Museum i Vestland

Vestland er eit stort museumsfylke med ti konsoliderte museum. Gjennom ein aktiv museumspolitikk arbeider Vestland fylkeskommune for å gi gode rammevilkår for musea og deira arbeid med historia og kulturarven.

Regional museumspolitikk

Eit hovudmål i den regionale museumspolitikken er at musea skal utviklast som sterke kunnskapsenter og organisasjonar. Dei skal vere profilerte samfunnsaktørar, som utviklar samfunnet med kunnskap om fortid, samtid og framtid.

Ifølgje den internasjonale museumsorganisasjonen ICOMS er eit museum definert slik:

Eit museum er ein permanent institusjon, ikkje basert på profitt, som skal tene samfunnet og utvikle samfunnet og vere ope for publikum, som samlar inn, bevarer/ konserverer, formidlar og  stiller ut materiell og immateriell vitnesbyrd om menneska og deira omgjevnad  med studie-, utdannings- og underhaldningsiktemål.

Dei konsoliderte musea

Vestland har ti konsoliderte museum:

Dei konsoliderte musea i Vestland får offentlege driftsmidlar via fylke, stat og kommunar.

Den statlege tilskotsordninga til drift av musea er basert på krav om rapportering innafor spesifikke tema som fornying, forvalting, formidling og forsking.

Fylkeskommunen gir rettleiing til dei konsoliderte musea knytt til søknadar, søknadsfristar, oppfølging av museumssatsingar og anna rådgjeving.

Desse musea har eit særleg regionalt ansvar:

  • Bymuseet i Bergen
  • Sunnhordland museum
  • Museum Vest
  • Hardanger og Voss museum
  • Museumssenteret i Hordaland
  • Nordfjord Folkemuseum
  • Sunnfjord Museum
  • DHS- Sogn Folkemuseum
  • Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Det inneber at dei kan bidra med rådgjeving innan musealfaglege spørsmål til mellom anna private og kommunale samlingar. 

Fleire av dei konsoliderte musea har eit særskilt tematisk ansvar, som inneber at dei tek eit særleg ansvar for temaet sitt.

Dei tematiske ansvarsmusea i Vestland er

  • Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
  • Baroniet Rosendal
  • KODE - Kunstmuseene i Bergen
  • Kunstmuseet i Sogn og Fjordane
  • Kvernsteinsparken i Hyllestad
  • Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand

Bygningsvernkonsulentane ved dei regionale ansvarsmusea er ei viktig satsing for fylkeskommunen i samarbeidet med frivillige og kommunar. Hovudmålet er å sikre større lokal tilknyting og nærleik til saker i lokalsamfunna gjennom rådgjeving i kulturminnevern og museumsfaglege spørsmål.

Konsulentane yter fagleg hjelp i sine respektive regionar både innafor musea, til fylkeskommunen, kommunane, eigarar av kulturminne, ålmenta, skular, frivillig sektor og næringsdrivande.

Museumssenteret i Hordaland driv fellestenester innan bevaring og konservering av gjenstandar for dei konsoliderte musea i Hordaland. Samlingane til musea skal sikrast og bevarast best mogleg og gjerast tilgjengeleg for publikum. Bevaringstenestene utfører også konserveringstenester for private og offentlege institusjonar på oppdrag.

I tidlegare Sogn og Fjordane er det sett i gang arbeid med ombygging av eit bygg til fellesmagasin for Musea i Sogn og Fjordane. Prosjektet er fullfinansiert og detaljerte planar er under utarbeiding. Fellesmagasinet skal også innehalde ein publikumsdel med visningsmagasin.