Andre tilskotsordningar for kulturminnevern

I tillegg til tilskotsordningane til Vestland fylkeskommune er det mange offentlege og private aktørar som gir støtte til kulturminnevern.

Her får du ei ikkje-uttømmande liste over andre tilskotsordningar innan kulturminnevern. Det er også fleire stiftingar som gir støtte til ulike allmennyttige tiltak, mellom anna kulturvern.

Kulturminnefondet

Tilskotsordningane er eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne. Også frivillige lag og organisasjonar, anten dei eig eit kulturminne sjølv eller forvaltar eit på vegner av andre, kan søke. Kulturminnefondet behandlar søknader løpande. Det betyr at du når som helst kan sende inn din søknad om støtte til tiltak på ditt kulturminne. Påbegynte og sluttførte prosjekt støttast normalt ikkje av Kulturminnefondet, men fondet gir også støtte til kurs og seminar innan tradisjonshandverk.

Gå til nettsida til Kulturminnefondet.

Stiftelsen UNI

Stiftelsen UNI er ei allmennyttig stifting som skal støtte tiltak som verne menneske og fortidsminne. Det ideelle formålet til stiftinga er å fremje allmennyttig verksemd innan skade- og miljøvern, for å bidra til ei trygg utvikling i det norske samfunnet. Stiftelsen sitt bidrag skal i første rekke vere økonomisk støtte til prosjekt og påskjønning til institusjonar og enkeltpersonar.

Gå til nettsida til Stiftelsen UNI.

Norsk kulturarv

«Ta et tak» er ein aksjon som retter seg mot våningshus og driftsbygningar. Dette kan vere verneverdig busetnad i byer og tettstader eller bustadhus i tilknyting til landbruk, fiske, reindrift eller jakt. Ordninga har årleg søknadsfrist.

Gå til nettsida til Norsk kulturarv.

Fortidsminneforeningen

Foreininga har som formål å arbeide for bevaring av verneverdige kulturminne, i tillegg til å skape allmenn forståing for verdien av desse. Hovudoppgåvene er å forvalte våre historiske eigendommar, arbeide for å styrke tradisjonshandverket og bygningsvernet, engasjement i lokale vernesaker og påverke kulturminnepolitikken i Noreg.

Gå til nettsida til Fortidsminneforeningen.

Kulturrådet

Kulturrådet har støtteordningar for ulike typar prosjekt innanfor kunst og kultur, blant anna prosjektstøtte til kulturvern og støtteordning til faglitteratur

Formålet med støtteordninga for faglitteratur kulturvern er å stimulerer til utgjeving av fleire historie- og kulturvernfagleg forankra publikasjonar av høg kvalitet og av nasjonal interesse.

Gå til nettsida til Kulturrådet.

Forbundet KYSTEN

Saman med Sparebankstiftelsen DNB vil Forbundet KYSTEN sette i stand naust og sjøhus i heile landet. Bygningane skal fyllast med nytt liv og gi barn og unge opplevingar med kystkultur og friluftsliv.

Gå til nettsida til Forbundet KYSTEN.

Norsk forening for farøyvern

På nettsida til Norsk forening for fartøyvern kan du finne aktuelle tilskotsordningar for fartøy.

Gå til nettsida til Norsk forening for fartøyvern.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket – SMIL

SMIL er eit tilskot til tiltak som fremjar natur- og kulturverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og reduserer forureininga frå jordbruket. Eig eller leiger du ein landbrukseigedom der du driv jordbruksproduksjon som kvalifiserer til tilskot, kan du søke. Det er den einskilde kommune som avgjer kva SMIL-midlane kan nyttast til.

Les meir på nettsida til Landbruksdirektoratet.

Regionalt miljøprogram – RMP

Statforvaltaren i Vestland forvaltar regionale miljøtilskot i jordbruket. Det er eit tilskot til miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Tilskot skal stimulere bønder til å gjere tiltak for å begrense forureining og fremje kulturlandskapsverdiar.

Les meir på nettsida til Landsbruksdirektoratet.