket
- Samarbeid og nettverk
- I kva grad tiltaket eller prosjektet er utadretta, inkluderande og ope
- Kvalitativt nivå på prosjekt og søknad.
- Tidlegare vist gjennomføringsevne av kulturtiltak / prosjekt
- Støtte og forankring kommunalt og evt. nasjonalt
Ein søknad må ikkje oppfylle alle vurderingskriteria, men jo sterkare og jo fleire av desse som vert oppfylte, dess meir relevant vil søknaden vere for ordninga.
Det vert i den samla vurderinga teke omsyn til å fordele ut frå geografi og fagfelt/sjanger. Det blir ikkje gitt støtte til følgjande:
- Tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale institusjonar
- Tiltak/prosjekt som allereie er ein del av det allereie planlagde og finansierte hovudprogrammet.
Sakshandsaming og vedtak
Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune.
Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova (fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter fvl.
Avdeling for kultur og folkehelse førebur søknadane for handsaming, og vedtak er delegert til avdelingsdirektør kultur og folkehelse. Det vil bli oppretta ein tverrfagleg fagkomité som rådgir avdelingsdirektøren.
Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget.
Klage
Vedtak kan klagast på etter forvaltningslova § 28, som omhandlar klagerett for part eller anna person med rettsleg klageinteresse ved einskildvedtak. Søkjar kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar tok imot melding om vedtaket.
Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klagen vert sendt til Vestland fylkeskommune