Museumsløft

Musea i fylket kan no søkje fylkeskommunen om støtte til tiltak som skal styrke og vidareutvikle dei konsoliderte musea i samsvar med gjeldande satsingar i Kultur bygger samfunn. Regional plan for kultur 2023–2035 og tilhøyrande handlingsprogram 2023–2026.

Tilskotsordninga for museumsløft har som mål at dei konsoliderte musea i fylket skal 

  • utviklast som sterke kunnskapssenter og organisasjonar
  • vere profilerte samfunnsaktørar som utviklar samfunnet med kunnskap om fortid, samtid og framtid

Kva gir vi støtte til?

  • A. Tiltak som bidreg til styrking av fellesløysingar for musea i Vestland.
  • B. Vøling av kulturhistorisk bygg forvalta av musea i Vestland.
  • C. Tiltak som legg til rette for musea som arena og møteplass for samfunnsdebatt. Tiltak som kan gje merksemd og debatt kring natur- og klimakrisa skal prioriterast.
  • D. Tiltak for å avvikle eller reorganisere eigarstiftingar til museumsvenelag og samle drifts- og eigedomsansvar hos musea. Juridisk bistand og prosess- og utgreiingsarbeid skal prioriterast.
  • E. Tiltak som stimulerer museumsvenelaga eller andre frivillige organisasjonar til positiv, frivillig aktivitet knytt til dei konsoliderte musea. Prioriterte aktivitetar:
    • Samskaping mellom museumslag og musea
    • Musea som arena for deltaking, mangfald og inkludering
    • Vedlikehald og skjøtsel av kulturmiljø
    • Immateriell kulturarv, tradisjonshandverk og tradisjonsuttrykk

Kven kan søkje?

Dei ti konsoliderte museumseiningane i fylket:

  • Baroniet Rosendal
  • Bymuseet i Bergen
  • Hardanger og Voss museum
  • Kode - Kunstmuseer og komponisthjem
  • Musea i Sogn og Fjordane
  • Museumssenteret i Hordaland
  • Museum Vest
  • Kraftmuseet – Norsk Vasskraft- og industristadmuseum
  • Haugesenteret
  • Sunnhordland museum

Søknadsfrist

1. september

Dei ti konsoliderte musea kan sende fleire søknadar til tiltak A, i samarbeid med eit eller fleire av dei andre musea. Musea kan også sende inn ein søknad kvar i kategori B, C eller D. I tillegg kan musea sende ein søknad kvar på tiltak inntil kr 20 000 i kategori E.

Søknaden må innehalde prosjektomtale med god skildring av tiltaket og bakgrunn for søknaden. Det er viktig å leggje vekt på musea si rolle som samfunnsaktør og eit eller fleire av fokusområda solid kunnskapsproduksjon, relevant formidling, heilskapleg samlingsutvikling, trygg ivaretaking og aktiv samhandling.

De må leggje budsjett ved søknaden, og opplyse om når tiltaka skal gjennomførast.

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadsbehandling i Vestland fylkeskommune. Alle søknadar er offentlege.

Avdeling for kultur, idrett og inkludering førebur søknadene for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og integrering. Kvar søknad er eit einskildvedtak, og vi grunngjev innstillinga i saksframlegget. Vedtak som avvik frå innstillinga til fylkesrådmannen, skal også grunngjevast.

Moment ved vurdering av søknad

  • gjennomføringsevne og realisme i prosjektet
  • kvalitet på tiltaket
  • i kva grad ei tildeling vil løyse særlege utfordringar
  • Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan 3 månader etter at
    tiltaket er gjennomført, og seinast innan 1. desember året etter at tildelingsbrev er
    motteke.
  • Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrom som går fram av
    søknaden. Det må søkjast særskilt om utsett rapporteringsfrist. Eventuelle vesentlege
    endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og
    godkjenning. Dersom prosjektet vert avlyst, utsett eller vesentleg endra, kan heile
    eller deler av tilskotet krevjast betalt attende.
  • Det er mogleg å søkje om delutbetaling (inntil 50 prosent) av tilskotet ved oppstart eller
    undervegs i arbeidet.
  • Utbetaling av tilskot skjer i hovudsak gjennom elektronisk faktura i EHF-format. De
    har sjølve ansvar for å kontrollere at utbetalt beløp er korrekt. Eventuelt for mykje
    utbetalt tilskot skal betalast attende snarast.
  • Rapporten skal gje ei kort skildring av
    • når og korleis tiltaket vart gjennomført
    • om vilkår/føresetnader for tiltaket er gjennomført. Eventuelle avvik frå
      vilkåra skal grunngjevast. Eventuelle avvik frå søknadsgrunnlag
      (planar/budsjett) skal grunngjevast
    • i kva grad målsettinga med tiltaket er oppnådd
  • Dersom rapport/rekneskap i samsvar med krava ikkje vert levert innan fristen vil det
    vere eit brot på vilkåra for tildelinga.
  • Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setja i verk kontroll med at
    midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett
    til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll.
  • Dei som får tilskot til publikasjonar skal levere minimum 1 eksemplar av denne til
    Vestland fylkeskommune når denne er ferdigstilt.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan tre – 3 – veker frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket.

Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak klaga gjeld, kvifor ein klagar, og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klaga skal sendast til Vestland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen eller til post@vlfk.no merka ”Museumsløft, klage».

Vi gjer merksam på at søkjarar etter forvaltingslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av § 18 og 19.