Kunstverket Lysbryter på bybanestoppet Kristianborg i Bergen. Det er "opphopingar» av kubar, der flatene er lakkerte i ulike, klare fargar.
(Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Lysbryter

Kunsten på Kristianborg er sett saman av ei rekke spektakulære «opphopingar» av kubar, der flatene er lakkerte i ulike, klare fargar.

Tittel
Lysbryter
Kunstnar
Jan Freuchen
Stad
Kristianborg
Materiale
Pulverlakkert aluminium
Årstal
2022

Alle skulpturane har kubar på 80 x 80 x 80 cm som grunnform og dannar oppløyste, men likevel formmessig samanhengande grupper. Inntrykket av formene og fargane vil endre seg når du går gjennom området, nesten som å vere i eit holistisk postkort.

Skulpturane er monterte i grunne nisjar i tak, vegg og på bakken langs gang- og sykkelvegen som går parallelt med bybanesporet under E39.

Vestland fylkeskommune eig kunstverket.