Har du funne gjenstandar som kan vera freda?
Du må ta kontakt med fylkeskommunen dersom du tilfeldig eller i samband med jordarbeid finn gjenstandar som kan vera førhistoriske.
Vi vil då gjerne kome på synfaring på funnstaden, og dette kostar ikkje noko for deg. Vi vil så langt det er råd samle inn mest mogleg informasjon om både funn og funnstad, slik at dette kjem inn i katalogane til museet.
Kva funn kan vere freda?
Ein del funn er automatisk freda og dermed staten sin eigedom:
- gjenstandar frå før år 1537
- myntar frå før 1650
- samiske gjenstandar eldre enn 100 år
- gjenstandar knytt til båtar funne i sjøen, som er eldre enn 100 år
Lause gjenstandar kan ha stor kulturhistorisk verdi. Dei har ulik tilstand og trong til konservering for å kunne bli tatt vare på. Kulturminnelova gjev fylkeskommunane, musea og Riksantikvaren ulike ansvarsområde i dette arbeidet.
Fylkeskommunane skal ta imot og registrere funn og dokumentere funnstad, musea skal konservere, lagre gjenstanden og eventuelt gjere han tilgjengeleg for utstilling og formidling. Riksantikvaren skal fastsetje eventuell finnarløn.